Lykka er å bli spytta på

Forfattaren Jean Genet (1910-1986) ser på utstøytte mordarar, prostituerte og transvestittar som heltar. - Men han vil også vise at avviket er noko som ligg i alle menneske, seier Geir Uvsløkk, fersk doktor i fransk litteratur.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Jean Genet var sjølv fengsla fleire gonger."

Han skildrar lykka ved å bli spytta på av ein medfange og gledesrusen ved bedrageriet og sviket.

I bøkene sine hyllar Jean Genet transvestittane, dei mannlege prostituerte, tiggarane og forbrytarane i Frankrike og Spania i 1920-30-åra.

Sjølvsensur

- Den første boka, Notre-Dame des Fleurs, var ei usømeleg bok som sirkulerte “sous le mantaux”, under frakken.

- Genet var ein av dei første som skreiv svært ope og direkte om homoseksualitet, og språket hans var så rått og grovt at han i den neste utgåva sensurerte seg sjølv, seier Geir Uvsløkk.

28.mars forsvarar Uvsløkk doktoravhandlinga si ved Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk, Universitetet i Oslo.

Fråstøytande men stolt

I avhandlinga L’écriture des perversions har Uvsløkk problematisert “Det vonde” og dei fortrengte sidene ved den maskuline identiteten i tre av dei første prosaverka til Jean Genet: Notre-Dame des Fleurs, Miracle de la rose og Journal du voleur.

Då bøkene kom ut i tidsrommet 1942-49, vekte dei sterk avsky i ein del krinsar, og bøkene vart sett på som pornografi.

- Den franske filosofen Georges Bataille meiner Genet ser på seg sjølv som fråstøytande. Men han er samtidig stolt. Genet beundrar transvestittane fordi dei lever ut seg sjølve, og fordi dei er stolte over å bere skam.

- Han vil provosere, men prøver også å seie noko generelt om det å vere menneske, og om det å vere mann.

- Men kva ligg det i omgrepet perversjonar?

- Ei tidlegare tolking av ordet pervers var at det vonde blir framstilt som noko godt. Men legevitskapen på 1800-talet la eit anna innhald i omgrepet, som i dag særleg er brukt om seksuelle avvik.

Avvik i alle menneske

Genet meinte det borgarlege samfunnet var hyklarsk og bedragersk.

- Han bruker ein pervers strategi for å snu dei borgarlege motsetningane på hovudet. Men les ein bøkene nærare, ser ein at han problematiserer motsetningane mellom det gode og det vonde, det normale og det anormale.

- I bøkene skildrar han mange menn som ikkje er homoseksuelle, men som likevel vert tiltrekte av andre menn. Det er eit hovudpoeng i avhandlinga mi å vise at Genet meiner avviket er noko som ligg i alle menneske.

- Når ein fornektar avviket, fornektar ein også den avvikande delen av seg sjølv. I dag vil kjønnsforskarane gje Genet rett i at vi alle har både maskuline og feminine trekk, seier Uvsløkk.

"- Når ein fornektar avviket, fornektar ein også den avvikande delen av seg sjølv, seier Geir Uvsløkk."

Skreiv bøker i fengsel

Forfattaren Jean Genet var foreldrelaus, og voks opp hjå fosterforeldre. Berre 13 år gammal vart han aleine i verda.

Då begynte han med småkriminalitet, levde som omstreifar rundt i Europa og som prostituert i Barcelona. Han verva seg i det militære, men deserterte.

- Genet sat mange år i ungdomsfengsel, og vart seinare fengsla for tjuveri, omstreiferi, for å bære våpen og for å stele bøker. Dei to første prosabøkene skreiv han i fengsel.

Han vart raskt godteken som forfattar i Paris på 1940-talet, og seinare vart han kanonisert av den kjende franske filosofen Jean-Paul Sartre, som skreiv ei 700 siders bok om Genet.

Mest kjend for skodespel

Uvsløkk er den første i Noreg som skriv doktoravhandling om Genet. Den franske forfattaren er mest kjend for skodespela sine.

- Teaterstykka hans vart etter kvart tekne godt i mot over store delar av verda. Men også i teaterstykka er Genet sterkt samfunnskritisk, der han gjer narr av det borgarlege samfunnet, seier Uvsløkk.

Se også:

Jean Genet: Perversjoner i skrift - pressemelding om disputasen

Powered by Labrador CMS