Ein finn også restar av plantevernmiddel i dyrefôr som ein nyttar i landbruket. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Kan plantevernmiddel hamne i laksen?

Mange av ingrediensane i fiskefôr er importerte frå land som har andre reglar for bruk av plantevernmiddel. Kan desse stoffa finne vegen til middagsfatet? 

Tall fra studien

  • 55 prosent av fôringrediensane i kommersielt laksefôr kjem frå planteolje og mjøl.
  • NIFES har analysert prøver frå 19 norske og engelske kommersielle fôr for atlantisk laks, samt 13 kommersielle fôringrediensar.
  • Ein fann mellom anna:
    • pirimifosmetyl i 14 av fôrprøvene
    • tebuconazole i 6 av fôrprøvene

Over halvparten av ingrediensane i fiskefôr kjem i dag frå mjøl og planteoljar, og med det fyl også restar etter plantevernmiddel. Med rundt 1000 registrerte plantevernmiddel i verda må ein finne ut om nokre av desse kan ende opp i fôret til oppdrettslaksen, og til slutt i fileten på middagstallerkenen.

Plantefôringrediensar blir henta frå heile verda, og det høge talet på ulike middel gjer at det har vore vanskeleg å vite kva ein skal leite etter. Det har vore reine detektivarbeidet å identifisere eventuelle plantevernmiddel som finn vegen til det ferdige norske fôret.

Kan ende opp i fôret

I det kommersielle laksefôret brukar ein no planteprodukt som til dømes rapsolje, korngluten, soyaprotein, og kveitemjøl, og mange av desse ingrediensane er importerte frå andre land.

I det norske jordbruket er det strenge restriksjonar på kva ein kan bruke av sprøytemiddel for å hindre sopp, insekt og sjukdomar på plantene, og Noreg følgjer EU sitt regelverk på dette området.

Land utanfor EU har gjerne andre restriksjonar. Og sidan mange av fôringrediensane er importerte kan ein altså både finne restar av kjende plantevernmiddel frå norsk og europeisk jordbruk. Ein kan også finne restar av middel som ikkje er i bruk i Noreg.

Vanleg å finne plantevernmiddel

Mattilsynet har overvakt nivåa av restar av plantevernmiddel i mat sidan 1977, og det har særleg vore i frukt, bær, urter og grønsaker at ein har funne slike restar.

Ein finn også restar av plantevernmiddel i dyrefôr som ein nyttar i landbruket, og Mattilsynet held tilsyn med nivåa av plantevernmiddel i kjøt, mjølk, egg og andre animalske matvarer. 

Problemstillinga om plantevernmiddel i lakseoppdrett er på si side relativt ny, sidan det først er dei siste 10–15 åra at ein har tatt i bruk større delar planteingrediensar i kommersielt fiskefôr i Noreg.  

Også plantevernmiddel i laksefôr

Med nye analyseverktøy har forskarar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) klart å screene for omtrent 150 viktige plantevernmiddel.

Forskarane fann restar av fem til sju ulike plantevernmiddel som går igjen i kommersielt fiskefôr. Dei fann mellom anna restar etter sprøytemiddela primifosmetyl, tebuconazole og klorpyrifosmetyl. Alle stoffa som ein fann, er lovlege å bruke i Noreg og der er sett grenseverdiar for restkonsentrasjonar i maten.

Nivåa av restar etter plantevernmiddel i fôret er generelt låge, men det er likevel grunn til å vere på vakt. Plantevernmidla er laga for å ta knekken på mellom anna insekt, skadedyr og sopp, og ein lurer på kva biologiske effektar desse kan ha på fisken, og om reststoff kjem i laksefileten.

Påverkar fisken si helse

Gjennom andre forsøk har ein klart å vise at restane etter plantevernmiddel har følgjer for fisken si helse. Både ved forsøk på cellekulturar og på levande fisk ser ein at dei aktuelle plantevernmiddela påverkar den vanlege omdanninga av feittsyrer.

– Vi ønskjer jo ikkje å forstyrre den naturlege feittprofilen til fisken, for fisken kan ta skade av det. Spørsmålet blir kor mykje av desse uønska stoffa fisken toler, og vi må også ta høgde for ein viss cocktaileffekt, altså korleis dei ulike stoffa påverkar kvarandre. Det seier Marc Berntssen, seniorforskar ved NIFES.

– No har vi klart å finne kva plantevernmiddel som er til stades i laksefôr, og vi har vist at desse kan ha ein negativ effekt på fisken si helse, men vi har enno ikkje funne ut kor låge nivåa må vere for at fisken ikkje skal ta skade, seier han.

Treng meir kunnskap

Trass i at ein har funne restar av plantevernmiddel i fôret, så har ikkje forskarane funne plantevernmiddel i laksefileten.

– Det er ikkje så overraskande at vi ikkje finn plantevernmiddel i fileten, for desse plantevernmidla er lette å bryte ned, forklarer Bertnssen.

– Plantevernmidla blir altså ikkje direkte overførte frå fôret til fileten, men vi kan ikkje sjå vekk frå at vi kan kome til å finne omdanna restar etter plantevernmiddel, såkalla nedbrytingsprodukt, om vi leitar vidare. Det er difor svært viktig at vi held fram arbeidet med å identifisere plantevernmiddel og nedbrytingsprodukt og følgjene av at desse hamnar i fôret, seier Berntssen.

Referansar:

*Folkehelseinstituttet

**Matportalen

Powered by Labrador CMS