Annonse

Skal varsle malaria

Årleg døyr titusenvis av menneske i Etiopia på grunn av malaria, men varsling kan redde mange av desse liva.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Klimaendringar gjer at fleire og fleire får malaria i Etiopia. Tidlegare har malariaen stoppa på 2000 meter, men no kryp den opp mot 2500 meter. Dette er dårleg nytt i eit land der svært mange bur i høglandet.

I eit tverrfagleg prosjekt med meteorologar, klimaforskarar, medisinarar og myggforskarar skal det utviklast nye strategiar for å handtere det enorme helseproblemet. Dei skal finne ut korleis overføring av malaria skjer, og utvikle metoder for varsling.

Det er visse typar mygg som overfører malaria, den fins særleg i samband med vatn og maisåkrar. Prosjektet vil kartlegge desse gjennom å kombinere informasjon om overføring av malaria med data om klima og landtilhøve og slik lage eit system for tidleg varsling.

Flest barn døyr

80 millionar menneske bur i Etiopia. 75 prosent av landmassen er rekna som malariaområde og årleg er det fleire millionar malariatilfelle. Det tyder at folk blir sjuke, men dei døyr ikkje.

Om lag ein til to prosent av dei som får malaria døyr, dei fleste av desse er barn. Men også for alle som overlever er helseplagene svært store, og det kostar det etiopiske samfunnet mykje pengar.

Malariaepidemiane er ofte store og kolliderer gjerne med intensive periodar i jordbruket. Talet på malariatilfelle i Etiopia har vore aukande. Utbreiinga av malaria varierer svært i løpet av eit år frå så godt som ingen risiko til stor.

"Malariamyggen"

Dette har ulike årsaker, som klimaendringar som gjer at myggen trivst betre, resistens mot medisin og insektmiddel, folk som flyttar til malariaområde og ekspansjon av jordbruk og utvikling av industri i malariaområde. Ein annan faktor er fattigdom.

Database over klima

- Vi treng ei betre forståing av malaria-epidemiologien, seier ein av koordinatorane i prosjektet, Bernt Lindtjørn, professor ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen.

Seks ulike fagfelt er representert i prosjektet; meteorologi, hydrologi, økologi, biologi, offentleg helse og medisinsk forsking. Forskarane skal utvikle eit sjekkesystem for etiopiske vêrdata og sjå på forekomsten av malariamygg og malariaepidemiar.

Dei skal setje opp ein database over klima og andre relevante variablar, som topografi og vegetasjon, og lage oversikt over flaum og tørke. Dei skal også sjå om globale sirkulasjonsmodellar (GCM) og varsling av havtemperatur kan nyttast som basis for å forutseie lokalt og regionalt klima i Etiopia, og skal utvikle eit sesongmessig vêrvarslingssystem.

Gjennom å bruke vêrvarslingssystemet skal dei prøve å forutseie om dei klimatiske vilkåra er tilstades for utviklinga av kraftige malaria-utbrot.

Har tru på varsling

Det er ofte eit problem i tropiske område at ein manglar gode data på klima. Klimaforskar Asgeir Sorteberg ved Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen, seier til Hubro at det er gode høve for å forutseie malariaepidemiar gjennom å studere vêrsystema.

"Asgeir Sorteberg (Foto: Bjerknes Centre for Climate Research)"

- Det vi kan prøve å seie noko om er variasjon i nedbør og temperatur. Kor mykje nedbør som kjem er knytt mot det storstilte monsunsystemet som igjen er knytt mot havtemperatur. Den delen av klimasystemet som det går an å predikere må vere knytt til storskala-klimaet, og eventuelle endringar i dette.

Vann og temperatur

Stikkordet for oppblomstring av malaria er vatn og variasjon i vassmengde.

Malariamyggen treng vatn for å klekke, men utviklinga av malaria i myggen er også veldig avhengig av temperatur. Den bør vere over 18 grader for at malariaen skal rekke å utviklast før myggen dør, og dei fleste store byane i Etiopia ligg så høgt over havet at temperaturen er lågare. Men no er dette i ferd med å endre seg.

- I andre land har ein med ein viss suksess nytta såkalla sesongvarsling av temperatur og nedbør for å varsle malariautbrot. Eg trur at dette kan vere mogleg også i Etiopia, fordi vêret er så direkte knytt opp mot storskalasystem vêrsystema og temperaturen i havet, seier Sorteberg.

Ingressbilde ved Bernt Lindtjørn

Powered by Labrador CMS