Mange gravide på medisinar

Ei ny undersøking viser at heile 83 prosent av kvinnene som går gjennom eit svangerskap, nyttar reseptbelagte medikament i løpet av dei tre siste månadene før, under og tre månader etter graviditeten. Dei høge tala overraskar forskarane.

Publisert

I ein ny studie i regi av Folkehelseinstituttet har forskarar kopla tal frå Reseptregisteret og Medisinsk fødselsregister for å undersøkje mor og far sitt medikamentbruk før og under svangerskap.

Over 100 000 svangerskap er kartlagde. Mødrene sin medikamentbruk er kartlagt over ein 15-månaders periode, frå tre månader før svangerskapet til tre månader etter fødsel. For far er det teke omsyn til dei tre siste månadene før svangerskapet.

Undersøkinga viser at totalt 83 prosent av kvinnene fekk utlevert minst eitt legemiddel i løpet av 15-månadersperioden, medan 57 prosent fekk utlevert minst eitt legemiddel under graviditeten. I motsetnad fekk berre 25 prosent av fedrene utlevert noko medikament i løpet av dei siste tre månadene før kvinna vart gravid.

- Vi ser no at ein stor andel av kvinnene brukar reseptbelagte medikament under svangerskapet. Vi hadde ikkje venta eit så høgt tal, seier Anders Engeland, professor II ved Institutt for samfunnsmedisinske fag.

Usikre verknader

Høvet til å kople tal frå dei to registera gjev forskarane unike moglegheiter til å undersøkje medikamentbruken hjå gravide og deira partnerar, og på sikt er målet å kunne studere eventuelle konsekvensar for fosteret nærmare.

I dag er kunnskapen om påverknad av fosteret låg for mange medikamenttypar, mykje fordi det ikkje er etisk forsvarleg å teste ut medisinar på gravide.

- Ofte er resultat frå dyreforsøk det einaste som er tilgjengeleg, og ein kan ikkje vere sikker på om effekten vil vere den same på menneske. Difor vil det vere stor usikkerheit knytta til kva råd ein kan gje gravide i høve til bruken av ulike typar medikament, seier Engeland.

Han understrekar imidlertid at legemiddelfirma i dag er svært varsame, og studien viser også at medikament ein veit kan representere ein fare for fosteret vert nytta i svært liten grad.

Antibiotika

Engeland peikar mellom anna på antibiotika som eit medikament der forskarane i dag har kunnskap om fleire typar som er trygge for gravide.

- Dette vil vere ei vurderingssak i kvart enkelt tilfelle, og generelt sett er fokuset på faren ved medikamentbruk under svangerskapet stort.

- Det er heller ikkje tenleg dersom fokuset fører til sterk bekymring for til dømes kvinner som kan ha nytta medikament før dei i det heile visste at dei var gravide, seier han.

Engeland peikar også på at enkelte kvinner kan ha kroniske sjukdomar som gjer at dei må halde fram med medisinering under svangerskapet.

- Ei av dei problematiske sidene ved denne undersøkinga, er at vi ikkje har opplysingar om kvifor den gravide har brukt dei ulike medikamenta. Vi må også ta forbehold om at enkelte kan ha henta ut medisinar på apoteket utan å faktisk bruke dei, seier han.

Brukar mindre når dei veit

Studien viser også tydeleg at gravide er merksame på faren ved bruk av enkelte typar medikament under svangerskapet. Spesielt minkar bruken av enkelte typar medikament dramatisk i overgangen frå 1. til 2. trimester i graviditeten.

- Etter at kvinnene har fått vite at dei er gravide, ser vi ein klar tendens til endring. Det er ikkje først og fremst talet på kvinner som nyttar medikament som går ned, men heller ei endring når det gjeld kva typar dei bruker, seier han.

Mellom anna prøver kvinnene i stor grad å slutte med antidepressiva og opiatar. Engeland understrekar at det for desse medikamenta dreier seg om ei relativt lita gruppe.

Mental eller motorisk utvikling

Når det gjeld skadeleg påverknad på fosteret, har fokuset i stor grad vore retta mot misdannelsar, men effekten av ulike typar medikament kan også råke mental eller motorisk utvikling og bli oppdaga først fleire år etter fødselen.

Gravide må imidlertid vente enno nokre år før legevitskapen kan gje sikre råd i høve til skadeverknader.

- Heldigvis er misdannelsar så sjeldne at det må eit svært stort antal fødslar til for å kunne sjå på slike samanhengar. Det er imidlertid slik at dersom det først skulle gå gale i eit svangerskap, så vert alle omstende kring graviditeten nøye kartlagt.

- Og dersom det skulle dukke opp mistanke om at eit spesielt medikament kan ha spela ei rolle, så vil informasjon om dette gå ut med ein gong, seier Engeland.