Annonse

– Forskarar blir tydelegare

Dei siste åra har forskarar blitt meir opptekne av å fange lesaren når dei skriv innleiingar til vitskaplege artiklar. – Det er nødvendig å framheve seg for å få interesse, seier Trine Dahl.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: www.colourbox.no)

– Det er gjerne i innleiinga du prøver å fange lesaren, den blir derfor veldig viktig, seier Dahl.

Ho har gjort ein studie av over 50 vitskaplege artiklar innanfor økonomi og lingvistikk. Artikkelen hennar er publisert i Journal of Pragmatics.

– Eg har gått inn i teksten og sett på strukturen og dei språklegestrategiane som forfattaren nyttar seg av for å få fram den nye kunnskapen, fortel Dahl, som er førsteamanuensis ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH.

Dahl meiner ho kan sjå ei utvikling dei siste 10 åra der forskarane uttrykkjer seg meir tydeleg.

– I staden for å seie at «det kan kanskje vere», seier dei oftare «det er».

Konkurranse

Årsakene til endringane trur Dahl er at det blir stadig fleire forskarar som publiserer artiklar, og at det er meir konkurranse om lesarane enn før.

– Eg har ein hypotese om at det kjem av at det er mange om beinet. Særleg økonomi er eit stort fagfelt, og det er nødvendig å framheve seg for å få interesse. Ved å bruke tydelege språklege signal seier artikkelforfattaren «sjå her!», fortel Dahl.

Men Dahl trur ikkje kampen om merksemda har negative konsekvensar for seriøsiteten i forskinga eller fører til meir tabloide forskarar.

– Sjølv om dei uttrykker seg sterkare innleiinga, har dei ikkje kasta alle hemningar, smiler ho.

Til stades i teksten

Førsteamanuensis Trine Dahl ved NHH.

Dahl sin studie er ein del av ein større studie, som mellom anna har sett på forskjellar mellom økonomar, lingvistar og medisinarar.

Også forskjellen mellom norsk, engelsk og fransk akademisk språkbruk blir studert.

– Økonomar og lingvistar er ikkje så ulike, særleg når vi kontrasterer dei mot medisinarane. Det er òg relativt store likskapar mellom norsk og engelsk.

– Dessutan er norske og engelske forfattarar meir til stades i teksten enn dei franske: «Vi viser», «eg meiner» , skriv norske forskarar, fortel Dahl.

Referanse:

Dahl (2008): “Contributing to the academic conversation: A study of new knowledge claims in economics and linguistics”. Journal of Pragmatics 40 (7), 1184-1201.

Powered by Labrador CMS