Like barn snakkar best

For dei fleste foreldre er det ikkje så viktig at ungane held på den lokale dialekten. Dei er mest opptekne av at barna snakkar som alle andre barn.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– For foreldra er det viktigare at barna får eit anvendeleg språk enn at dei vidarefører den språklege arven. Dei vil ikkje at barna skal bli gallionsfigurar for deira ideologiske prinsipp, seier stipendiat Edit Bugge ved Universitetet i Bergen.

Ho har sett nærare på den språklege sosialiseringa innanfor husets fire veggar.

Gjennom intervju med ei rekke familiar i ei lita bygd i Romsdal har Bugge fått innblikk i den språklege oppdraginga. Det viser seg at foreldra er meir glade i barna sine enn i språket.

Viktig å vere gjengs

Medan det i land som Tyskland, Sverige og Danmark er viktig å gje barna tilgang til eit standardspråk, er nordmenn meir opptekne av at barna skal beherske den lokale språkkoden.

– Barna skal få ein sosiolingvistisk kompetanse som gjer dei i stand til å bruke den riktige språkkoden i riktig situasjon, ifølge Bugge.

Dette handlar ikkje om rettskrivingsformene ein finn i ordlistene.

– Nordmenn har eit auge for språkleg stabilitet og standhaftigheit. Vi er opptekne av at folk skal ha ei kjerne, seier ho.

Medan foreldra er mest opptekne av at barna skal lære seg dei gjengse språklege kodane blant sine jamnaldrande, oppfattar barna sjølve at mor og far vil at dei skal snakke mest mogleg likt foreldregenerasjonen.

– Barna har ei førestilling om at foreldra vil bli kopierte. Det er eit skeivforhold her, seier Bugge.

Forhandlar om språket

Både foreldre og barn fortel dei same historiene om korleis den språklege sosialiseringa i familien går føre seg. Somme historier får nærast ein symbolstatus, ifølge Bugge.

For sjølv om foreldra i størst grad vil at barna skal snakke som andre barn, rettar enkelte likevel på barna sitt språk. Då vel dei strategiar som rommar alt frå det å seie at dei ikkje forstår til å spøke om dei språklege feila.

Samstundes har barna stor innverknad på språket i familien.

– Barna sanksjonerer knoting hjå foreldra. Dei gjev klar beskjed om kva dei meiner er riktig og passande språkleg framferd, seier Bugge.

Ifølge Bugge nærmar foreldre seg ofte språket til barna. Somme prøver også aktivt å nærme seg ungdomsspråket, mellom anna ved å legge bort bøyingsformer, men blir lett avslørte av ungdomane.

– I det store og heile fungerer familien som eit normfellesskap. Foreldre og barn forhandlar om språklege normer og held kvarandre i sjakk, seier ho.

Opptekne av det autentiske

Edit Bugge. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Dei språklege normene endrar seg over tid. Likevel finst det ei sterk førestilling om det autentiske språket, ifølge Bugge. Rundt rekna ligg denne autentisiteten to generasjonar tilbake i tid.

– Ein ungdom vil seie at hans eller hennar besteforeldre snakkar ”skikkeleg”. Dei ser på dei som språklege autoritetar.

– Men dersom du hadde spurt besteforeldregenerasjonen om kva dei tenkjer på som det autentiske språket, så hadde dei trekt fram sine besteforeldre, seier ho.

Det finst ein gullaldertanke, der ein definerer og tidfestar det autentiske språket utifrå og i passe avstand til seg sjølv, ifølge Bugge.

Slik får ulike folk i same språksamfunn ulike oppfatningar av kva som er den ”skikkelege” og autentiske lokale dialekten. I røynda eksisterer det ikkje ein einskapleg norm for kva som er ”skikkeleg” og rett dialekt.

– Det er vanskeleg å seie om dette er eit særnorsk fenomen, men nordmenn er i alle høve svært opptekne av den autentiske dialekten. Det sterke engasjementet er med på å gjere dette til eit felt det er spennande å jobbe med. Det er lett å få folk i tale. Samstundes må ein trø varsomt, for språket er felleseige, seier Bugge.

Powered by Labrador CMS