Ein notis frå UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Professor John-Bjarne Hansen frå UiT (t.v.), og Morten Elde frå Norinnova arbeidar i lag om å kommersialisere forskinga på venøs blodpropp.

Blodpropp-forskning skal på markedet

Kvar time får ein person i Noreg venøs blodpropp. UiT-forskar John-Bjarne Hansen utviklar ein metode som kan avsløra kven som har høg risiko for blodpropp, og korleis ein kan førebygga det. No skal prosjektet kommersialiserast.

Han og andre kollegaer frå KG Jebsen senter for Tromboseforskning (TREC) ved UiT Noregs arktiske universitet, har i mange år forska på kva som utløyser blodpropp. Dei byrjar no å nærma seg løysingar og har starta eit samarbeidsprosjekt med Norinnova, for å kommersialisere forskinga si. Partane har fått åtte millionar kroner til dette formålet frå Noregs forskingsråd.

– Vi fann trombose-forskinga veldig interessant, og vi skreiv derfor søknad saman med Hansen. Vi vil vera den kommersielle «armen» i dette, som hjelper forskarane med å få patent og samarbeidsavtalar med legemiddelindustrien, fortel Morten Elde frå Norinnova.

– Det vi ser etter i forskinga, er såkalla biomarkører – visse stoff i blodet – som kan forbindast med blodpropp. Dersom vi kan gjera ein intervensjon – altså stoppa denne faktoren – så vil det vera revolusjonerande, og enormt samfunnsnyttig, seier John-Bjarne Hansen, som er prosjektleiar.

Les meir om prosjektet på nettsidene til UiT Norges arktiske universitet?

Powered by Labrador CMS