Detektivar i gammal engelsk

Etter mange års detektivarbeid har filologar ved Universitetet i Stavanger samla saman ei unik tekstsamling på nettet. No skal dei i gang med den mest omfattande analysen av mellomengelsk som nokon gong er gjort.

Publisert
Gamle handskrivne engelske tekstar granskas av forskarar ved Universitetet i Stavanger. Nye funn blir meldt inn til Oxford English Dictionary. (Foto: Elisabeth Tønnessen)
Gamle handskrivne engelske tekstar granskas av forskarar ved Universitetet i Stavanger. Nye funn blir meldt inn til Oxford English Dictionary. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Mellomengelsk ved UiS

MEG er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Stavanger og Glasgow som arbeider med ei brei undersøking av det engelske språket i perioden 1100-1500 (Middle English eller mellomengelsk), basert på meir enn tusen originaltekstar.

MEG er finansiert av Noregs forskingsråd som er eit frittståande prosjekt innan humaniora i perioden juli 2006-juni 2010.

Førsteamanuensis Merja Stenroos og postdoktor Martti Mäkinen ved Universitetet i Stavanger har i løpet av dei siste åra reist rundt i Storbritannia og lese originale handskrivne skinnpergament frå perioden 1300–1500. 

– Det er like naturleg for oss i Stavanger å forske på mellomengelsk som det er for engelske forskarar.

– Ingen av oss har dette språket som morsmål i noko fall, seier Merja Stenroos, som er leiaren for prosjektet som heiter MEG – Middle English Grammar.

Unik tekstsamling

MEG fekk 6,1 millionar kroner frå Noregs forskingsråd i 2006. Første del av prosjektet handlar om å transkribere dei eitt tusen originaltekstane som er teke vare på, til digitale tekstar.

I april i år lanserte forskarane ved UiS ei unik samling med ny-transkriberte tekstar frå seinmellomalderen på universitetets nettsider.

MEG-prosjektet byggjer vidare på eit tidlegare arbeid med eit språkatlas for seinmellomengelsk, Linguistic Atlas of Late Mediaeval English, gjort ved universiteta i Edinburgh og Glasgow.

Samlinga inneheld juridiske, religiøse, medisinske og astrologiske tekstar, men òg kokebøker og skjønnlitterære tekstar som romansar og drama. Dei fleste tekstane har aldri vore overførte direkte frå handskrift til digitale tekstar.

Tydinga og overføringa til digitale tekstar vart påbyrja for ti år sidan.

– Det unike med The Middle English Grammar Corpus (MEG-C) er at det er den einaste samlinga der tekstane er transkriberte direkte frå handskrift.

– Tidlegare tekstsamlingar er for det meste basert på trykte utgåver som er redigerte, og der språket er normalisert, fortel Stenroos.

Ikkje noka skriftnorm

På 1300-talet var det engelske hoffet fransktalande, og den katolske kyrkja brukte latin. Det engelske skriftspråket var så å seie ikkje i bruk.

Men utover i seinmellomalderen vart det meir og meir vanleg å skrive på det språket ein tala. Det dukka etter kvart opp skriveverkstader over heile landet, og kvar verkstad fekk sin språkvariant i samsvar med den lokale dialekten.

– Det er svært interessant for oss å studere dialektvariasjonane, sidan dei fortel oss noko om endringane i språket. Vi kan ut frå dei mange dialektorda danne oss nokre teoriar om korleis språket fann vegen til det som etter kvart vart standarden, fortel Stenroos.

Språkdetektivane ved UiS driv eit enormt detektivarbeid når dei tyder gamle handskrifter. Stavanger-teamet består av postdoktorstipendiat Martti Mäkinen, Nedelina Naydenova, prosjektleiar Merja Stenroos, Vibeke Jensen Bratland, Hildegunn Støle og masterstudentane Kjetil V. Thengs og Mari M.Landsnes. (Foto: Elisabeth Tønnessen)
Språkdetektivane ved UiS driv eit enormt detektivarbeid når dei tyder gamle handskrifter. Stavanger-teamet består av postdoktorstipendiat Martti Mäkinen, Nedelina Naydenova, prosjektleiar Merja Stenroos, Vibeke Jensen Bratland, Hildegunn Støle og masterstudentane Kjetil V. Thengs og Mari M.Landsnes. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Førsteamanuens Merja Stenroos har dei siste åra lært opp fem andre ved UiS i kunsten å tolke og transkribere mellomengelsk.

– Mange synest det er heilt håplaust i starten å tyde dei forskjellige dialektane og handskriftene, men det heile er ei treningssak. Du lærer fyrst nokre grunnprinsipp og ei rekkje forkortingar som var vanlege på den tida.

– Ein startar sjølvsagt med lette tekstar fyrst, og når ein blir kjend med frasane og forskjellige typar handskrift, då kan ein ta til med å tyda vanskelegare tekstar, fortel Stenroos.

Spennande språkfunn

Transkriberingsmeisteren fortel om mange fallgruver som ventar ein forskar i mellom-engelsk.

– Det er fort gjort å hoppa over ei linje, og det er ikkje alltid opplagt kvar ei setning tar til, og kvar ho sluttar. Sjølv om tekstane følgjer etter kvarandre i ei innbunden bok, så er det ikkje sikkert tekstane høyrer i hop. Og det hender ofte at ein og same tekst er skriven av fleire forskjellige skrivarar, seier filologen.

Mellomalderspråkforskarane i Stavanger gjer stadig funn som ingen har gjort før dei. Dei store funna blir gjerne til vitskaplege artiklar, som for eksempel ein artikkel om ein engelsk dialekt som i mange hundre år mangla ord for «han» og «ho».

Og ein av masterstudentane fann ordet «barter» (bytehandel) i ein tekst som var skriven hundre år tidlegare enn det Oxford English Dictionary hadde registrert.

– Når vi gjer slike funn, tek vi kontakt med Oxford English Dictionary og gjer dei merksame på feilen. Det som kanskje verkar som pirk for andre, er spennande språkfunn for oss, påpeiker Stenroos.

Frå fjørpenn til søkemotor

Det forskarane klør i fingrane etter no, er å byrje å bruke søkemotoren i databasen. Takka vere datateknologien kan Stavanger-filologane studere mellomengelsk i både større breidd og større djupn enn det forskarar har kunna før.

– Når databasen er fyld opp med alle dei tusen tekstane, vil han fungere som ei slags ordbok. Det blir eit heilt nytt og viktig instrument for å finne mønster i mellomalderspråket.

– Vi kan slå opp eit ord og få fram ein rekke variantar av det same ordet. Og vi kan til dømes finne ut kvifor éin stavemåte er vald framfor ein annan i visse område av landet, og slik lære meir om språket si utvikling når det gjeld oppbygnad og grammatikk.

– Databasen gjev oss ein fantastisk moglegheit til å gjere den fyrste omfattande skildringa av det engelske mellomalderspråket  som er gjort nokon gong, fortel Mäkinen.

Lenke:

The Middle English Grammar Corpus (MEG-C)