Store skilnader innan språk, kultur, pedagogikk og semesterinndeling gjer det vanskeleg for norske studentar å velje Japan. Ein ny rapport skal betre samarbeidet.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Samarbeid med Japan
• Japan er den tredje største økonomien i verda, eit av dei tre største forskingslanda i verda og har felles forskingsinteresser med Norge innan fleire sentrale område.
• Talet på norske studentar som tar heile eller delar av graden sin i Japan, er tredobla det siste tiåret, frå 42 i 2003 til 135 i 2013.
• Talet på japanske studentar i Noreg er nær firedobla i den same perioden, frå 27 til 101.
• University of Tokyo er rangert som det beste universitetet i Asia, plassert som nummer 23 på Times Higher Education (THE) World University Ranking 2013-14. Japan har fem universitet på topp 200-lista til THE.
Japan er eit av åtte satsingsland for kunnskapssamarbeid mellom Noreg og land utanfor Europa.
Til tross for betydeleg forskingssamarbeid mellom dei to landa dei siste ti åra, har samarbeid om studentane vært meir avgrensa.
Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) kom i vår med ein rapport som skal styrke kunnskap og interesse for Japan som samarbeidsland.
– For Noreg, som satsar på ei sterk kopling mellom forsking og utdanning, er det viktig å finne riktige partnarar innan dei forskingsområda vi vil satse på, seier seniorrådgjevar Else-Kathrine Nesmoen på SIU.
Mykje språk, lite teknologi
Fleirtalet av dei 135 norske studentane som drog til Japan i 2013, studerte språk- eller kulturfag.
– Det er vel og bra. Men vi ynskjer utdanningssamarbeid med Japan også innan andre fag, seier Nesmoen.
Forskings- og teknologiavtalen mellom Noreg og Japan legg til rette for samarbeid mellom norske og japanske forskarar innan fag som energi og miljø, matsikkerheit, avanserte materialar og nanoteknologi, polarforsking og romforsking.
– Dette er attraktive område for utdanningssamarbeid som vi håpar fleire norske institusjonar nyttar seg av, seier forskaren.
Meir på engelsk
Japan står overfor ei formidabel demografisk utfordring: Befolkninga er venta å bli redusert med ein firedel innan 2050. Landet svarar med å peike på internasjonalisering som et hovudverktøy for betre kvalitet i utdanning og for økonomisk vekst.
– Ei ny offensiv satsing på engelskspråklige kurs, betre mobilitet og verkemiddel for internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid gir nye mogelegheiter, legg Nesmoen til.
Benedicte Mosby Irgens ved Universitetet i Bergen (UiB) er ei av dei som har bidrege til den nye rapporten. Ho er førstelektor på Institutt for framandspråk og underviser ved bachelor-programmet i japansk ved UiB.
Instituttet hennar har utvekslingsavtalar med ti japanske institusjonar.
– Avstanden mellom Noreg og Japan er stor, både kulturelt og språkleg. Studentane våre må lære seg å snakke, lytte, lese og skrive på nytt, og dei får ingenting gratis. Skriftspråket er svært komplisert og tar mange år å lære, seier Irgens.
Annonse
Sjølv reiste ho til Japan som student på slutten av åttitalet, og vart den aller første norske studenten som tok mastergrad i japansk språkvitskap der.
– For meg er det å samarbeide med japanske institusjonar nokså problemfritt. For dei som jobbar med andre fagfelt enn språk og kultur, forstår eg at det kan vere vanskeleg å knekke kodane, seier ho.
Trå med varsemd
Irgens har fylgjande råd til andre som ynskjer å samarbeide med institusjonar i Japan:
– Først må ein bruke litt tid på å finne ut kva ein er ute etter. Ein bør sondere terrenget og opprette initialkontakt med nøkkelpersonar. Dei fleste japanske institusjonar har internasjonale kontor med personar som snakkar engelsk, seier ho.
Ein feil som nordmenn ofte gjer i kontakt med Japan, er å vere for frampå tidleg i kontaktfasen.
– Her må ein være grundig, bygge stein på stein, treffe folk, ete lunsjar og bli kjent med dei. Ein må trå med ei viss varsemd og ikkje være for rett fram – høflegheit spelar ei viktig rolle i den japanske kulturen. Vel ein rett partnar og er tålmodig, vil det mest sannsynleg komme gode resultat, legg ho til.
Aukande interesse
Irgens fortel om eit språkfag som i motsetnad til mange andre språk opplever aukande interesse blant norske studentar.
– I år har 78 studentar søkt seg til bachelor-programmet på UiB, fleire enn nokon gong tidlegare. Mange av studentane har ei genuin interesse for det japanske, ofte gjennom populærkultur eller dataspel, seier Irgens.
– Og dei veit i utgangspunktet meir om Japan enn studentane gjorde for 15-20 år sidan – uendeleg mykje informasjon er no berre nokre tastetrykk unna.
Ho trur tida er inne for å tilby japansk som framandspråk frå grunnskulen av, og ved fleire vidaregåande skular.
– Verda vender i aukande grad blikket mot Aust-Asia. Japan er eit velutvikla land med avansert forsking og innovasjon innan fag som er viktige for Noreg, legg ho til.