Forskar i praksis

– Eg blei skylt på den grøne bølgja frå Oslo til Lurøy på Helgeland i 1974. Eg skulle vere der eitt år, men det blei ei så god oppleving. Eg flytte frå Nordland i 1997.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor Anne Marie Støkken ved Universitetet i Agder (Foto: Sidsel Jørgensen, Fotohuset)

Anne Marie Støkken (60)

Professor i velferdssosiologi ved Universitetet i Agder (UiA).

Har nær 100 publikasjonar bak seg, innan emne som velferdsforsking, utdanningsforsking og kriminologi.

Boka En bok om markedsbyråkrati i barnevernet (Universitetsforlaget), som ho skriv saman med førstelektor Sigrid Nordstoga, er forventa i sal i august.

Erfaringa med media høyrer ikkje til Anne Marie Støkkens utelukkande gode opplevingar. Derfor var det med litt avventande forventing vi banka på døra til professoren.

Men her, i eit kontor – temmeleg A4 – på Institutt for sosiologi, sosialt arbeid og velferdsfag på Universitetet i Agder, sit professoren og ser i grunnen riktig så vennleg og avslappa ut. Spørsmålet om media får vente.

Det nordnorske bryt tydeleg gjennom i det austlandske når professoren fortel om sosiologistudenten som reiste til utkant-Noreg for å jobbe med magisteravhandlinga si om kvinner i lokalsamfunnet.

Sjølv var ho oppvaksen i det ho kallar eit borgarleg strok i Oslo, dette var verkeleg noko heilt anna.

Kvinnene på Lurøy

– Ein ting som slo meg då eg kom til Lurøy var kor mykje tid og krefter kvinnene brukte for å ta vidareutdanning. Forholda var så dramatisk ulike frå kva eg var van til, seier Støkken.

–  Berre noko så enkelt og konkret som å ta førarprøven for bil. Då det kom bilferje til Lurøy, gjekk kvinnene mann av huse til Mo i Rana for å ta sertifikat. Eg var van til å sjå på det å ta lappen når du var gammal nok som noko nær ei sjølvfølgje.

– Desse kontrastane til kva eg sjølv hadde opplevt var kimen til at eg seinare begynte forskinga på alternative utbyggingar av utdanningstilbodet, fortel ho.

Den kimen voks etter kvart til doktoravhandlinga Det usynlige Akademia. Om fjernundervisning i høyere utdanning, som Støkken leverte i 1999.

Barnehage og sosialkontor

Ein ung, kvinneleg sosiolog midt på 1970-talet: det er neppe noka bombe at ho hadde med seg eit kvinnepolitisk engasjement då ho kom til Lurøy.

– Vi var ei eiga kvinnegruppe som kjempa for barnehageutbygging i Lurøy kommune. Og det blei nok fleire barnehageplassar i Lurøy enn i andre kommunar i Nordland, ler ho.

Dei to siste av dei sju åra ho budde i Lurøy var ho sosialsjef i kommunen. Men om ho flytta frå Lurøy var ho altså langt frå ferdig med Nordland og Nord-Noreg.

Frå ho i 1980 flytta til Bodø og jobba som amanuensis ved det som den gongen heitte Nordland distriktshøgskule, har ho hatt ei omfattande akademisk karriere, som altså førebels endar her, som professor i velferdssosiologi heilt sør i Noreg.

Offentleg vs. privat

Til Agder kom Støkken i 1997. Her har ho særleg arbeidd med forholdet mellom offentleg og privat velferdsproduksjon, eit tema som har oppteke henne i lang tid.

– Den sterke utbygginga av velferdsstaten på 1970-talet gjorde at det offentlege blei stadig viktigare også som arbeidsgivar. Då den fyrste privatiseringsbølgja kom på 1980-talet blei eg oppteken av konsekvensane for desse arbeidsplassane.

- Og då eg kom til Høgskolen i Agder, som var spesielt orientert mot barnevern, var det naturleg å kople dette med forholdet privat/offentleg, seier Støkken.

I 2003, året etter at ho blei professor i velferdssosiologi, gav ho ut boka Et velferdsmarked i vekst. Privat barnevern i det offentlige, saman med professor og ektemann Børre Nylehn.

Analysen viste at privatisering i barnevernet betydde at dei tyngste barnevernsjobbane blei overlatne til private aktørar. Det offentlege betalte til saman ein milliard kroner til private aktørar for slike tenester.

Forsking og praksis

Genuin nysgjerrigheit og glede over kunnskap er viktig for Støkken (Foto: Sidsel Jørgensen, Fotohuset)

I tillegg til det reint faglege går det også ein annan raud tråd gjennom Støkkens karriere: samspelet mellom akademisk forsking og kunnskap og det praktiske livet.

Derfor er det heilt som det skal vere at prosjekta som i dag opptek henne mest, dreier seg om samspelet mellom forsking og praksis.

Praxis-Sør er fellesnemnaren. Praxis-Sør er eit samarbeid mellom BUF-etat, kommunane i Agderfylka, Knutepunkt Sørlandet og Universitet i Agder. 

Forsking og kunnskapsutvikling skal skje med utgangspunkt i erfaringane, interessene og problemstillingane til praksisfeltet, og forskinga skal gjerast tilgjengeleg for praksisfeltet og dermed skal kome både profesjonane og brukarane til gode.

Støkken er koordinator for ei av fem utviklingsgrupper, den som jobbar i forhold til sosialtenestene. Ho er prosjektleiar for det som heiter Høgskule- og universitetssosialkontor i Agder (HUSK - Agder), som skal hjelpe til kontinuerleg kompetanseheving gjennom samarbeid mellom forsking, utdanning og praksisfelt.

– Det er viktig at vi har arenaer for samarbeid der ein saman kan utvikle og vidareutvikle utdanningane og få nærkontakt med regionen rundt og gjere forskinga meir relevant.

- Og her må eg få framheve innsatsen til kollegaene mine, førstelektor Sigrid Nordstoga og Anne Halvorsen, no direktør for Agderforskning, som begge har hatt uvurderleg betyding for å få Praxis-Sør på plass, seier Støkken.

Utlendingar og kriminalitet

Men så til spørsmålet om media. Kva er det som gjer at denne milde 60-åringen, med nærmare 100 publikasjonar bak seg, er skeptisk til media? Eller meir presist: til medias evne til å formidle forsking?

Her må vi tilbake til 1989/90. Eit engasjement på Institutt for kriminologi og strafferett ved Universitetet i Oslo resulterte i rapporten Utlendinger og kriminalitet – Datakilder og metodeproblem, som ho laga saman med Sturla Falck, på oppdrag frå Kommunaldepartementet.

Hovudresultatet i rapporten var at utlendingar i Noreg verken var meir eller mindre kriminelle enn nordmenn. Men NRK Dagsrevyen laga eit oppslag som gav ein helt anna inntrykk, meinte forskarane.

Saka skulle debatterast i det som den gongen heitte Antenne 10, og Falck skreiv kronikk med overskrifta Voldsrapport misbrukt i Aftenposten, om at forskarane som hadde laga rapporten ikkje fekk vere tilstades i programmet som diskuterte resultata av forskingsprosjektet.

– Eg må nok innrømme at eg ikkje er frykteleg glad i å fronte forskinga i media. Du veit aldri kva som blir hovudoverskrift, seier ho.

–  Viktig å ha ein skikkeleg jobb

– Når du ser tilbake, kvifor blei det slik at denne unge jenta som skylde i land i ein øykommune på Helgeland enda opp øvst på den akademiske stigen?

– Nei, sei det. Det var i alle fall ikkje haldningar eg hadde med frå studietida. Då eg var student var det å ta doktorgrad ein uting. Det skapte distanse.

– Men etter kvart som ein blir eldre blir det jo viktig å ha ein skikkeleg jobb. Då eg slutta som direktør i Nordlandsforskning og skulle tilbake til høgskulen, spurde sonen min: ”Skal du slutte no når du endeleg har blitt til noko?”.

Det å vere akademikar er på mange måtar som å vere bonde, det er ikkje lett å skilje mellom jobb og fritid, seier Støkken.

– Kva var viktig i oppveksten din?

– Avgjerande har det nok vore at foreldra mine meinte at jenter skulle ha utdanning. Det var slett ikkje sjølvsagt den gongen, heller ikkje for jenter eg gjekk i klasse med.

– Men heime var det aldri eit spørsmål om det. Når det er sagt, ønskte dei nok at eg skulle bli noko ”ordentleg” når eg fyrst tok høgare utdanning. Jurist for eksempel, seier ho og ler.

– Ikkje bli for lydig

Til kvinner i akademia har ho følgjande råd:

– Ikkje bli for lydig mot systemet. Presset om å bli best, produsere og yte er der heile tida. Men dette er ein type arbeidsplass der genuin nysgjerrigheit, glede over kunnskap og lyst til å skaffe seg ny kunnskap må få lov til å rå.

– Dersom fleire kan kjenne på den fridomen, ville det vere bra. Sjølv har eg hatt fleksibilitet i det eg held på med, for eksempel har eg hatt moglegheita til å kombinere jobb og ungar. Det er eit enklare liv, sjølv om det betyr at ein må ta med jobben heim.

– Det er synd dersom standardiserte løp skal hindre studentar i å oppleve dei sidene, seier professoren i velferdssosiologi. Som hadde helt andre planar då ho var skuleelev.

– Eg skulle eigentleg bli veterinær. Eg var besett av dyr då eg var barn. Men då eg blei større, kunne eg følgje med onkelen min som var dyrlege. Og då såg eg jo at dette ikkje berre handla om små kattar og hundar som eg hadde sett for meg, men også om langt større dyr, som kyr og inseminasjon som eg slett ikkje hadde det same forholdet til.

– Men for all del, eg synest framleis det er spennande med dyr, og eg har jo sjølv ein hund. Eg skulle gjerne forska på forholdet mellom dyr og menneske, men eg er usikker på kven som vil finansiere det, ler Støkken.

Powered by Labrador CMS