Kjærleikserklæring frå musikkforskar

Platespelaren til musikkforskar Per Dahl har snurra utan stans dei siste åra. I eit omfattande doktorgradsarbeid har han analysert 214 innspelingar av "Jeg elsker Dig!" og funne at grammofonplata har endra vår måte å lytte til denne songen på.

I november kunne Dahl omsider slå av platespelaren og disputere som den fyrste dr.philos. ved Universitetet i Stavanger (UiS).

“Jeg elsker Dig!” er ein kort kjærleikssong som Edvard Grieg komponerte i 1864 til sin trulovde Nina Hagerup. Saman med tre andre songar utgjer den opus 5 “Hjertets Melodier”.

Dahl har kartlagd og laga ei kronologisk diskografi over 318 ulike innspelingar av songen og analysert 214 av dei.

- Den første innspelinga kom i 1899. Ved Griegs død i 1907 fanst det over 50 ulike innspelingar. Det var tydelegvis viktig for plateselskapa å kunne tilby denne songen til publikum. Men så er det også ein flott song, smilar Dahl.

Han er førsteamanuensis i musikkhistorie ved Institutt for musikk og dans, UiS, med arbeidsplass tilknytta Norsk Lydinstitutt.

Betre tilgang til musikk

I doktoravhandlinga si peiker Dahl på musikalske og sosiale konsekvensar i kjølvatnet av grammofonplatas framvekst i det 20. hundreåret.

Før Edison fann opp lydfestingsteknikken i 1877, hadde vanlege borgarar avgrensa tilgang til stader der det blei spelt levande musikk. Grammofonen førte til ein heilt annleis måte å distribuere musikk på, som lausreiv musikken frå notebladet og tradisjonelle sosiale rammer.

- Før grammofonen var eiga musisering innan klassisk musikk bunden til notekunnskap. Det krevst derimot ingen musikkfaglege kunnskapar for å spele ei plate. Med grammofonen handla det utelukkande om den einskilde lyttar, uavhengig av deira sosiale status og kjennskap til noter, seier Dahl.

To tradisjonar

Dahl nyttar omgrepa konsertsaltradisjon og kommerstradisjon. Han har analysert og kategorisert dei mange innspelingane av “Jeg elsker Dig!” etter dei to tradisjonane.

Konsertsaltradisjon vil seie innspelingar som vil gjenskape ei konsertframføring, mens kommerstradisjonen ikkje har slike ambisjonar.

- Det er tydeleg at innspelingane er retta mot ulike publikumsgrupper. Nokre tolkingar er lite knytt til Griegs note, medan andre er klart innanfor den tradisjonen som komposisjonen fyrst var kjent innanfor, seier Dahl.

Den viktigaste forskjellen mellom konsertsaltradisjon og kommerstradisjon synest å vere at sistnemnte har lengre etterklangstid og ein meir aktiv bruk av nærmikrofon. Omarrangering av akkompagnementet blei også meir vanleg og Griegs harmonisering spelte ei mindre rolle.

- Grammofonpublikummet hadde sine eigne preferansar. Dei fekk tolkingar som tek utgangspunkt i Grieg, men som ikkje nødvendigvis har som føremål å gjenskape konserttradisjonane hans, seier Dahl.

Klang viktig

Dahl forklarer at klang er noko av det fyrste vi høyrer når vi lyttar til musikk.

- Det at vi legg så stor vekt på klangen, har gitt grunnlag for ulike tolkingar av “Jeg elsker Dig!”. Det er difor ikkje berre komposisjonen i seg sjølv som har gjort det mogleg å gje ut så mange innspelingar, seier forskaren.

I sine analysar har Dahl nytta eit dataprogram for å påvise skilnader i konsertsaltradisjonen og kommerstradisjonen. Der har han delt songen inn i seksjonar ut frå linjer i teksten og musikalske fraser.

Dette har gjort det mogleg å rekne ut tempoendringar for kvar frase eller seksjon, og det har igjen gjort det mogleg å samanlikne dei ulike innspelingane.

- I avhandlinga ynskja eg ikkje berre å kartleggje dei ulike innspelingane, men også å analysere dei. Eg utvikla difor ein teoretisk analyse for å gjere kartleggjinga, med utgangspunkt i musikkestetikk, analyse, musikkritikk og kognisjonsteori, opplyser Dahl.

Færre variasjonar

Konsertsaltradisjonen og kommerstradisjonen har gjensidig påverka kvarandre. I sum har det ført til at talet på tolkingsvariantar av “Jeg elsker Dig!” har smalna inn.

Musikarar og musikkstudentar har byrja å lytte til innspelingar før dei skal framføre songen. Grammofonplata sitt inntog har såleis påverka korleis musikarar tolkar klassisk musikk.

- Før andre verdskrig var det ingen som høyrde på plater for å finne ut korleis dei skulle syngje og spele. Det går eit tydeleg skilje før og etter at dei byrja å høyre på innspelt musikk. At omfanget av tolkingsvariasjon fell drastisk på slutten av 1950-talet, er det ingen som har påvist tidlegare, understrekar musikkforskar Dahl.

Lyttarens argument

Sjølv om det finst mange hundre innspelingar av “Jeg elsker Dig!”, er det inga problem å identifisere sjølve verket som Griegs song.

- Nettopp fordi ulike lyttarar har kjøpt ulike tolkingar av denne songen, men oppfattar han som det same verket, må ein ta omsyn til ulike lyttarhaldningar i analysar av innspelingane, seier Dahl.

Han peiker på at grammofonplata har plassert lyttaren i ei ny rolle og lagt større vekt på lyttarens argument.

- “Jeg elsker Dig!” og liknande songar blei ikkje lenger utelukkande framført i lied eller konsertversjonar, slik det hadde vore til då. Publikum kjøpte no ei grammofonplate, ikkje ei konsertframføring. Dette var ei viktig og interessant utvikling i musikklivet, som førte til at det blei bygd opp ein marknad blant dei som normalt ikkje gjekk på konsert, fortel Per Dahl.

Kulturell kapital

Dahl nemner den franske sosiologen Pierre Bourdieu når han snakkar om grammofonen og ulike sosiale klassars forhold til kultur. Dahl meiner at Bourdieu ikkje har teke grammofonens prosjekt innover seg.

- Bourdieu seier at kunstsmak er avhengig av mellom anna utdanning, men det spesielle med grammofonplatene er at dei spreidde seg på tvers av klassane. Det finst til dømes folk med enorm kunnskap om opera som aldri har sett sine bein i ein operasal, seier Dahl.

Før grammofonplata var det komponist og utøvar som stod for vedlikehaldet av den klassiske musikken. Men grammofonplata etablerte lyttaren som ein viktig vedlikehaldsarbeidar.

Med det meiner Dahl at personar med stor lyttekompetanse har like stor argumentativ kraft som musikkvitarar når ei musikkframføring skal vurderast.

- Spørsmålet om ei tolking er korrekt, kan berre bli bestemt når situasjonen for framføringa er klarlagt. Tolkinga si gyldigheit blir bestemt av i kor stor grad framføringa er knytt til ein tradisjon, seier Dahl.

Grieg eit naturleg val

Dahl har ei klassisk teoretisk utdanning og har vore knytt til musikkutdanninga i Stavanger heilt sidan 1979. Der har han hatt ei rekkje funksjonar, som leiar og undervisingsinspektør og han var rektor ved dåverande Høgskulen i Stavanger frå 2000 til 2003.

På slutten av 1980-talet fatta han særleg interesse for Griegs romantiske song “Jeg elsker Dig!”. Han blei inspirert av komponisten Arne Dørumsgaard si enorme platesamling, som i dag er lagra ved Norsk Lydinstitutt i Stavanger. Dahl fann ut at det var mykje upløya mark i platereolane.

I 1993 gav han ut boka “Jeg elsker Dig på 252 måter”. Det var hovudsakleg ein diskografi, men med biografiar over songarar som har gjort innspelingar av songen gjennom åra.

- Bakgrunnen for temavalet i avhandlinga er ei interesse for å ta klingande musikk inn i undervisinga. Mange studentar er utelukkande interessert i korleis musikken høyrest ut, men lite i bakgrunnen. Det var naturlig for meg å ta tak i Grieg, seier Dahl.

- Når eg så skulle velje eit verk, tok eg eit som heilt sikkert fanst i heile grammofonplatas historie, og som også er framført av begge kjøn. “Solveigs sang” er til dømes berre framført av kvinnelege songarar. Det var elles viktig med eit kort verk, forklarer Dahl.

Grieg-år

I 2007 er det 100 år sidan Edvard Grieg døyde. Dahl synest det blir interessant å sjå om tendensane han har kasta lys over i si doktoravhandling vil helde fram.

Sjølv høyrer Per Dahl så mykje som mogleg på musikk, men han likar best konsertsalen.

- Dagens perfekte plateinnspelingar, kor ein til ein kvar tid høyrer alle instrumenta i orkesteret, gjer meg sjøsjuk. Eg føler eg blir dradd rundt i orkesteret.

- Har du gått lei av “Jeg elsker Dig!” etter alle gjennomlyttingane?

- Nei, nei, langt i frå. Men eg høyrer kanskje ikkje på songen kvar dag lenger, avsluttar Dahl.

Powered by Labrador CMS