Dyr og plantar kjem og forsvinn, både over og under havoverflata. Og for første gong sidan vikingtida har blåskjel no klart å klora seg fast ytst i Isfjorden på Svalbard.
Temperaturauken dei siste åra var grunnlaget for at førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Torleiv Brattegard, i 2003 spådde at blåskjela snart ville koma tilbake til øygruppa i Arktis, tusen år etter at dei sist levde der.
Året etter vart dei første skjela observerte. «Varmt» atlantisk vatn har frakta larver med seg opp mot nord, og desse har klart å festa seg. Stig temperaturen høgare kan skjela i populasjonen bli kjønnsmogne, og øksla seg.
Livleg flyttesjau
Sidan midten av 1990-talet er det på Svalbard og i Barentshavet kvart år funne nye artar som kjem sørfrå, i følgje Brattegard.
Det er gjerne slumpetreff som gjer at visse artar slår seg til i nye område. Dei kan ha drive med straumen, eller ha følgt med ballastvatn. Det er temperaturnivået som avgjer kor vidt dei nye artane klarar å etablera seg der dei hamnar, anten det er dyr eller algar. Og med den oppvarminga av kloden som finn stad i vår tid kan det bli ein livlig flyttesjau under vatn dei næraste åra.
- Artar er blitt danna og har forsvunne til alle tider. Det som naturen sjølv framkallar av endring er ein del av evolusjonen, og den let seg ikkje bremsa. Men me kan visa ansvar og forvalta det me vil ta vare på ved til dømes ikkje å driva fiske og fangst på visse artar. I Noreg var til dømes silda og hummaren i ferd med å forsvinna, seier Brattegard.
Truleg vil me om nokre år vera glade for at det som i dag ser ut til å vera ubetydelege skapningar er vel bevart i havet, påpeiker Brattegard.
Bioteknologien gjev oss høve til å bruka naturen på måtar som ikkje har vore moglege tidlegare. Alt levande har i seg sitt eige arvemateriale som kan vera nyttig i framtida, og brukast til medisinske og industrielle nyvinningar. Såleis kan dei aller fleste artar vera veldig «kjekke å ha» så lenge naturen tillet dei å eksistera.
Ingen grunn for menneska til å neglisjera mangfaldet, med andre ord.
Politikk og biologi
Men kva så når enkelte dyr eller algar «overtek» herredømet i visse område? Kongekrabben Paralithodes camtschatica som russarane sette ut i det austlege Barentshavet på 1960-talet har spreidd seg langt vestover, og skapt hovudbry for mange. Skrekkbilete der delar av havbotnen mest liknar ein ørken vitnar om krabbane sine herjingar.
- Åtferda til kongekrabbane endrar seg med alderen deira. Når tusenvis av unge krabbar samlar seg på grunt vatn og rotar etter mat vil det sjølvsagt setja spor. Men havbotnen vil reparere seg sjølv etter eit par år. Når kongekrabben vert eldre, spreier den seg til større område med djupare vatn.
- Men det er svært interessant å undersøkja korleis krabben, som er ein ny art for oss, vil påverka livet til andre artar, til dømes fisk som er avhengig av mat frå botnen. Når me veit meir om dette, kjem politikken inn i biletet.
- Me vert aldri heilt kvitt kongekrabben, men politikarane kan bestemma om det skal drivast fritt fiske etter krabben over alt i områda der den held til, eller berre i delar av områda.
Forskarane spør seg også kva som vil skje dersom den amerikanske hummaren Homarus americanus etablerer seg i Noreg. Eksperiment med åtferda til denne hummaren og den europeiske viser at den amerikanske innflyttaren truleg vil vinna kampen om trona.
- Når det gjeld «menneskestyrt» spreiing av artar må me vera så forsiktige som me kan. Det finst døme på at giftige algar som kan gjera muslingar, skaldyr og fisk farlege å eta for menneske er blitt frakta nesten jorda rundt i ballastvatn.
- Heldigvis finst det no på trappane internasjonale reglar for handsaming av dette, men me treng gode fagfolk og gode rutinar for å sjå til at dei komande reglane vert følgde. Me får håpe at styresmaktene får det til, avsluttar Brattegard.