Matematikk for små og store

Matematikk har lenge vore eit uønska barn i barnehagen. Mang ein førskulelærar har rynka på nasen av ideen, og tenkt på lange reknestykke med pluss og minus. Men no er biletet i ferd med å endre seg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Stadig fleire får auga opp for korleis matematikk kan nyttast i barnehagen.

- Matematikk for små barn handlar ikkje om pugging av tal og lange reknestykke. Det handlar om leik og utforsking, og det å vere nysgjerrig, konstaterer Elin Reikerås, førstelektor i spesialpedagogikk hjå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Saman med kollega Janne Fauskanger, universitetslektor ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk og nyleg tilsette Reidar Mosvold, førsteamanuensis ved førskulelærarutdanninga, er Reikerås ein av dei verkelege pådrivarane for meir matematikk i barnehage og førskulelærarutdanning.

Fauskanger og Reikerås har arbeida for og med matematikk i barnehagen i meir enn ti år, medan Mosvold dei siste åra har spesialisert seg på temaet matematikk i kvardagslivet i sin doktorgrad.

Satsingsområde

- Ting har verkeleg snudd. Matematikk for små barn blir ikkje lenger sett på som ein stor stygg ulv. Fleire og fleire barnehagar har matematikk som satsingsområde. Vi merker ein utruleg etterspurnad etter kurs og rettleiing frå førskulelærarar og foreldre, fortel Reikerås.

Det er ikkje lenge sidan matematikk blei likestilla med dei andre faga på førskulelærarutdanninga. No har matematikken også fått eit eige kapittel i den nye rammeplanen for barnehagen.

- I høyringsutkastet til ny rammeplan var matematikken spreidd over fleire av dei andre emna. Det var heilt i siste liten at vi blei spurt om å forfatte eit eige kapittel til matematikken, seier Fauskanger.

Både Reikerås og Fauskanger er stolte over at matematikk har fått sitt eige kapittel i rammeplanen som kom no i vår.

- Vi er i grunnen litt overraska over at matematikken til slutt fekk sin eigen plass. Politisk sett er det ei viktig markering, seier Reikerås.

Nysgjerrige barn

På førskulelærarutdanninga underviser Mosvold dei kommande førskulelærarane om verdien av å utfordre barna gjennom bruk av matematiske omgrep i leik og aktivitetar.

- Vi lærer dei korleis dei kan bruke matematikken i kvardagslige situasjonar. Det kan dreie seg om telleramser, ulike storleikar, spel, figurar og former, fortel han.

Førskulelærar Petter Emberland i Ree barnehage på Bryne arbeidar med matematikk i barnehagen kvar dag. Han er ikkje i tvil om at barn liker matematikk.

- Når vi fortel historia om bukkane Bruse, legg vi vekt på kven av bukkane som er størst, mellomstor og minst. Barna lærer seg og skilnaden på det å vere under og over brua, fortel han og nemner fleire døme:

- Nokre gonger legg vi geometriske former ut over heile golvet i barnehagen. Så ber vi ungane om berre å gå på sirklane, kvadrata eller trekantane. Det synest dei er kjekt. Berre det å dekke bordet, kan vere ein kjekk aktivitet der ungane får bruk for teljing.

Kjekk matematikk

Målet med matematikk i barnehagen er å få dei små til å erfare at matematikk er kjekt. Ved å bli kjent med matematiske omgrep i tidleg alder, vil overgangen til skulen også bli lettare.

- Når barna gjennom leik og aktivitetar opplever at matematikk er kjekt, vil dei ta dette med seg vidare i livet. Eg ønskjer at alle barn skal kunne møte stolte opp første skuledag og seie: Eg kan matematikk, seier Fauskanger ivrig.

Elin Reikerås, som til dagleg jobbar med barn med matematikkvanskar, synest også barna har krav på å få støtte i utviklinga av deira matematiske evner.

- Matematikk i tidleg alder er knytt nært opp til barnet si munnlege språkutvikling, men også gjennom leik får barna nødvendig erfaring med matematikk. Når dei vaksne veit ein del om den matematiske utviklinga vil dei lettare kunne leggje ting til rette, seier ho. Reidar Mosvold er einig.

- Matematikk i barnehage og førskulelærarutdanning handlar om å leggje forholda til rette for barna. Då må ein kunne matematikk.

Fleire prosjekt

I Time kommune på Jæren har dei kome langt i arbeidet med matematikk i barnehagen.

- Mattegjest er eit samarbeidsprosjekt mellom Time, Gjesdal og Sola, der alle tre kommunane sette fokus på matematikkvanskar og matematikkleik i barnehagen, fortel Petter Emberland, som sjølv har vore aktivt med i prosjektet.

Eit anna prosjekt som skal sette matematikken på kartet er byggjeprosjektet “Gröbels byggmeistrar”. Prosjektet blir ein del av ei større utstilling ved Vitensenteret i Sandnes.

- I prosjektet er det leik med matematiske former som er målet. Der samarbeider UiS med Vitensenteret om ei 2008-satsing. Barn skal konstruere byggverk med klossar, fortel Fauskanger.

Elin Reikerås jobbar for tida med utvikling av eit observasjonsmateriell for kartlegging av barns matematiske utvikling frå to til fem år.

På same måte som TRAS blir brukt til å kartlegge språkutvikling, skal MIO (Matematikk mellom Individ og Omgivnad) brukast til å sjå kva barn meistrar av matematiske omgrep.

Praktiske døme

Overgangen mellom barnehage og skule er også eit område det skal satsast på. Tettare samarbeid mellom førskulelærarar, lærarar og foreldre skal gjere overgangen lettare for kommande elevar, fortel Fauskanger.

Også Reidar Mosvold er oppteken av korleis matematikken tek form i skulen.

I doktoravhandlinga si konkluderte han med at matematikken oftast får ei teoretisk form.

- I barnehagen er matematikken meir praktisk fordi den inngår i kvardagslege aktivitetar. På skulen er det lite praktiske døme og mykje einsformig undervising. Det gjer at mange elevar synest matematikk er eit vanskeleg fag, seier han.

Men ved å lære seg matematiske omgrep som liten, vil ein lettare sjå korleis matematikken er ein del av kvardagslivet rundt seg. Og det er lite som skal til, skal vi tru Fauskanger.

- Vi treng berre å gi barna val. Det å få velje kor mange bitar eit eple skal delast opp i, er spennande nok, berre det. Det å finne ut korleis tre eplebitar kan bli til seks, er ei fin utfordring for ein nysgjerrig og lærevillig femåring, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS