Meir obligatorisk skule fører til at færre tenåringsjenter blir gravide. Meir skule gir mindre tid til såkalla risikoaktivitetar, som å bli gravid. Og dess meir skule, dess smartare val gjer jentene.
NorgesHandelshøyskole
EvaMelvær Langaasfrilansar ved Norges Handelshøyskole
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein direkte verknad av meir obligatorisk skulegang er at fleire jenter vel å utsetje barnefødslar.
– Dette er ein utelukkande gunstig verknad, meiner professor Kjell Gunnar Salvanes, og viser til omfattande forsking som dokumenterer dei uheldige konsekvensane av tenåringsgraviditetar.
Salvesen har saman med Sandra E. Black og Paul J. Devereux samanlikna tilhøva i Noreg og USA. Resultata er publisert i artikkelen Staying in the classroom and out of the maternity ward: The effect of compulsory schooling laws on teenage births.
Her i landet får ein økonomisk stønad frå staten, noko dei ikkje får i USA. Likevel er omfanget av tenåringsgraviditetar mykje større i USA enn her heime.
Forskinga til Salvanes kan tyde på at graden av obligatorisk utdanning kan vere ein forklaringsfaktor.
Forskarane har undersøkt kva som er samanhengane mellom utdanning og barnefødslar. Ein hypotese er at meir skule gir mindre tid til såkalla risikoaktivitetar, til dømes det å bli gravid. Dette vert kalla «innesperringseffekten».
Auka humankapital
Ein annan konsekvens av meir skule er auka humankapitaleffekt: Jentene får kunnskap og innsikt.
Dette, og forventningar om meir humankapital i framtida, gjer at jenter vel å utsetje graviditeten. Dess meir utdanning, dess større forventningar til eige utdanningsnivå.
Desse to verknadene av meir obligatorisk skule fører altså til færre tenåringsgraviditetar. Det påverkar òg seinare val av jobb og andre val.
– Familien er utan samanlikning den viktigaste faktoren for å forklare investering i humankapital. Derfor var det interessant å sjå på samanhengane mellom meir utdanning og fertilitetsproblematikk.
– Vi ville finne ut om vi kan redusere sannsynet for tenåringsgraviditetar med eit høgare utdanningsnivå, seier Salvanes.
Eplet og stammen
I ein artikkel frå 2004, Why the apple doesn’t fall far: Understanding intergenerational transmission of human capital, såg Salvanes og medforfattarane på dei mekanismane som gjer at nokon investerer i utdanning, og andre ikkje.
Når jenter kjem seg gjennom ungdomstida utan å verte gravide, vil dei ha større sjanse til å skaffe seg høgare utdanning.
Men kvifor er det slik at nokon tek høgare utdanning, og andre ikkje? Og kva er bakgrunnen for desse ulikskapane?
Annonse
Det er spørsmål som står sentralt i forskinga på dette feltet, og i artikkelen frå 2004 presenterer Salvanes ulike syn på denne produksjonsprosessen.
Familien er nøkkelen
Ei forklaring tek til orde for at det er ei nær kopling mellom foreldre og barn når det gjeld utdanning. Foreldre med høg utdanning får barn som tek høgare utdanning.
Den andre forklaringa legg større vekt på preferansane til foreldra. Nokon har rett og slett ein høgare preferanse for kognitiv kunnskap enn andre.
Funna til Salvanes heller mot den siste forklaringa, altså at familien, og særleg organiseringa av familien, er nøkkelen til å forstå produksjonen av humankapital.
Sjølv om altså utdanningsnivået til foreldra har konsekvensar for utdanningsnivået til barna, har ikkje det noko med foreldra si utdanning i seg sjølv å gjere.