Annonse
Det er i dag ikkje lov å kvotere menn inn på utdanningar der dyr står i fokus. Men dersom det gjeld barn, kan det vere høve til å gi ekstrapoeng til menn. (Foto: Svein Grønvold, NN, Samfoto)

NMBU bryt lova med mannskvotering

Det er ulovleg å gi menn særlege fordelar når dei søker seg til kvinnedominerte studier. Men NMBU har gitt slike fordelar i over ti år, med godkjenning frå Kunnskapsdepartementet.

Publisert

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Universiteta i Oslo og Bergen har tidlegare søkt om å få kvotere inn menn på psykologstudiet, der meir enn 70 prosent av nye studentar dei siste åra har vore kvinner. Men Kunnskapsdepartementet har sagt nei. Likestillingslova hadde som hovudmål å betre kvinners stilling då ho kom i 1978, og tillet berre positiv særbehandling av menn i nokre få tilfelle.

Menn kan ikkje få særbehandling

Men NMBU har sidan 2004 gitt to ekstrapoeng til menn ved ved samordna opptak, dersom dei søker på utdanning som veterinær eller dyrepleiar. Difor sendte stortingsrepresentant Marianne Aasen eit skriftleg spørsmål til barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

I svaret frå Horne går det fram at likestillingslova berre opnar for positiv særbehandling av menn i særlege tilfelle, og ei eiga forskriftopnar for moderat kvotering av menn til utdanningar som er retta mot utdanning av eller omsorg for barn.

Målet ikkje endra

Men dermed er det utelukka å kvotere menn til alle andre utdanningar. At pasientar treng psykologar av begge kjønn er altså ikkje eit tungt nok argument for å særbehandle.

Jussprofessor Gudrun Holgersen ved UiB er ekspert på likestillingslova, som har blitt revidert sia ho kom i 1978. Men ingen av revisjonane har endra det overordna målet med lova.

– I 1978 blei det stilt krav om ei lov som skulle forby å diskriminere kvinner. Ein valde ei kjønnsnøytral lov, men med ei klar tilføying at målet var å betre stillinga for kvinner. Og det er nok eit riktig standpunkt at dette vil vere vanskeleg å tillate med dei reglane vi har i dag, seier Holgersen til På Høyden.

– Treng andre verktøy i dag

Marianne Aasen er skuffa over at det ikkje går an å få til ei løysing på rekrutteringsproblema på profesjonsstudiet i psykologi, og andre studium der kvinner er i stor overvekt.

– Vi er tilhengarar av at ein skal kunne ta i bruk kjønnspoeng når det er stor overvekt av det andre kjønnet. Psykologi er eit særleg godt eksempel på ein profesjon der vi treng begge kjønn, seier Aasen.

Ho ser at lova er prega av tida ho blei lagd på.

– På det tidspunktet var det viktig at kvinner skulle få like mulegheiter som menn. Eg vil tippe at dei fleste faga hadde overvekt av menn på det tidspunktet. No trengst det andre verktøy på likestillingsfeltet, og dette er eit eksempel på det. Når vi ønsker fleire menn inn i yrker, så kan ikkje kjønnet vere avgjerande, meiner Aasen.

– Fleirtal vil opne

Ho ser difor fram til ei lovendring på området. Solveig Horne har lova å legge fram ei slik i løpet av året.

– Eg trur fleirtalet i dag ønsker å opne for kjønnspoeng på ein del utdanningar, og det må komme til uttrykk i lov. Eg er svært trygg på at stortingsfleirtalet er med på det. Det handlar berre om at departementet må gjere det klart.

Kvinner interesserte i smådyr

Men kva med NMBU, som gir menn to ekstra poeng om dei vil bli dyrepleiar eller veterinær?

– Bakgrunnen var at det blei mangel på veterinærar som ville jobbe med husdyr. Kvinnene ville ofte jobbe med smådyr, fortel Marianne Aasen.

– Dette blei innført etter søknad til Kunnskapsdepartementet, i tråd med opptaksforskrifta. Bakgrunnen var at menn var klart underrepresentert blant studentane på studia, fortel studiedirektør Ole-Jørgen Torp til På Høyden.

Kvinnelege søkarar kan gå til sak

Dermed har både Kunnskapsdepartementet og NMBU truleg tolka lova feil då dei tillét mannspoenga.  Men no har Solveig Horne varsla Torbjørn Røe Isaksen om feilen:

«Jeg har vært i kontakt med kunnskapsministeren og vår felles vurdering er at praksisen med tilleggspoeng til menn ved opptak til veterinærstudiet og dyrepleierutdanningen ikke er i samsvar med forskrift om særbehandling av menn. Jeg er informert om at kunnskapsministeren vil sei sma nærmere på dette.»

Det opnar for at kvinner som ikkje har fått plass på veterinær- og dyrepleiarutdanningane, men har like mange poeng som menn som er komne inn, kan kreve vedtaka omgjorde. 

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS