Også ord har føter

Ein stad mellom dei enkelte stavingane og heile ordet ligg føtene. Desse føtene er eitt av fleire fenomen som utgjer dei rytmiske mønstra i språk.

Eitt ord er sett saman av ei eller fleire stavingar - det lærer me allereie i førsteklasse, når ein del av leseopplæringa er å klappe oss gjennom orda for å finne ut kor mange stavingar ordet har.

Men stavingar er berre eitt av fleire fenomen som lagar rytme i språket; tungt og lett trykk, tonelag og altså føter er andre.

Violeta Martínez-Paricio ved UiT - Norges arktiske universitet, har studert desse føtene i språket.

Ein kan førestille seg at dei ligg mellom stavingane og heile ordet, som eit mellomledd i det lydlege hierarkiet som eit ord er bygd opp av.

Denne veka disputerer Martínez-Paricio på doktoravhandlinga si; ei utforsking av små og store metriske føter.

Føter henta frå diktekunsten

- Namnet på fenomenet er henta frå diktekunsten, der me snakkar om verseføter, som er bestemte faste rytmiske mønster som dikt kan skrivast inn i. Dei meste kjende er kanskje jambe og troké.

- Men stavingar kan også samlast i føter. Det er ein relasjonell katgeori - det vil seia at den ikkje eksisterer uavhengig av staving og ord, seier Martínez-Paricio.

- Og me ser føre oss at det finst universelle reglar for korleis desse føtene opptrer. Som med andre språklege fenomen kan me analysere føtene som binære strukturar, altså doble strukturar.

Føter byggjer doble strukturar

- Eitt av mine funn er nettopp at også språk med tredelt rytme, altså med ord som har trykk på kvar tredje staving, kan delast i to.

- Føtene byggjer lag på lag oppover, slik at eit fleirstava ord med tredelt trykk, likevel kan delast i to hovuddelar, i ein binær struktur, fortel Martínez-Paricio.

- Dette har andre vist før, men avhandlinga mi, som tek føre seg åtte ulike språk frå heile verda, stadfester dette, avsluttar ho.

Referanse

Martínez-Paricio: An exploration of minimal and maximal metrical feet,  doktorgradsavhandling, Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, UiT, 2013.

Powered by Labrador CMS