Berre slumpelukka?

- Ut frå strengteorien har me vore særs heldige i det kosmiske lotteriet, seier førstelektor Svein Hoff, og slår fast at dei siste åra har gjeve oss eit heilt nytt bilete av universet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Kreftene i naturen: den sterke kjernekrafta, den veike kjernekrafta, den elektromagnetiske krafta og gravitasjonskrafta er svært godt tilpassa vår eksistens.

- Dersom styrketilhøvet mellom kreftene hadde vore ørlite annleis kunne me ikkje eksistert. Strengteorien, som er den teorien som ligg best an til å vera ein altomfemnande teori for universet, opnar for så godt som uendeleg mange tenkjelege løysingar for universet. Ut frå strengteorien har me altså vore særs heldige i det kosmiske lotteriet, sa førstelektor i Naturfag ved Høgskolen i Bergen Svein Hoff, da han holdt føredrag på Forskingsdagane.

- Det andre alternativet er at alt er styrt av ei form for intelligens som har lagt tilhøva til rettes for oss, la han til, og slo fast at dei siste åra har gjeve oss eit heilt nytt bilete av universet.

Stadig ekspansjon

"Supernova"

- Den viktigaste oppdaginga som er gjort på fysikkområdet det siste året, er at me ut frå observasjonar av supernova klasse 1a, er komne fram til at universet ekspanderer snøggare og snøggare.

Studiar av bakgrunnstrålinga har dessutan slått fast at universet tok til for 13,7 milliardar år sidan, og at det er sett saman av 4 prosent vanleg masse, som vi ser ikring oss, 23 prosent mørk masse og 73 prosent mørk energi.

- Opphavleg var universet mindre enn eit atom. Det fyrste sekundet hadde universet ein særs kraftig ekspansjon, inflasjonsperioden. Dinest var ekspansjonen seinare.

Lenge trudde me at ekspansjonen av universet kunne stogga opp ein gong, men no ser me derimot at det ser ut som ekspansjonen berre aukar. Drivkrafta til ekspansjonen er den mørke energien.

- For å gjera greie for det universet me ser i dag må me altså gå ut frå mange tilhøve me veit fint lite om. Det eine er inflasjonsperioden. Me veit ikkje kva kraft som ligg bak. Me kan heller ikkje gjera greie korkje for den mørke massen eller den mørke energien. Men det er spanande at me no ser at me har mange interessante granskingsoppgåver å gå laus på, både i fysikk og astronomi, seier Hoff.

Han fortel at bakgrunnen for føredraget på Forskingsdagane er at astronomi no er kome inn i grunnplanen i fysikk både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Dermed høvde det å gje ei framstelling av det biletet forskarane i dag har av universet.

Ny kunnskap

"Førstelektor Svein Hoff"

- Heile biletet vårt av verdsrommet vart revidert på 1600-talet då ein slo fast at det var sola og ikkje jorda som var sentrum i universet. Det stod ved lag i fleire hundreår, og me visste ikkje av andre solsystem enn vårt eige. Det er ikkje meir enn 70 år sidan me oppdaga stjernetåkene, og tok til å sjå på vårt solsystem i høve til Mjølkevegen, som er den stjernetåka me er ein del av.

- Vår sol er ei av 400 milliardar stjerner i Mjølkevegen. Mjølkevegen er ein spiralgalakse med eit tverrmål på 100 000 lysår, og han er ein av 35 galaksar i vår lokale galaksehop. Hopen vår er ein del av Virgo-hopen som inneheld kring 2 500 galaksar.

- I dag veit me at universet kan hende er sett saman av mange hundre milliardar stjernetåker. Me kan i dag sjå lys frå stjernetåker som vart sendt ut for 12 milliardar år sidan. Medan lyset var på veg har universet utvida seg og er vorte fire gonger større, Dermed ligg dei fjernaste lekamane me kan sjå i universet, no mellom 40 og 50 milliardar lysår vekke frå oss.

- 2,2 millionar lysår vekke frå oss ligg stjernetåka Andromeda. Ho er halvannan gong større enn Mjølkevegen, og desse to stjernetåkene er i rørsle mot kvarandre, slik at dei vil braka saman om tre milliardar år. Men lenge før den tida, om berre 800 millionar år, vil utstrålinga frå sola - som vart danna for 4,6 milliardar år sidan - som stadig aukar, vera så sterk at det ikkje lenger kan vera liv på jorda.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS