Olje og gass er den største næringa i fleire land i Midtausten, men eit skifte til andre energikjelder er på gang også her. (Foto: Colourbox)

Kan eit grønare Midtausten bli friare?

Det oljesvarte Midtausten har begynt å tenke grønt. Det kan på sikt gjere regionen sine autoritære regime meir demokratiske, ifølgje forskar Brynjar Lia.

Lenge har enorme oljeinntekter gjort det mogleg for ein del statar i Midtausten å gje innbyggjarane sterkt subsidierte varer og tenester.

Saudi-Arabia gjev eldre og sjuke eit generøst velferdstilbod, i Kuwait er utdanning og helsetenester gratis heile livet. Og Iran, Irak, Saudia-Arabia og Algerie bruker mellom fem og elleve prosent av bruttonasjonalproduktet på å subsidiere innbyggjarane si bruk av fossilt brennstoff.

Men synkande oljeinntekter kan tvinge statane til å knipe inn på tenestene. Dette kan igjen påverke makta regima har over innbyggjarane.

– Fleire av dei autoritære regima i Midtausten lever av eksportinntektene frå statskontrollert petroleumsproduksjon. Ein stat med enorme ressursar kan få eit stort overtak på folket.

– Det er mogleg at ein overgang til fornybar energi kan bane vegen for meir demokratiske regime, seier professor Brynjar Lia ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk på Universitetet i Oslo.

Saman med kollega Jon Nordenson har han starta eit forskningsprosjekt om klimaendring og energiomlegging i Midtausten.

Brynjar Lia og Jon Nordenson forskar på korleis land i Midtausten taklar klimaskifte og overgang frå fossil til fornybar energi. (Foto: Alf Øksdal)

Eit grønt skifte

Det er eit grønt skifte på gang i Midtausten, men kva som vil skje og kor fort det vil skje er opne spørsmål.

I fjor skreiv Brynjar Lia et innlegg om et Midtøsten på solenergi og strøm på The New Middle East Blog. Der påpeikar han at temaet har fått lite merksemd blant forskarar, trass den utbreidde oppfatninga av at store eksportinntekter frå oljeproduksjon heng tett saman med autoritære styresett.

I 2012 overraska verdas største oljenasjon, Saudi Arabia mange da dei annonserte ein 109 milliardar dollarplan for fornybar energi, med mål om at sol skulle forsyne landet med ein tredjedel av elektrisiteten i 2032.

Prosjektet har blitt forseinka, men fleire andre land i regionen, spesielt Dei sameinte arabiske emirata, Marokko, Jordan og Egypt, dyttar på for å bli mindre avhengige av fossilt brennstoff. Nyleg annonserte også Algerie ei fornybarsatsing på 120 milliardar dollar.

Det er skilnader på landa: Nokre er rike oljenasjonar, som må førebu seg på lågare inntekter frå oljen i tida framover. Andre er nettoimportørar av energi og har mykje å tene på å bli meir sjølvforsynte. Fornybarsatsinga skjer i begge leirar.

Ser sola i horisonten

Førebels er det Marokko og Jordan som har kome lengst. Begge landa er i dag nettoimportørar av energi, men det kan det bli ei endring på. 

Marokko importerer over 90 prosent av energien, men det enorme Noor Ouarzazate solenergi-prosjektet som er venta fullført i 2019 skal dekke ein stor del av landets elektrisitetsbehov.

Ein gigantisk park for solenergi er under konstruksjon på eit platå mellom Altasfjella og ørkenen sør i Marokko. Foto: Google Earth)

Jordan har som mål at ti prosent av energiforbruket skal vere frå fornybare kjelder i 2020. Seks prosent skal kome frå kjernekraft. Landet importerer i dag gass frå Israel, noko som er politisk vanskeleg. 

– Ved å byggje eigne kraftverk får dei sjølve meir kontroll på energisituasjonen. I tillegg har prisen på solpanel gått raskt nedover. Hos land som importerer gass i dag, er det truleg meir lønsamt å bruke eigenprodusert solenergi, seier Lia og legg til at det framleis er teknisk utfordrande å lagre og eksportere solenergi.

Også Egypt satsar på sol. Her opna regjeringa sitt første solkraftverk i Kuraymat, sør for Kairo, i 2011, og eit stort tal kontraktar innan sol- og vindkraftproduksjon har blitt signerte siste åra. Målet er at 20 prosent av Egypts elektrisitet skal vere frå fornybar kraft i 2022.

Elbilane kjem

Ei anna merkbar utvikling innan feltet er el- og hybridbilar. I 2014 vart det selt over 300 000 slike bilar globalt og sjølv om andre verdsdelar ligg føre Midtausten, skjer det ting også der.

– Dei sameinte arabiske emirata og Jordan subsidierer elbilar, og den tyrkiske regjeringa har gjort det klart at dei ikkje aktar å hengje etter i produksjonen av elbilteknologi, seier Lia.

«Tyrkia gjekk glipp av den klassiske forbrenningsmotorteknologien (…) men elektriske bilar gjev oss ei ny moglegheit,» uttalte forskings- og teknologiminister Fikri Işık i 2011. Tyrkia hadde eit misykka forsøk på å produsere eigne bilar i 1961, og ønskjer no å satse på nytt.

Denne gongen skal det bli ein elbil, ifølgje ministeren.

Merkar sjølv klimaendringane

Midtausten kan vente å bli hardt råka av stigande temperaturar. Allereie har regionen merka konsekvensar av flaum og tørke. Syria opplevde fleire år med tørke før opprøret braut ut, og resultatet var at mange flytta til byane. Dette skapte press på arbeidsmarknaden og sosiale tenester, og langt fleire enn før vart fattige og misnøgde.

Tunisia og Egypt opplevde på si side svært høge matvareprisar, særleg i 2010, på grunn av tørke i Kina og flaum i Russland, to store matvareeksportørar. Ifølgje Lia og Nordenson var dette med å byggje opp under den eksisterande misnøya med regima i Tunisia og Egypt, men det var ikkje ein utløysande faktor for opprøra. 

Regionen kan vente seg fleire dagar med ekstremt høge temperaturar i tida framover. Om 50 til 100 år vil truleg delar av Midtausten der det i dag bur folk, vere flytta frå.

– Regionen merkar klimaendringane. Dei kan ikkje sitje på gjerdet når det er press utanfrå og resten av verda gjer noko, seier Lia.

Ikkje berre omsyn til miljøet

Hovudmotivasjonen bak dei endringane som er på gang, er likevel ikkje omsynet til miljøet. For dei fleste oljestatane, spesielt Saudi Arabia, er skiftet motivert av rask vekst i nasjonalt energikonsum og høge og lite berekraftige subsidiar på fossilt brennstoff.

Det aukande energibehovet må bli møtt av andre energikjelder, viss ikkje vil landet miste posisjonen som ein dominerande oljeeksportør.

For energiimporterande land handlar motivasjonen til dels om energitryggleik. I enkelte tilfelle ser ein også ei fornybarsatsing på lokalt nivå, fordi straumforsyninga kuttast på grunn av krig.

Og på Gaza har  ei rekke entreprenørar laga sine eigne elbilar med solcellepanel på taket. Bensin er dyrt, det er vanskeleg å få tak i bildelar, og slikt fostrar lokal oppfinnarevne.

Store spørsmål, få studiar

I det nye prosjektet skal forskarane studere ulike sider ved det grøne skiftet i Midtausten. Mellom anna vil dei undersøkje kor vidt eit grønt skifte har støtte blant vanlege innbyggjarar.

– Korleis snakkar folk om dette? Kva slags ord og uttrykk brukar dei? Er det aktivistgrupper som frontar satsinga eller er det styresmaktene? Her veit vi at det er skilnader mellom landa. I Dei sameinte arabiske emirata bruker styresmaktene til dømes dette for å vise seg fram, med bygginga av den klimanøytrale byen Masdar, seier Jon Nordenson. 

– Men der har du ikkje heilt det same engasjementet i folket.

Eit grønt skifte i Midtausten kan bety mykje for resten av verda, påpeikar han.

– Landa i Midtausten sit på mesteparten av verdas olje- og gassressursar, og det som skjer der kan ha ein potensielt enorm effekt på andre land. Samtidig virkar det også motsett veg: Endringar i den internasjonale energimarknaden kan bety mykje for landa i Midtausten. Kanskje vil ein på sikt ikkje finne nok kjøparar av olje og gass.

Forskarane meiner at prosjektet vil løfte fram eit viktig, men til no lite studert tema i forskinga.

– Det som skjer på miljøsida i Midtausten er veldig viktig, men det har falle i skuggen av den folkemordaktige krigen i Syria. Energipolitikken ville fått mykje større merksemd om det ikkje var for at regionen no er råka av borgarkrig, terror og enorme humanitære tragediar, seier Brynjar Lia.

Les meir:

på Universitetet i Oslo: prosjektet Climate Change and Energy Transition in the Middle East - Discourse, practice, and state-society relations

Powered by Labrador CMS