Ein vennleg elitist

47 år etter at han debuterte med "Nihilisme? Ein ung manns forsøk på å orientere seg" kjem filosofiprofessor Gunnar Skirbekk med oppfølgjaren.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I 1958 spurde Skirbekk: Finst det eit intellektuelt grunnlag for ein allmenngyldig moral, i møtet med meiningsløyse og bestialitet? Dersom slike spørsmål ikkje finn svar i vitskap eller teologi, og heller ikkje i bestemte filosofiske system, kva har vi då å halde oss til?

Kanskje kjem nokre av svara på det den unge mannen grunna over i boka filosofiprofessoren, no 68 år gammal, kjem med i haust. Den har arbeidstittel “Den filosofiske uroa og det sårbare liv”.

Vi skal møte Skirbekk til eit såkalla avskilsintervju. Etter å ha vore tilsett ved UiB sidan 1962 vil han no gå av. Senter for vitskapsteori er stille, himmelen er som vanleg grå og vi finn Skirbekk bak ei lukka dør i andre etasje.

Han byr høfleg på kaffi. Kaffikoppen får så vidt plass ved sida av alle bøkene som står på bordet.

- Ja, vi tenkte å lage eit intervju sidan du no skal gå av?

- Ja gå av og gå av, seier Skirbekk på plettfri hedemarksnynorsk. - Eg har avtent verneplikta. Eg ser fram til å sleppe dei akademiske pliktene. No vil eg bruke tida til å skrive, eg skal gjere meir av det eg likar aller best.

Han har mykje ugjort, seier han. Det er difor han går av. Dette er altså ikkje noko vemodig farvel til filosofien-intervju. Vår mest kjende filosof ytrar ikkje med eit ord at han er sliten eller har trong for å trappe ned. Han viser seg å vere om lag så engasjert som eg kan tenke meg at han var då han i 1958 gav ut boka “Nihilisme? Ein ung manns forsøk på å orientere seg”.

"Gunnar Skirbekk kjem med oppfølgaren til Nihilisme? Ein ung manns forsøk på å orientere seg. (Foto: Hilde K. Kvalvaag)"

Den tilfeldige filosof

Skirbekk var då medisinstudent, på same kull som Gro Harlem Brundtland. Han skulle bli psykiater. Filosofi var noko han dreiv med på fritida då Hans Skjervheim fekk sjå manuskriptet til “Nihilisme?” og tok initiativet til utgjeving. Heile 44 meldingar fekk denne faglitterære debutboka som snart vart ein bestseljar.

- Nihilisme-boka gjekk rett inn i eksistensfilosofiske problemstillingar som ungdom på den tida var opptekne av, seier filosofiprofessor og tidlegare kollega av Skirbekk, Jon Hellesnes. Han var gymnasiast på Voss Landsgymnas då boka kom ut og fortel at han mellom anna var på radioen og diskuterte nihilisme.

Sjølv var ikkje Skirbekk heilt medviten om at det faktisk var filosofi han hadde skrive og ikkje hadde han trudd at boka ville vekke så stor interesse.

- Denne interessa kom uventa på meg. Filosofar som Hans Skjervheim, Egil Wyller og Knut Erik Tranøy tok tak i meg og sa at dette var filosofi, eksistensfilosofi. Dermed var det gjort.

Slik hoppa den tidlegare realisten Skirbekk inn i filosofien. Men det var ikkje noko snilt miljø han kom inn i.

- Ein vart ikkje klappa medhårs for å seie det slik. Men det skal vere eit hardt fagleg miljø, elles kan det vere det same, seier Gunnar Skirbekk.

Argumentasjonens samanbrot

Skirbekk er i gong no. Han snakkar varmt om det filosofiske miljøet på 1960-talet, der mellom andre Hans Skjervheim og Jakob Meløe var sentrale aktørar. Miljøet var så lite at alle kunne vere kvarandres rettleiarar, etterpå drakk ein øl saman og diskuterte vidare.

- Ja, nei, jau. Det var bra. Vi hadde gode internasjonale kontaktar og vi fekk mange hit i kortare eller lengre periodar. Det ein i dag prøver å få til med administrative grep hadde vi spontant, det med nærleik til studentar også vidare. Det var eit engasjement og eit trøkk vi manglar litt i dag ? forresten, det vil eg ikkje seie. Det høyrest litt senilt ut. Skirbekk avbryt seg sjølv midt i ei utlegning om det han kallar gründerfasen, oppbygginga av filosofien som fagfelt i Noreg.

- Eg er ikkje ein naivt tilbakeskuande framtidspessimist, men det har skjedd ting. Akademikarane har blitt nedkjørte. Dei har for mange administrative plikter, for mykje skuleundervisning og for mykje mas. Vi har gode folk men det er blitt for mykje system som fører til slitasje på alle.

- Men var alt så bra før? Var det ikkje litt av eit bikkjeslagsmål i universitetsmiljøet på slutten av 1960-talet og byrjinga på 1970-talet, der politiske motsetnader kom i fokus?

- Nei, nei, folk tek ofte feil der. Dei klarer ikkje å skilje mellom den første og den andre fasen av studentrevolten. I det eg vil kalle den første perioden var motsetningane fagbaserte. Ein las mykje. Diskuterte mykje. Og motstandarane diskuterte sakleg med kvarandre og hos kvarandre - til dømes finn vi dei same personane som bidragsytarar i det verdikonservative Minervas kvartalsskrift og i det radikale tidsskriftet Kontrast.

- Vi var unge og engasjerte og las debattbøkene til kvarandre. Her var det faktisk mykje positiv gjensidig læring mellom dei to sidene. Så kom det eg kallar sklerosen, tilstivinga. Folk “tok side” og vart strategiske; den argumentative rasjonaliteten vart erstatta av mistankens hermeneutikk, der ein bygde ned den gjensidige argumentasjonskulturen og vart nyenkel, seier Skirbekk ivrig.

Skirbekk hadde ikkje direkte sans for maktretorikken til ml-rørsla, kan ein seie. Dei var heller ikkje særleg interessert i argumentasjonen til Skirbekk - der han plukka frå kvarandre den marxistiske ideologien slik han vart forfekta av dei unge ml-arane.

Frå tysk trancendental pragmatikk til norsk sunt vett

Likevel var Skirbekk også inspirert av marxisme, og særleg tankane til den unge Marx om modernitet og framandgjering. Skirbekk er kjend som ein fagleg brubyggjar og ein formidlar mellom tradisjonar. Mellom den analytiske angloameri kanske filosofien på den eine sida og kontinental tysk- og franskinspirert filosofi på den andre sida.

Jon Hellesnes oppsummerer Skirbekk si faglege orientering som ei blanding av tysk transcendental pragmatikk slik vi finn den hos Karl-Otto Apel, amerikansk pragmatisme og norsk common sense. Dette tyder at spørsmål frå den kontinentale tradisjonen blir tekne opp på ein begrepsanalytisk måte, med blikk for at fornufta inngår i konkrete gjeremål som krev praktisk gangsyn og sunt vett.

Skirbekk er ikkje ueinig, ikkje minst står han nærme Habermas og den argumentative rasjonaliteten, den fornuftsbaserte argumentasjonen. Men fornuftbasert argumentasjon finn ein ikkje for mykje av i Noreg, meiner Skirbekk.

- Det er godt å komme til Tyskland der ein faktisk stiller seg sjølv sjølvransakande spørsmål. Dei har traumer, dei er klar over at dei er syndige og dei kan reflektere. I Noreg tykkjer eg at den “uskuldsreine” tilstanden slår ut i naivisme.

Han er meir nøgd med noregssoga før andre verdskrig enn det som har kome etter.

- Vi var i gong med ein danningsprosess, seier Skirbekk. Han klør seg i det fint klypte skjegget og fortset med å seie at 1800-talet var bra, med gjensidig og tillitsskapande danningsprosessar, med utgangspunkt i spenninga mellom embetsstand og folkelege rørsler, og vidare med prosessane omkring 1905, medan krigstida var tida då “vondskapen kom til landet”, utan at vi makta å ta vondskapens problem innover oss - dei vonde var “dei andre”, anten dei no vart stempla som nazistar, kommunistar eller klassefiendar og det som verre er.

- Vi må opne oss for moderne kriserøynsler. Vi bør vere sjølvkritiske og audmjuke. Vi må ta modernitetens krise innover oss og erkjenne at dei vonde ikkje berre er dei andre. Ta denne mistrøstige 1905-markeringa. Det er jo ikkje slik at alt er ille eller alt er bra. Vi må som nasjon kunne skilje. Det er mangt vi med rette kan vere stolte over, medan det også er mangt vi bør forhalde oss kritisk til. Men i dei halv-offisielle massemedia har tankeløysa fått florere, ikkje minst i dei innslaga som skulle representere ein sjølvransakande kritikk.

Full mann i rosa dress

Noreg i dag er ei blanding av naivitet og mykje pengar, hevdar Skirbekk. Han ser på journalisten og spør om eg har høyrt korleis den franske diplomaten definerte nordmenn:

- Det er ein person i rosa dress som lett påsegla vandrar rundt på eit hamneområde med lommene fulle av pengar.

Skirbekk smiler nøgd.

- Eg er skremd over kor fort den neoliberalistiske ideologien slo gjennom og pulveriserte det som har vore før. Den såkalla moderniseringsministeren vil legge alt i grus. Alt skal ut på marknaden, som om det skulle vere iskrem og plastrøyr alt saman.

Skirbekk kallar det ei nasjonal skandale. Han meiner den intellektuelle Kjell Magne Bondevik burde ha skjøna at dette var pinleg. Å ha alt på marknaden er like naivt som å ha alt på staten. Det er reaksjonært, hevdar Skirbekk.

- Skal eit moderne samfunn fungere må det ha moral, sedelegheit, og ulike institusjonelle ordningar i høve til dei ulike oppgåvene og funksjonane i samfunnet, seier Skirbekk.

Skirbekk kunne ha snakka om dette heile ettermiddagen. Men det er jo ikkje slik heller at alt er dårleg her, langtifrå, seier han, mykje er bra. Men så er det å sortere det gode frå det dårlege. I følge Skirbekk er det til og med ei fare med velferdsstaten - samtidig som han nettopp vil forsvare dei offentlege velferdsordningane. Han kallar det objektiverande faktorar.

- La meg gje eit døme på kva eg meiner. Tannlegane ser skeive tenner, medan psykoanalytikarane ser trist barndom. Med slike objektivande perspektiv blir det lett ei reduksjon av menneskeverdet. Vi kan lett gløyme at myndige personar er ansvarlege for det dei gjer.

- Sjølvsagt - vi bør leggje til rette for at kvar og ein kan bli ein myndig person, og vi bør ta vare på folk og bidra til at dei får gode livsvilkår, men det blir eit dilemma mellom den moralistiske stat og den terapeutiske stat. Eit godt døme på det er forholdet vårt til innvandrarane. Vi har lett for å infantilisere dei og dermed klientisere dei, men som myndige personar i eit moderne samfunn må ein jo kunne språket og kodane. Her meiner eg at vi har vore dels feige og dels ureflekterte, seier Skirbekk.

Elitist med open dør

Det har vore viktig for Skirbekk å nå ut med filosofien - både heime og ute. Ikkje sjeldan får han e-post frå folk har han på pensum.

- Ein som skreiv frå Armenia sa at han likte boka, men han meinte vi burde hatt med meir om Francis Bacon. Ein frå Irkutsk meinte at vi var for positive i omtalen av teologane, fortel Skirbekk.

Skirbekk er aktiv i samfunnsdebatten, med alt frå avisartiklar til essay, og han har skrive lærebøker som er omsett til ei rekkje språk. Samstundes er han framfor alt ein anerkjent fagfilosof, som har omgått og samarbeidd med ei rekkje av dei mest kjende filosofane i verda.

Han har undervist i Tyskland, Frankrike og USA i lengre periodar, og han er inne i eit samarbeidsprosjekt om kulturell modernisering med kollegaer i Shanghai - men ein finn han også som professor II ved Høgskulen i Volda, der han underviser i filosofisk essayistikk.

Kven er så personen Skirbekk? Ei lita kvalitativ undersøking journalisten har gjort har brakt fram følgjande påstandar.

- Skirbekk er krevjande. Han krev mykje av andre, men endå meir av seg sjølv. Nokre kallar han ein elitist, ,men for meg er han eit førebilete. Han er ein framifrå fagperson, som er oppteken av innhaldet i det du seier, ikkje av kor gamal du er eller om du er professor eller ikkje, seier Cathrine Holst som har Skirbekk til rettleiar.

- Veldig til stades. Lett å spørje til råds, og samarbeide med, seier kollega Rasmus Slaattelid.

Fleire omtalar Skirbekk som radikal. Han er veldig allsidig. Han er ingen forskar i elfenbeinstårnet. Han har alltid døra open - og er lett tilgjengeleg. Skirbekk blir også kalla ein god universitetspolitikar. Mellom anna har han oppretta, og er primus motor for Senter for vitskapsteori.

- Men altså elitist?

- Jau, då er eg vel ein elitist, då, seier Skirbekk. For meg har det alltid vore viktig å handsame andre med respekt. Men eg vil likevel forsvare det elitistiske. Det er ingen andre stader enn ved universiteta at ein kan drive kritisk grunnforsking.

- I ein slik kultur må ein kunne gi kvarandre så øyra flagrar. Det kan ikkje berre vere eit snilt demokrati, smiler filosofen som erkjenner at han er privilegert som har fått drive med sitt eksistensielle kall i ein mannsalder.

Powered by Labrador CMS