Ein notis frå Universitetet i Oslo - les mer.

Mange kvinner som blir gravide, sluttar å ta viktige medisinar av frykt for å skada fosteret.
Mange kvinner som blir gravide, sluttar å ta viktige medisinar av frykt for å skada fosteret.

Gravide skal bli tryggare i legemiddelbruken sin

Publisert

Mange kvinner sluttar å ta viktige legemiddel når dei blir gravide av frykt for å skada fosteret. Men forskarar veit ikkje nok om kor stor risiko ulike legemiddel faktisk fører med seg. Nyleg vart gjesteforskar Mollie Wood ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo tildelt 7,9 millionar frå Forskingsrådet for å forska på verknadane på foster og barn av mora sin legemiddelbruk under svangerskapet.

Wood vil studera legemiddel mot smerte, depresjonar og andre psykiske lidingar. Ho seier at barn av mødrer som har teke slike legemiddel, har ein auka risiko for seinskadar. Det er ikkje klart kva som er årsaka, men ein del av seinskadane, som til dømes ADHD og depresjonar, har ein genetisk komponent. Er legemiddelet årsaka til seinskadane på barnet? Eller er det tilstanden som mor tek legemiddelet for?

Wood vil utnytta at genotypane til ei stor mengd barn og foreldre er kartlagde i Noreg. Eit mål er å setja legen i stand til å gje råd om kva legemiddel gravide trygt kan bruka, kva legemiddel som kan brukast med varsemd, og kva legemiddel ein bør unngå heilt. Ho understrekar kor viktig det er å ha sikker informasjon om legemiddelbruk blant gravide.

Les om tildelinga på nettsidene til Universitetet i Oslo