Kronikk: Guud kor billig!

Trur vi diesel til traktoren er gratis? Nettingen til gjerdet? Likevel skal altså bøndene ha Norge-utgifter, men levere til Polen-prisar, skriv Marion Solheim i denne kronikken.

- Her lille venn, mamma har laga deilig svinesteik til deg. Den er proppa med den multiresistente stafylokokkbakterien MRSA CC398, som har begynt å ta livet av danskane. Men guuud kor billig den var, gap opp! (Foto: Colourbox)

Det var då eg såg Debatten på NRK1 forrige torsdag at det tok litt fyr i topplokket mitt.

Der fekk altså tungt subsiderte Trygve Hegnar sitte - altfor uimotsagt - og bjeffe om at bøndene må slutte å gnage etter meir pengar, får dei aldri nok? Og vi kan jo ikkje ha det slik at Norge skal ha den dyraste maten i Europa, blablabla, jabbajabba.

Vel, Hegnar. Det er mykje i Norge som er dyrast i Europa. Vi har sikkert verdas dyraste økonomiblad, for den del. Og vaskemaskiner, øl, barberblad og husleige.

Som den økonomiske eksperten du er, så er det merkeleg at du overser at vi også har eit særdeles høgt lønsnivå her til lands, som går hand i hand med kostnadsnivået.

Trur du diesel til traktoren er gratis? Nettingen til gjerdet? Likevel skal altså bøndene ha Norge-utgifter, men levere til Polen-prisar.

15-timarsdagar

Noko bøndene for så vidt også prøvar på, å levere til lågpris. Det er gammalt nytt at det er mellomledda og daglegvarekongane som sit att med pengane. Tal frå Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking, viser at ei bruttoløn i landbruket var på 284 000 kroner per årsverk. Dette er inklusiv det skattemessige jordbruksoppgjeret. Snittløna for andre lønsmottakarar var 487 400 kroner.

Det er kring 200 000 kroner i skilnad, det. Og eg har aldri møtt ein vestlandsbonde som jobbar berre 7,5 timar for dag. Eg skal like å sjå Hegnar ta ei 15-timarsøkt i siloen midtsommars og finne ut om han gliser like nedlatande til bøndene etterpå. Lykke til.

No er det altså heller ikkje slik som ein kan få inntrykk av, at bøndene er den einaste yrkesgruppa som blir subsidiert av staten. Media er eitt døme. Milliardar av skattekroner går kvart år med til at vi skal ha eit vitalt og mangfaldig medielandskap.

Jordbruksstøtta er på 434 000 kroner per årsverk, medan mediestøtta er på 1,25 millionar kroner per journalist. Fastlegen din er også subsidiert, mange yrkesgrupper er det. Skulle berre mangle.

Dyrevelferden blør

Men no er som vanleg bøndene som er fokus. Er det så nøye då? Vi kan jo importere billig mat, ikkje sant? (Og la oss for all del oversjå det faktum at EU subsidierer sine bønder også, i søkk og kav.)

Tja, det kan vi jo saktens. Men på same måten som eg kjenner at vegrar meg for å kjøpe klede eg veit er laga av barnearbeidarar, så har eg tungt for å glefse i meg daue dyr eg veit er produsert på store fabrikkar.

Det eine er dyrevelferden. Ein treng ikkje vere manisk vegetarianar for å få med seg at dyrevelferden ligg og blør på kapitalismen sitt altar. Det er og blir levande vesen, dette, uansett kor mange rekneark ein brukar. Dyr som kan kjenne smerte og frykt. Og glede, for så vidt, det veit alle som har sett lam som hoppar rundt på grønt gras.

Mange billig-dyr vi legg på grillen har ikkje opplevd det. Ifølge Rådet for Dyreetikk fins det mange døme på det.

Kalvekjøt med bismak

Eitt er gjøkalvoppdrett, som gjev oss deilig, lyst kalvekjøt på tallerkenen.

Eg let rapporten frå Rådet tale for seg sjølv: «I mange europeiske land har produksjon av lyst kalvekjøtt lange tradisjoner. I den mer ekstreme industrielle form av denne produksjonen, som nå er forbudt i enkelte EU-land, holdes kalvene i mørke rom i svært trange båser eller bokser. Kalvene kan ikke snu seg og etterhvert knapt ligge. De fôres kun på melk (melkepulver) og utvikler ingen drøvtyggerfunksjon. Kalvene blir anemiske, noe som gir en ettertraktet lys, nesten hvit kjøttfarge.»

Fleire enn meg som får bismak?

Det mest ironiske er å treffe på byfolk som gladeleg betalar 3000 kroner i månaden for at den sjuke bikkja skal ha spesialdiett, men i neste sekund stønnar og okkar seg over norske kjøtprisar. Sjå for deg vesle Fifi leve fastbunden heile livet i ein matfabrikk.

Dødeleg bakterie

Det andre er kva vi vil putte i oss. Ta den danske, billege svinesteika som eitt av mange eksempel. For å halde kostnadane nede får sjuke som friske dyr store mengder antibiotika, sånn just in case.

Det har enda med multiresistente bakteriar som ikkje let seg hindre av pencillin. Nærare bestemt den farlege bakterien MSRA CC 398, som også går på menneske. Det er rekna med at kring to millionar danske grisar er smitta, og i følge avisa Politiken har til no tre danskar døydd av bakterien. Menneske, altså.

Ikkje pokker om det er slik mat eg vil gje til ungane mine. 

Meanwhile, in Norway, så har vi framleis eit forholdsvis reint landbruk. Det er få restar etter medisin og hormon i norsk mat, noko Mattilsynet testa i 2010.

Ok, så gjev vi blaffen i dyrevelferd og tek sjansen på bakteriane. Kva då?

Arrogant på oljeberget

Om vi ser litt utanfor oss sjølve og landegrensene, så er det ei verd der ute, der mange svelt.

Det blir fleire og fleire menneske på kloden, og alle treng faktisk ein bonde tre gongar dagleg for å bli mett. Og så skal vi sitte her på oljeberget og importere, i staden for å utnytte eigne ressursar? For ikkje å snakke om kor lite klimasmart det er. Så arrogant at eg blir dårleg.

Det skulle vere unødvendig å påpeike at verda ikkje er ein stabil leikeplass, og at det kan komme tider der det å vere totalt avhengig av import kan slå smerteleg tilbake. Men alt dette bryr ikkje landbruksministeren seg om. Ho seier ja til korttenkt mat, utan å blunke.

Tilbake til Debatten på NRK her om dagen, vi er inne i siste spørsmålsrunde. Programleiaren gjev alle sjansen til å svare på nokonlunde saklege spørsmål. Så kjem han til bondelagsleiar Nils Bjørke. «Så… hva skal dere blokkere i morgen, da?» I beste fall eit dårleg forsøk på å vere artig. Men det heile verka berre nedlatande og på grensa til pute-tv for min del.

Bonden, til liks med maten han og ho produserar, fortener meir enn eit minimum av respekt. Dette er ikkje eit jordbruksoppgjer, det er eit verdival.

––––––—

Kronikken ble først publisert på bt.no torsdag 22. mai.

Powered by Labrador CMS