Med rett til å fortelje

Jussen treng eit nytt språk, meiner Jørn Øyrehagen Sunde. Med si nye bok om norsk rettskulturhistorie gir han sitt bidrag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Jørn Øyrehagen Sunde."

- Rettshistoria kan gjere juristar betre til å kommunisere med det norske samfunnet og med det internasjonale samfunnet. Det er viktig for å la norsk rettskultur påverke den internasjonale, vi har mykje godt å lære bort, seier forfattar og stipendiat Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen.

- Vidare er det viktig å få eit språk til å omsetje slik at vi kan omarbeide og integrere den internasjonale rettskulturen på eigne premiss.

Han sit på eit kontor djupt inne i Dragefjellet, populært kalt “Dødens dal”, og fortel med stor innleving om rett og gale i norsk i historie.

Med boka “Speculum Legale - rettsspegelen” har han levert eit 400 sider langt bidrag til å forstå eit stykke historie og eit stykke juss som har blitt forsømt i norsk akademia: rettshistorie.

Juss som danning

Det vil seie, Sunde kallar arbeidet sitt rettskulturhistorie. Han vil understreke ein tradisjon som går tilbake til 1700-talet og opplysningstida då franske filosofar med Charles Montesquieu i spissen sette den juridiske retten i samanheng med både natur og kultur. Det er juss som danning.

- I si tid var jussen ein veldig vid vitskap, og vi har eit handverk sterkt knytta til dei store ideane. P.A. Munch (norsk historikar frå 1800-talet red.merkn.) var jurist. Max Weber var jurist. Etter andre verdskrigen har rettshistoria hatt liten plass, handverket har tatt over. Vi har berre éin professor på feltet i Noreg i dag.

Ifølgje Sunde er det stort behov for fleire.

- I det vi blir fødde blir vi rettssubjekt. Dessverre har jussen til liks med andre vitskapar i dag fått preg av å vere ei samfunnssekt, der vi syslar med våre eigne ting. Dette er eit demokratisk problem. Vi må ha eit språk som gjer det mogleg å formidle til samfunnet rundt oss.

Moralsk panikk

Dersom vi gløymer å setje lover, reglar og juridiske prinsipp inn i ein kulturhistorisk samanheng, er det fare på ferde - særleg i tider prega av moralsk panikk.

- Det er teikn på ein slik moralsk panikk i dag, ikkje minst i USA. Vi lever i ei ustabil tid med internasjonalisering og terrortrussel. Alle blir vi utsette for press i slike periodar. Juristane si oppgåve er å bringe inn ettertanken og distansen - slik at alle vert rettvist handsama, seier Øyrehagen Sunde.

Faren, meiner den unge rettshistorikaren og juristen, er at vi i iveren etter å slå ned på dei vonde og destruktive kreftene blir så effektive at vi mister fatninga og tek uskuldige med.

Sunde meiner det er klare likskapstrekk mellom til dømes den moralske panikken som herja under hekseprossessane i kjølvatnet av den skakande reformasjonen på 15- og 1600-talet og den som oppstod i samband med dei uskuldig dømde i pedofilisaka i Bjugn, etter drapet på Birgitte Tengs på Karmøy - og dei mekanismene vi ser i sving i samband med terrorismen i dag.

- Eg har stor sans for moral. Men kampen mot terror blandar rett og moral, og då er det grunn til å vere uroleg. George W. Bush profilerer seg på moralen, akkurat som Dagfinn Høybråten.

Setje ord på kulturen

Det er her rettskulturhistoria kjem inn. Periodar prega av moralsk panikk vil kome igjen og igjen. Juristane si oppgåve er å minimere dei uheldige konsekvensane.

Utan eit rettshistorisk grunnlag - i vid, kulturell tyding - blir dei fort hjelpelause, slik Sunde ser det. “Rettskulturhistorie som forskingstema er dermed nært knytt til ein idé om retten som verkande del av samfunnet, og rettshistorie som eit verkemiddel til å sikra betre rettsleg funksjon”, skriv han i boka.

Ikkje berre terrorismen, men globaliseringa generelt skaper nye utfordringar for juristane. Verda bli meir internasjonal, jussen blir meir internasjonal.

- Til dømes vil alle kommuner bli påverka av EØS-avtalen. Skal juristar kunne omsetje internasjonal rett må ein kjenne rettskulturen. Det gjer vi ikkje i tilstrekkeleg grad i dag. Målet er å gi juristane eit språk - eg prøver å setje ord på den kulturen som juristane lever i, seier Øyrehagen Sunde.

Forteljingar for alle

Det har vore ei utfordring i eit fagfelt dominert av stivt, gammalt embetsmannsspråk. Sunde skriv nynorsk.

- Det har vore vanskeleg å skrive på nynorsk og omsetje så mange av omgrepa som er i bruk. Men det har samstundes vore ein veldig lærerik prosess som gir meg nytt perspektiv. Alternativet til nynorsk ville for meg ikkje vore bokmål, men engelsk, slik at eg kunne oppnå den same perspektiveringa.

Det er likevel ikkje snakk om ei bok retta utelukkande mot juristar. For Sunde er det å skrive rettskulturhistorie å fortelje. Og forteljingane skal vere leselege og engasjerande for alle som er interesserte i å forstå.

- Idealet for meg er å kommunisere dei avanserte ideane i eit forståeleg språk til alle som er interesserte, uten å forenkle. Alt er skrive på jussen sine premissar, men eg har ikkje brukt jussen sitt språk. Eg prøver å opne språket gjennom å bruke forteljing.

På sett og vis fell det seg heilt naturleg:

- Jussen er eigentleg ei endelaus rekkje av forteljingar. I botnen er dei alle greske tragedier og komedier, seier Sunde.

Powered by Labrador CMS