Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

– Vi vil at barna skal forstå samanhengen mellom humlene, plantene og maten vi har på bordet, fortel Kristin Grøsvik ved UiS. (Illustrasjon: Trofimov Denis / Shutterstock / NTB scanpix)

Slik kan humler lære barn om berekraft

Ved barnehagelærarutdanninga på UiS skal studentane lære om korleis dei kan formidle berekraftig utvikling til barnehagebarn. Humler spelar ei sentral rolle.

Publisert

Førsteamanuensis Kristine Marie Olsen jobbar som biologi- og kjemilærar ved grunnskolelærarutdanninga i Universitetet i Stavanger. Saman med førsteamanuensis Kristin Grøsvik, som underviser i naturfag ved barnehagelærarutdanninga, viser ho fram humlekassar.

– Vi hadde ein kasse ute i fjor utan at vi fekk humler i ho, men i år har hatt vi tre kassar ute. Utan at vi veit det sikkert enno, trur vi kanskje ikkje at humlene har tatt dei i bruk, fortel Kristin Marie Olsen.

– Uansett er det ein måte å prøve å hjelpe humlene. Kassane vart plassert ved seljetre og vårblomar, i håp om at det skal trekke til seg humler på jakt etter bol.

Olsen og Grøsvik har skrive kapittelet Hvordan kan små barn få innsikt i samspillet i naturen? Med humler som studieobjekt i boka Bærekraft i praksis i barnehagen. Der delar dei tips om alt frå humlevenlege planter til et kapittel humlerelaterte aktivitetar som kan engasjera barn og vaksne både innandørs og utandørs.

– Ved å gi barnehagebarn ei grunnleggande forståing for kva ei humle er og korleis humla sitt liv påverkar både planter og dyr sine liv, kan vi skape auka merksemd for at også små skapningar har ei rolle som må settast inn i større samanheng, meiner Olsen.

Kvifor humler?

Villbiene har også ei viktig rolle som pollinatorar i norsk natur, men humler er lettare for ungane å observere. Der humlene er større og rolegare, er villbiene mindre og raskare – og dermed vanskelegare å sjå og studere.

– Humlene er lette å få auge på. Dei er også relativt fredelege, i form av at dei flyr stort sett vekk om dei kjenner seg truga. Dei vil sjeldan angripe og stikke. Ungane er opptekne av det dei kan sjå, og historia pollinering har ein direkte overføringsverdi til villbiene også.

Når insekt fører pollenkorn mellom blomar, kallar vi det pollinering eller bestøving. Andre pollinatorar i Noreg inkluderer mellom anna bier og villbier, men humlene spelar ei særskilt viktig rolle i økosystemet. Dei er viktige for eple, blåbær, kirsebær, rips, solbær, stikkelsbær og frukter som veks litt lenger unna, som kiwi, melon og squash.

– Vi vil at barna skal forstå samanhengen mellom humlene, plantene og maten vi har på bordet. Ved å gradvis forstå samspelet håpar vi ungane kan bli bevisste borgarar som er glade i naturen og kjenner på at det er viktig å ta vare på han, fortel Grøsvik.

Kristine Marie Olsen (t.v) og Kristin Grøsvik ved ein av humlekassane på Ullandhaug i Stavanger. (Foto: Anja Kristin Bakken / UiS)

Tips til humleaktivitetar for barn

Dei to forskarane har ei rekke gode tips til korleis pedagogar kan auke barna sin kunnskap om humler, for å vekke interesse for å ta vare på dei.

– Det handlar om å gje studentane idear til kva dei kan ta i bruk og gjere saman med ungane, seier Kristin Grøsvik.

Aktivitetane strekker seg frå å sjå på bilete av humler for å lære seg korleis ulike artar har ulike fargar på kroppen, til å sjølv teikne humler, lage humlemodellar, lage og spele bildelotto med humler, lese bøker om humler og snikre eigne humlekassar.

– Bruk gjerne vinteren på å bygge opp ein grunnleggande kunnskap om humler, og tren ungane i korleis dei kan forvente at humler ser ut. Etter kvart som humlene vaknar på våren, kan ein gå ut på tur og observere. Peik ut humler når de ser dei. Kva blomar vitjar dei? Vi veit til dømes at humler føretrekk blå og ultrafiolette blomar, men at dei også pollinerer gule blomar. Dei største ungane kan ofte klare å skilje ulike humleartar frå kvarandre, men også toåringen vil ha glede og nytte av å trene sansane på sitt nivå, seier Olsen.

Mykje dreier seg om å lage rom for den gode samtalen undervegs. Om vaksne og barn bygger ein humlekasse eller eit insektshotell saman kan ein til dømes stille spørsmål som «trur du det flyttar inn humler eller insekt her, då?» Målet er at barnehagelærarar skal stimulere ungane til å vere nyfikne, og lære meir om artane som er rundt oss i nærmiljøet.

– Få barna med på å undre seg, og observere det som er rundt dei. Når ein humlekasse er satt ut, er det naturleg å gå tur for å sjekke han, og snakke om kva det er som gjer at humler bur der dei bur og sjå etter både humler og planter undervegs, meiner Grøsvik. Ho minner om at det i tilfellet med humlekassar også er viktig å førebu barna på at det kanskje ikkje flyttar nokon inn, slik at dei ikkje blir for skuffa om det viser seg å vere tomt bol.

Olsen peikar på at ein er ikkje avhengig av verken stort uteområde eller ekstra ressursar for å få dette til.

– Humlekassar kan plasserast i nærområdet, og humlevenlege planter kan plantast i verandakassar.

– Dei største ungane kan ofte klare å skilje ulike humleartar frå kvarandre, men også toåringen vil ha glede og nytte av å trene sansane på sitt nivå, seier Kristine Marie Olsen. (Illustrasjon: Serenko Natalia / Shutterstock / NTB scanpix)

Filma humlesex

I fjor kom Olsen over tre humler som var i ferd med å pare seg.

– Då fekk vi tatt opp ein liten filmsnutt som viser korleis det er to hannar som kjemper om å pare seg med ei humledronning. Den eine var godt i gang, medan den andre prøvde seg etterpå, men vart avvist. Det er ikkje så ofte vi ser det og får fanga det på film, seier Olsen.

Ho vart veldig glad då ho såg humlene og nytta høvet til å passe på at ingen tråkka på dei medan dei heldt på. Humlebestanden i Noreg er mindre enn han har vore tidlegare, og humlene treng hjelp.

– Endringar i kulturlandskapet gjer at det er mindre planter som gir humlene mat og næring. Det kan føre til endringar i humlemangfaldet, dersom ein ikkje tar vare på plantane som er humlevenlege. Dette kan igjen bety mindre pollinering av blomar, buskar og tre, forklarar Grøsvik.

Viss humlene forsvinn, er det mykje vi tar for gitt i butikken som også kjem til å forsvinne. Forklaringa er enkel: Plantene treng hjelp frå insekta til å sette frø og gjennom det kunne lage frukt og bær.

– Om alle pollinatorane blir borte, reknar vi med at om lag ein tredel av maten vår forsvinn. Då er det viktig at vi jobbar med å skape forståing for samspelet i naturen allereie i barnehagen. Vi håpar jo at vår kjærleik for naturen kan smitte over på studentane, som igjen kan ta det med seg vidare til barna dei møter når dei går ut i yrkeslivet, seier Olsen.

Olsen og Grøsvik ønskjer ikkje å skremme ungane med at det blir færre humler, men heller skape forståing for humla si plass i økosystemet, og samspelet mellom dei ulike partane i naturen.

– Ungane kan tidsnok bli skremt seinare. Du treng ikkje seie at maten vår forsvinn om humlene forsvinn. I staden kan vi snakke om at utan humler og bier får vi ikkje bringebær, blåbær eller eple. Med humler som døme kan vi bevisstgjere dei på dagens utfordring, men også vise dei moglege løysingar. På det viset kan barna få eit inntrykk av kor viktige desse små dyra er og kvifor vi bør ta vare på dei, understrekar Olsen.

Sjå filmen om dei tre humlane:

Fanga på film: To hannar kjemper om å pare seg med ei humledronning.

Dette kan du gjere

Deira beste råd til oss alle er å prøve å sjå dei små tinga i den store samanhengen. Kan du ta små grep i hagen eller på balkongen din for å legge til rette for humlene?

– Ikkje ver så redd for om det spirer og gror meir enn grønt gras i plenen. Still inn plenklypparen så høgt at kløveren kan smyge seg under og stå like fin etterpå, oppmodar Olsen.

Ho minner om at ein grøn plen åleine kan nesten samanliknast med ein ørken.

– Det vi av og til kan tenke på som ugras eller liknande kan vere god næring til humlene, forutan gode plassar for humlene å bygge bol. Vel du i tillegg humlevenlege planter har du gjort mykje bra for humlene, avsluttar Kristin Grøsvik.

Referanse:

Veronica Bergan og Kristin Emilie W. Bjørndal (red.): Bærekraft i praksis i barnehagen. Universitetsforlaget, 2019. (Samandrag)

Powered by Labrador CMS