Misdanningar gjev auka kreftrisiko

Ei ny undersøkjing viser at barn med misdanningar har 70 prosent høgare risiko for å få kreft. Med misdanningar i fleire organ, aukar kreftrisikoen ytterlegare.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Kreftcelle. Illustrasjonsfoto."

Forskarar har no kopla tal frå Kreftregisteret og Fødselsregisteret i Noreg og Sverige for å undersøkje kreftrisikoen blant barn med misdanningar.

Heile 5,2 millionar barn og deira familiar er involverte i studien, som er utført av forskarar frå Institutt for samfunnsmedisinske fag, Nasjonalt folkehelseinstitutt/Fødselsregisteret, Kreftregisteret og Karolinska Institutet i Stockholm.

Vedvarande auka risiko

- Vi ser den same tendensen både i det norske og svenske materialet. Barn som er fødde med misdanningar har ein 70 prosent høgare risiko for å få kreft.

- Denne risikoen er høgast i dei første leveåra, men avtar gradvis, seier Tone Bjørge, professor ved Institutt for samfunnsmedisinske fag.

Fødselsregistra i henholdsvis Noreg og Sverige vart oppretta i 1967 og 73, og personane som er involverte i undersøkjinga er no unge vaksne.

"Tone Bjørge, professor ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, har vore del av eit forskarteam som har sett på samanhengane mellom misdanningar og kreftrisiko hjå barn."

Sjølv om registerdataene dermed avgrensar moglegheiten til å fastslå kreftrisiko i eit livsløpsperspektiv, har forskarane imidlertid kunna fastslå at den auka kreftrisikoen vedvarer i alle høve fram til ung vaksen alder.

Familien går klar

Tidlegare forsking har vist tydelege samanhengar mellom ulike typar misdanningar og risikoen for ulike typar kreft.

Mellom anna har personar med misdanningar i nervesystemet ein auka risiko for å få kreft i desse organa, medan personar med Downs syndrom har auka risiko for leukemi.

- Desse samanhengane ser vi også i våre data, seier Bjørge.

Unikt ved denne nye undersøkjinga, er at forskarane no har hatt høve til å sjå på dei råka barna sine familiar.

Kreftforekomsten hjå dei nærmaste pårørande er undersøkt, og resultatet er positivt i det som elles er dystre funn. Totalt sett har ikkje foreldre eller søsken nokon auka risiko for å få kreft.

Uklar årsakssamanheng

Sjølv om det ikkje ser ut til å vere nokon felles genetisk predisposisjon bak den auka risikoen generelt sett, veit forskarane førebels ikkje nok til å fastslå kva som gjer at barn med misdanningar har ein større sjanse for å verte råka av kreft.

Samanhengen kan vere av genetisk natur eller vere basert på faktorar i omgjevnadene.

Registerforsking som dette banar imidlertid veg for viktig hypotesegenerering innanfor feltet.

Powered by Labrador CMS