– Ein kan nesten seia at å banna kan ha ein smertestillande effekt, seier språkforskar Gunnstein Akselberg. (Illustrasjon: Worlde.net/ Eivind Torgersen)

Spør en forsker: Kvifor bannar vi?

Faen, fuck, fader, søren! Satan, drit og dra! Vi påkallar Satan. Vi refererer til kroppsfunksjonar. Vi bannar, nesten alle saman. Men kvifor? Og kva er eigentleg banning?

– Tabu og kontekst er viktige stikkord når det gjeld banning og skjellsord, seier Gunnstein Akselberg, professor og språkforskar ved Universitetet i Bergen.

Eit bannord vert til ved å riva det ut av den opphavelege samanhengen. Då får det ny kraft og ein ny funksjon.

– Ein kan godt snakka om sex og avføring, det vert sett på som greitt i ein forventa kontekst – i fagtermar i ei medisinsk lærebok eller på besøk hjå legen. Men når ein engelskmann utbryter fuck eller me seier drit, då får ordet ein ny verdi. Innhaldet vert annleis, seier Akselberg.

Ifølgje forskaren finst det tre hovudkategoriar av banning. Den første er banning med religiøse omgrep. Gud, Fanden, helvete og himmel er nokre døme. Banning rundt sex skildrar gjerne kjønnsorgan og ein seier kuk og fitte, eller ein skildrar sex og seier pule eller knulle.

– I den tredje kategorien brukar ein ord som piss, drit og lort, dei litt skitne kroppsfunksjonane. I tillegg finst til dømes kategoriar som er politisk lada, der ein kallar folk for fascist eller diktator og liknande.

Religiøs straff

Sjølve ordet banning stammar frå katolisismen. Eit interdikt eller å lysa nokon i bann var ei religiøs straff.

– Innom katolisismen påkalla ein til dømes Gud og Jesus om ein trengte hjelp, og når ein seier faen påkallar ein jo djevelen. Dette har etablert seg i språket som kraftuttrykk, sjølv om me som samfunn ikkje er like religiøse lenger, seier Akselberg.

– Nesten-banning er ei litt mildare form for denne typen banning: søren, fy fader og salte er former av andre og kanskje sterkare bannord, og er nok etablerte for ikkje direkte å påkalla maktene.

Når vi bannar, er det ein måte vi uttrykkjer kjensler på. Under press kan sjølv den reinaste sjel seia faen om han eller ho smeller ei tå i eit bordbein.

– Ein kan nesten seia at å banna kan ha ein smertestillande effekt, om ein gir sterkt uttrykk for det ein kjenner så hjelper det på. Små ungar hyler jo om dei slår seg, men det skal jo ikkje sterke mannfolk gjera, seier forskaren.

Kan mista krafta

Bannord kan etter kvart mista krafta si og slutta å vera bannord. Kødd og kødding er eit døme på det. Det er eigentleg eit anna namn på eit hanndyr sitt kjønnsorgan.

– Dette er eit ord som for ikkje så lenge sidan var veldig sterkt, men som etter kvart har glidd inn i språket til mange. No er det eit ord du kan lesa i lesarinnlegg. Ein veit kva kuk, pikk og fitte er, men kødd veit nok ikkje alle kva tyder, seier Akselberg.

Han trur at menneske alltid har banna. Ser du på runepinnar på museet er det ganske kraftig språk der. Romarane banna, der var det mykje drit og avføring som prega bannespråket.

Og ein vil nok alltid banna, trur Akselberg.

– Vi treng desse kraftuttrykka. Det er sjølve hjartespråket, det kjem fram når ein vert skikkeleg pressa. Mange av bannorda vi brukar i dag vil fortsetja å brukast, men vi vil også få nye.

Sjølv banner han ikkje så mykje.

– Men helsiken, fanken og søren òg! er vel dei eg brukar om situasjonen krev det.

Powered by Labrador CMS