Gjennom studier av treet sin morfologi og DNA-testing, har sudanesiske Howaida Faisal AbdElRahman avdekka løyndomar som vil gjere det lettare å sikra treet si framtid.
Ho disputerte for PhD-graden 7. desember ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen.
Forma av menneskehender
Acacia tortilis er eit vanleg tre i ørken og tørre område i Nord-Afrika og på den arabiske halvøya, men utsjånaden til treet varierer frå buskar til kraftige tre med flat eller rund krone.
Fram til no har ein antatt at skilnader i morfologien skuldast at det har dreia seg om underartar, det vil seie ulikskap i arvematerialet til Acacia tortilis.
- Kjennskap til Acacia tortilis sin genetikk er heilt avgjerande for å lukkast med treplantingsprogram. Kjenner vi DNA-mønsteret kan vi mellom anna seie kva slags jordsmonn som vil gje best mogleg vekstvilkår for treet, seier Howaida Faisal AbdElRahman.
AbdElRahman sine undersøkjingar viser at arvematerialet til trass for den store skilnaden i fysisk framtoning er det same, og at det er miljø og menneskeleg bruk og skjøtsel som avgjer treet sin morfologi.
Under sterkt press
Treet er ein heilt avgjerande ressurs for befolkninga i dei tørre områda i Nord-Afrika. I mange område er denne veksten den viktigaste beiteressursen, og gjev også verdifullt vern mot den steikande sola.
Acacia tortilis er også avgjerande som ved og trevirke for befolkninga i området. Men den sentrale rolla er samtidig det største trugsmålet mot treet, og fleire stader er Acacia tortilis pressa av endringar i bruk utover grensene for det bærekraftige.
Trugsmålet mot treet sin eksistens representerer samtidig ein fare for ørkenspreiing.
Treet er ein nøkkelart i økosystema, og dersom treet forsvinn, vil også det biologiske mangfaldet og moglegheiten til å halda erosjonen i sjakk forsvinne.
- Det er sterk vilje til å verna treet. Den store utfordringa er at befolkninga i desse regionane ikkje har noko val, seier AbdElRahman.
- Dei er heilt avhengige av å gjere seg nytte av treet til mellom anna fyring. Treet sin langsame vekst utgjer også eit problem.
Håpet er likevel ikkje ute. I Sinai-ørkenen i Egypt er det sett i gong treplantingsprosjekt, og AbdElRahman sin studie gjev kunnskap som kan bidra til å gjere vidare treplanting meir vellukka.
Disputas
Fredag 7. desember disputerte Howaida Faisal AbdElRahman for PhD graden ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Ecotypes or Genotypes? The Status of the Currently Recognized Infraspecific Taxa of Acacia tortilis (Forssk.) Hayne Growing in the Red Sea Hills, Sudan and Egypt”.
Tru på utveksling
Annonse
AbdElRahman er den første kvinna frå Sudan som tek doktorgrad ved Universitetet i Bergen, og ho har håp om at styrka samarbeid mellom UiB og universitet i Sudan vil føra med seg langt fleire.
- I Sudan går svært mykje tid med til undervisning dersom du er knytta til universitetssektoren. Det er i tillegg avgrensa moglegheiter for å få økonomisk støtte til forskingsprosjekt, seier ho.
- Difor vil eit opphald i Noreg vere svært attraktivt for unge sudanesarar med eit prosjekt i magen.
Ho meiner at det tidlegare samarbeidet mellom UiB og Universitetet i Khartoum vil koma godt med i arbeidet med å få utveksling og samarbeid opp på beina att.
Engasjerte kollegaer frå begge land har halde gode kontaktar som vart etablert allereie på 1960- og 1970-talet.
- Dersom ein klarer å halde politikken utanfor, er det gode sjansar for å lukkast og at det noverande initiativet kan breie om seg til å omfatta heile Sudan, seier ho.