Annonse
Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking er koordinator for prosjektet (Foto: Vestlandsforskning)

Skal utvikle nye transportsystem med big data

Vestlandsforsking skal koordinere eit nytt europeisk forskingsprosjekt som skal sjå på korleis big data kan forbetre transportsystema.

EU har nyleg gitt finansiering gjennom det prestisjefylte forsking- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 til eit forskingsprosjekt som skal leiast av Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. I Prosjektet heiter LeMO og forskarane vil studere korleis big data kan brukast i utviklinga av framtidas transportsystem og bidra til ein konkurransedyktig og berekraftig europeisk transportsektor.

Målet er meir sikker, effektiv og berekraftig transport.

Prosjektet har fått løyvt 1,4 millionar euro og skal gå over tre år. Prosjektet skal ha sju case-studiar og kome med konkrete forslag til korleis transportsektoren kan utnytte moglegheitene som ligg i big data.

Prosjektet hadde oppstartsmøte i Brussel tysdag 7. november med 15 prosjektdeltakarar frå fem internasjonale samarbeidspartnarane. Dette er Johan Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt, Tyskland, den belgiske samanslutninga av transportorganisasjonar, Corte, det internasjonale advokatfirmaet Bird & Bird, UK, og forskingsinstituttet Panteia, Nederland.

Les meir om prosjektet på www.vestforsk.no eller LeMO si nettside https://www.lemo-h2020.eu/

Powered by Labrador CMS