Nekting i språket rommar stort mangfald

Korleis plasserer eit ikkje seg i setninga? På ganske mange ulike måtar, viser det seg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Christine Bjerkan Østbø Munch ved UiT Norges arktiske universitet, har studert korleis ikkje plasserer seg i nordgermanske språk - nærare bestemt i ulike norske, svenske og finlandssvenske dialektar.

Munch har studert ikkje i seks ulike posisjonar i både hovud- og undersetningar, gjennom åtte ulike dialektar.

- Me studerer dialektvariasjonar i setningsoppbygginga, medan i dialektforskinga tidlegare har ein vore mest oppteken av skilnader innan morfologi og fonologi - alstå bøyingsmønster og lydar, seier ho.

Landegrenser i språket

Utgangspunktet til Munch var ein såkalla generativ grammatikk, der tanken er at det ligg ein felles språkleg djupstruktur i alle, men at denne syner seg i tale på ulike måtar i ulike språksamfunn.

Ho var difor spent på om ho fann samanfallande posisjonelle likskapar eller ulikskapar ved bruk av ikkje, altså om det vart brukt på like eller ulike måtar i setningar, på tvers av dialekt - eller landegrensene. Det gjorde ho ikkje.

- Til dømes viss me ser på plassering av ikkje i imperativsetningar, så følgjer denne berre landegrensene. På norske dialektar kan ein seia “ikkje gå!”, men på svenske seier ein “gå inte!” - og det er inga vakling derimellom, heller ikkje i grenseområda, fortel  Munch.

- Nasjonsgrensene i språket er veldig tydelege i dette tilfellet. Men sjølv om det er likskap i imperativ, er det vanskeleg å finne samanhengar på andre område.

- Undersøkinga viser med andre ord at det ikkje er eit bestemt sett av eigenskapar som gjer at posisjonane som ikkje kan opptre i, går på tvers av dialektområda.

Omfattande materiale

Munch byggjer på eit omfattande materiale med ulike konstruksjonar og mange variablar. Såleis er det svært trygg empirisk grunn ho står på, når ho gjer analysen sin.

- Eg har både kunne hente setningar frå det nordiske dialektkorpuset og den nordiske syntaksdatabasen, og eg har sjølv vore med på feltarbeid og samla inn materiale til desse. I tillegg har eg vore med på andre feltarbeid og samla data på eiga hand.

- Metoden er at me intervjuar fire personar, kvinner og menn, unge og gamle, frå eit dialektområde. Me registerer både det dei seier i fri tale, og me spør direkte om korleis dei vil seia noko slik eller sånn, og om det er visse type setningar det går eller ikkje går an å seia i deira øyro.

- Og nekting i det skandinaviske språkområdet kan gjerast på veldig mange vis - det rommar stor variasjon, fortel Munch.

Aller størst variasjon ser det ut til at det er i dei dialektane som også kan bruke nekting i trykklett posisjon - som til dømes 'kje, 'kji, itj' og variantar av desse.

Den store variasjonen kan for enkelte strukturar også koma godt til syne i skriftspråka våre, som er svært fleksible i kva som går an å skrive.

Referanse

Munch: North Germanic Negation. A Microcomparative Perspective, doktorgradsavhandling, UiT Norges akrtiske universitet, 2013.

Powered by Labrador CMS