Speed-dating på tvers av fag er ein svært viktig del av søknadsprosessen for dei tverrfaglege forskingsgruppene. (Foto: UiO)
Speed-dating på tvers av fag er ein svært viktig del av søknadsprosessen for dei tverrfaglege forskingsgruppene. (Foto: UiO)

Skal undersøke ulike utfordringar med livsvitskap

Diabetes, organdonasjon, bevisstheit, immunsystemet, bevis i valdtektssaker, mentale lidingar, medisinplantar og kreft.

Dette er samfunnsutfordringar som skal undersøkast i åtte nye tverrfaglege forskingsgrupper innan livsvitskap ved Universitetet i Oslo i perioden 2019–2023.

Gruppene vil bruke forskingsmetodar frå biologi, farmasi, filosofi, fysikk, genetikk, informatikk, jus, kulturhistorie, matematikk, medisin, musikkvitskap, naturhistorie, odontologi, psykologi, språkvitskap og teologi. Dei får til saman 29 stipendiat- og postdoktorstillingar samt driftsmiddel – totalt rundt 100 millionar kroner over fire år.

– Vi er sikre på at denne tverrfaglege tilnærminga vil bidra til ny innsikt, nye løysingar og på lang sikt auka verdiskaping, seier direktør for UiO:Livsvitenskap Carl Henrik Gørbitz.

Livsvitskap er ein tverrfagleg vitskap som gir nye og avanserte svar på det gamle spørsmålet om kva liv er og kva aldring og sjukdom er.

I 2024 skal det nye livsvitskapsbygget stå ferdig ved UiO. Det blir Noregs største forskings- og undervisningsbygg.

UiOs satsing på livsvitskap – UiO:Livsvitenskap – legg forholda til rette for at forskarar skal møtest på tvers av fag. Speed-dating på tvers av fag er ein svært viktig del av søknadsprosessen for dei tverrfagleg forskingsgruppene.

Les meir på nettsidene til Universitetet i Oslo.