Skalaen viser kor mykje kortare vengjene til ei Leuctra hippopus frå Isterfoss (t.h.) er, samanlikna med vengjene hjå ein artsfrende frå Alta. Kroppen utan vengjer er om lag fem mm lang. (Foto: Karsten Sund, NHM)

Synleg evolusjon hjå steinflue i Østerdalen

Steinfluer frå Isterfossen i Østerdalen er meir tettbygde, har kortare vengjer og startar våren tidlegare enn artsfrendane sine.

I Engerdal kommune i Østerdalen renn Isterfossen mellom innsjøane Isteren og Galthåen. I dette korte og isolerte stykket rennande vatn lever ein populasjon steinfluer av arten Leuctra hippopus som skil seg frå andre forekomstar av arten.

– Kroppen er meir tettbygd, vengjene er kortare, og dei flyr ikkje. Dei startar òg våren ein månad tidlegare, fortel Louis Boumans, som i januar disputerer for doktorgraden ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Vaksne L. hippopus lever på dei store steinane som ligger nærmast hovudstraumen. (Foto: Louis Boumans, NHM)

– Vi kan finna desse eigenskapane hjå enkeltindivid av arten andre stader òg. Det spesielle ved steinfluene frå Isterfossen er at alle individa deler dei same eigenskapane.

Larvar i ferskvatn

Boumans forklarar at sidan det er dokumentert at dei nærmaste slektningane er andre L.hippopus i Sør-Skandinavia, må forskjellane ha utvikla seg etter siste istid.

– Steinfluer lever storparten av livet sitt som larvar i ferskvatn, med eit relativt kort stadium som vaksne på land.

– Min hypotese er at då arten koloniserte Isterfossen etter istida, var tilhøva her likare dei vanlege levestadene til steinflua. Etter kvart som dei lokale tilhøva endra seg, tilpassa den isolerte populasjonen seg, heilt etter oppskrifta i evolusjonsteorien.

Voldsom auke i vassføring

Boumans forklarar at flua i Isterfossen lever på lavkledde steinar , utsette for ver og vind. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at individ med større overflate på kropp og vengjer lettare vert tekna av vind og vatn etter kvart som levestadene vart meir utsette. Populasjonar andre stader lever derimot i tre og buskar og kan lettare flytta på seg.

Louis Boumans. (Foto: Karsten Sund, NHM) (Foto: Karsten Sund, NHM)

– Vidare viser data frå Noregs vassdrags- og energidirektorat  (NVE) at vassføringa aukar voldsomt i midten av mai. Flaumen trugar populasjonen på steinane i Isterfossen. Dette har ført til at dei vaksne steinfluene i Isterfossen vert klekka og parar seg i april, om lag ein månad tidlegare enn i områda rundt.

Forskjellen i paringstider er dermed òg til hinder for at Isterfoss-populasjonen utvekslar genar med andre populasjoner.

Tilpassa tilhøva

Boumans fortel at den norske entomologen Albert Lillehammer alt på 1970-talet observerte dei spesielle steinfluene i Isterfossen. Men han hadde ikkje den tilgangen på dagens molekylære metodar som har sett Boumans i stand til å trekkja sine konklusjonar.

Det såkalla biologiske artsbegrepet seier at to individ som kan få levedyktig og fruktbart avkom saman, tilhøyrer same art. Boumans peikar på at hybrid-individ ofte er mindre levedyktige.

L.hippopus frå Isterfossen er tilpassa tilhøva der, medan ei L.hippopus frå andre stader ikkje er det. Saman ville dei antakeleg kunna få eit avkom som var fruktbart, men ikkje tilpassa tilhøva verken den eine eller andre staden, og som dermed ville gå til grunne uansett.

Ein stadig pågåande prosess

Han planlegg likevel ikkje å beskriva steinfluene frå Isterfossen som ein ny art.

– Snarare er dei ein god demonstrasjon på korleis evolusjonen er ein stadig pågåande prosess. Ikkje alltid like uttalt eller raskt som i Isterfossen, men liknande utviklingar skjer rundt oss heile tida. Det skjer uavhengig av dei båsane vi menneske lagar oss for å få oversikt.

Han ser likevel ikkje bort frå at det under gitte tilhøve kunne vore hensiktsmessig å definera Isterfoss-populasjonen som ein eigen art.

–  Det finst til dømes ingen L.hippopus i området rundt brua over Isterfossen. Dersom det skulle bli aktuelt med meir utbygging, slik at det trengst ein verneplan for steinfluene, kunne det gjera forvaltingsarbeidet enklare om dei vart definert som ein eigen art.

Artikkelen om steinfluene i Isterfossen er ein av fem som inngår i doktoravhandlinga til Boumans.

Powered by Labrador CMS