Ein notis frå Universitetet i Stavanger - les mer.

Marte C.W.Solheim og Jørgen Bølstad er nye medlemmar i Akademiet for yngre forskarer. (Foto: Mari Hult)

To nye i Akademiet for yngre forskara

Marte C. W. Solheim og Jørgen Bølstad frå Universitetet i Stavanger (UiS) er valde ut som medlemmar i Akademiet for yngre forskarar. Det vart oppretta i 2015 etter initiativ frå Det Norske Videnskaps-Akademi og skal vera ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena. Akademiet har 34 yngre forskarar som arbeider i Noreg og inntil 10 internasjonale medlemmar som arbeider i utlandet, men som tilhøyrer eit norsk forskingsmiljø.

Solheim er førsteamanuensis og leiar for Senter for innovasjonsforsking. Ho forskar på innovasjon, spesielt knytt til mangfald. Ho trekkjer fram særleg fire interessante tema som ho ser fram til å engasjera seg i: Arbeidskvardagen til yngre forskarar med høg grad av midlertidigheit, mangfald i akademia, utvikling av doktorgradsarbeidet der nytteverdien må gjerast meir relevant for næringsliv og resten av samfunnet, og ikkje minst forskingsformidling som er viktig for å synleggjera relevansen forskinga har.

Bølstad er førsteamanuensis ved Institutt for medie- og samfunnsfag, med interesse for forsking i skjeringsfeltet mellom politisk psykologi, europeisk politikk og kvantitativ metodologi. Undervisningsansvaret hans ligg hovudsakleg i områda politisk åtferd og komparativ politikk, og dessutan kvantitativ metode og datavitskap.

Rektor Klaus Mohn ved UiS meiner engasjementet til dei to forskarane for formidling og samfunnskontakt gjer dei til gode føredøme for ungdom og studentar som vurderer å velja ei karriere innan forsking og høgare utdanning.

Les meir om saken på nettsidene til Universitetet i Stavanger

Powered by Labrador CMS