Då nynorsken kom til Transilvania

Her heime er sidemålet under hardt press. I Draculas heimtraktar har rumenske norskstudentar stor tru på nynorsken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- No skal vi lese om den bortkomne sonen!

Ein storvakst og kvitskjegga gudbrandsdøl slår entusiastisk ut med armane og set eit mildt, lysegrønt blikk i 50-60 ungdomar. Dei sit som lys ved pultane sine, i eit heilt alminneleg klasserom, med konsentrerte andlet og blyant i handa, klar til å notere dei gullkorna som måtte falle der framme ved tavla. Frå veggane stirar Ibsen og Hamsun strengt ned på både dei og denne røslege gjesten frå nord.

- «Jesus sa: Det var ein gong ein mann som hadde to søner?» Ein gong på nynorsk, ikkje en gang. Og søner, høyrer de? Son - søner. Hankjønnsord, men med uregelrett bøying, som vi snakka om. På bokmål er det?? Akkurat: sønner.

Frilansfilolog og tidlegare leiar for Noregs mållag, Ola Breivega, har heldt mangt eit språkkurs i sitt lange liv. Men aldri hadde han tenkt seg at han skulle bli den som presenterte Ivar Aasen og alt hans verk for rumenarane.

Ei kvinnes verk

Dølen les vidare frå Lukasevangeliet om faren som har fått guten sin heim att og seier: «No skal vi vera glade og fegne? » - Vera, a-infinitiv, det er lov å seie vere også. Fegen, fleirtal fegne, eit anna ord for glad. De skjøner dette?

Visst skjøner dei. Dei har då studert norsk i både to og tre og fire år. Nokre av dei held så menn på med ein bachelorgrad. For ved Babes- Bolyai-universitetet (BBU) i den transilvanske byen Cluj Napoca har dei ikkje mindre enn 135 norskstudentar. Korleis kan dette ha seg?

Det er rart kva eitt enkelt menneske kan få i stand. Professor Sanda Tomescu er sjølv norskfilolog, og gløder for faget. I 1991 fekk ho oppretta eit norsklektorat ved BBU, med 12 studentar. Faget vart raskt populært, og lektoratet er i dag blitt eit skandinavisk institutt, det einaste i Romania, der ein også kan studere svensk og dansk.

Tomescu sjølv har fått Kongens fortenestemedalje for innsatsen.

- Det er litt slump og mykje hardt arbeid som har ført oss hit, smiler ho.

- Studentar som tek eit typisk skolespråkfag, må ta eit anna språk i tillegg. Så synest dei norsk kan vere eit eksotisk val. Men vi har og lagt mykje arbeid i å vekkje merksemd rundt faget, både her til lands og i Noreg, og norske styresmakter stør instituttet vårt med bokinnkjøp og stipendordningar.

- Ei demokratisk målform

"Kort innføring i folkemålet - og dei rumenske studentane er klar for nytt på nynorsk."

For berre 15 år sidan var Aust-Europa fullt av unge filologar som aldri fekk reise til det landet språket dei studerte, vart snakka. Heller ikkje hadde dei store vona om å få høyre det frå ein innfødts munn. Det sytte Jernteppet for.

Blant studentane i Cluj er det fleire som har vore på sommarskule i Oslo eller Bergen. Men for andre er dette det fyrste - eller det andre - møtet med lys levande nordmenn. Tomescu fekk nemleg i fjor Utanriksdepartementet til å støtte eit opplegg med gjesteførelesarar frå NTNU.

Dette året er det litteraturprofessor Steinar Gimnes som har snakka om Vesaas. Frilansfilolog Breivega har nærmast slengt seg med på lasset. For stort meir enn ei generell orientering om nynorsk, og eit valfritt kurs, er det ikkje plass til i norskstudiet i Cluj. Og norsk målstrid har dei færraste studentane kjennskap til. Så dei gjer store auge når Breivega tar kortversjonen av 150 års kamp om folkemålet.

- Men det er då ganske demokratisk å ha eit skriftspråk som er bygd på dialektar, er det ikkje? Det er studentane Denisa, Claudia og Crina som spør, og som sjølve gir svaret: Jau, det trur dei. Litt rart, men demokratisk.

- Eg lærte ein del nynorsk då eg var på sommarskule i Noreg, fortel Daria, som er vitskapleg assistent på instituttet.

- Fyrst tenkte eg at dette var både merkeleg og unødvendig. Men no synest eg det er ei fin og praktisk ordning de har i Noreg.

Arbeid for dei fleste

Kva dei har tenkt å bruke norskfaget sitt til? Å, dei er ikkje i tvil: Dei vil bli tolkar og oversetjarar. Skandinaviske selskap etablerer seg med rekordfart i Aust-Europa, og lesande rumenarar ropar etter oversetjingar av vesteuropeisk litteratur.

- Det er meir arbeid for norskfilologar i Romania enn ein skulle tru. Mange av mine tidlegare studentar gjer gode pengar på oversetjing, stadfestar professor Tomescu.

Andre syter for rekrutteringa til studiet. For i byen Cluj, med 330 000 innbyggjarar, har dei norsk som valfag ved to vidaregåande skuler.

Og ikkje langt unna sit åtte rumenskfilologar som også på sitt sett puslar med det norske. Dei arbeider ved Institutul de Lingvistica, ein forskingsinstitusjon under det rumenske vitskapsakademiet. Tidlegare har dei arbeidd saman med NTNU-professor Arne Halvorsen om ei rumensk-norsk ordbok. No har dei og han planer om å lage ein rumensk grammatikk saman.

Språkleg einfald

"Arne Halvorsen fryktar at vi ender opp som kulturelle leiglendingar, om vi ikkje bryr oss om framandspråka."

Norskstudiet i Cluj er ikkje eineståande. Alle austeuropeiske land seiest å ha tilbod om norskstudium på eitt eller anna nivå.

Ved BBU kan studentane velje mellom 20 framandspråk, ved norske NTNU mellom åtte. For nokre år sidan kunne ein studere rumensk ved Universitetet i Oslo. Så gjekk professoren av for aldersgrensa. Nokon ny vart ikkje tilsatt. Samstundes forsvann nygresk, og no ryk bulgarsk. Enno kan ein studere om lag 30 framandspråk på høgare nivå i Noreg, men tendensen er avvikling av tilboda snarare enn auking.

Arne Halvorsen finn det merkeleg at fattige, austeuropeiske land tar seg råd til å halde seg med undervisning i mest all verdas språk, medan rike Noreg ikkje gjer det. Også svenske og danske universitet har langt fleire framandspråk å by på enn dei norske har.

- Noreg lider av framandspråkleg einfald! Vi synest det er viktig at utlandet får kjennskap til norsk språk og kultur, men føler tydelegvis ikkje at kunnskap den andre vegen er noko å investere i, seier Halvorsen.

- Noreg kan sjølvsagt ikkje kan dekke alle dei større språka som finst i verda. Men vi treng mange impulsar frå ulike kantar om vi skal oppnå eit språkleg og kulturelt handlingsrom og ikkje ende opp som kulturelle leiglendingar.

Powered by Labrador CMS