Krevjande møte mellom reiseliv og lokalsamfunn

Dei som driv med utvikling av reisemål og dei som driv med utvikling av lokalsamfunn forstår kvarandre ikkje. Meir kompetanse og betre nettverk kan gjere det betre.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det treng ikkje bli konflikt mellom reiseliv og lokalsamfunn. Her er turistar i møte med eit lokalt lam. (Foto: Roar W. Vangsnes/Distriktssenteret)

Åtte punkt for å lukkast med å utvikle lokalsamfunn og reiseliv i samanheng

Folk skaper stader - saman. Natur og kultur er berre ei råvare – menneske er produsentar og konsumentar – i møte med kvarandre. Strategiar for samspel og deling av kunnskap er difor viktig.

Det er naudsynt å fokusere på «den breie verdiskapinga», der verdiar handlar om miljø, kultur, sosiale og økonomiske goder.

Det er naudsynt å ha brei kunnskap om kvar ein er – og presis kunnskap om kvar ein vil. Synsinga må leggjast bort.

Det må vere kunnskap og respekt for særpreget til staden. Dette krev både interesse- og kompetanse om feltet.

Det er naudsynt med klare retningslinjer for soning av areal med omsyn til ulike brukarinteresser.

Frie gode må utviklast som grunnlag for kommersielle gode – og omvendt.

Samhandlingskultur er viktigare enn samhandlingsstruktur når ein skal utvikle tillitsfulle nettverk.

Det er viktig å gi rom for profesjonalisering av dette nye fagfeltet

Når cruiseskipet stengjer for utsikten til fjorden eller sommargjestene festar høglytt i sentrum, kan vegen til konflikt mellom lokalbefolkninga og reiselivsinteressene vere kort. 

Det treng ikkje treng vere slik, viser ei studie Telemarksforsking har utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Auka kompetanse om lokal utvikling og tillitsfulle nettverk er det som skal til for å skape betre forståing og mindre konflikt.

– Utviklinga av reiselivet og lokalsamfunnet bør vere to sider av same sak, seier direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret.

– Slik det er i dag er det mange ulike interesser, ulik kompetanse og ulike prioriteringar. Medan den vakre naturen, dei flotte bygningane og det store besøkssenteret får merksemd, hamnar staden der dette utspelar seg, ofte i skuggen.

Forskarane bak studien stadfestar at utviklingsarbeid ofte er bygd på synsing. Først når ein stad har kunnskap om kva som er deira sterke og svake sider og omset dette i planar, struktur og ein god samspelkultur får ein til god utvikling.

– Dette gjeld både reisemålsutvikling og lokalsamfunnsutvikling, seier Holmli.

Studien fortel om låg profesjonalitet blant dei som driv utvikling av reiselivet og dei som driv anna lokalt utviklingsarbeid. Men det finst unntak.

Gode møteplassar

Det er viktig å finne fram til gode møteplassar mellom folk som bur i eit lokalsamfunn og som har ulike interesser.

– Vi må styrke kompetansen og forståinga på feltet, seier Lars Ueland Kobro i Telemarksforsking.

Kommunane har viktige roller i utviklinga av reiselivet. Samstundes betyr det mykje at kommersielle reiselivsaktørarar som vil investere kjenner til korleis lokalsamfunnet fungerer.

– Ulike interesser er ikkje berre ein trussel, det kan like gjerne vera ei positiv kraft. Skal ein få utnytta dette lokalt, treng vi å få til god samhandling og ikkje minst tillitsfulle nettverk, forklarar Kobro.

Både lokalsamfunnet og reiselivet er avhengige av at staden vert utvikla. Likevel har ikkje fastbuande og tilreisande like behov. Forskarane etterlyser meir kompetanse om lokal utvikling hos dei som jobbar med både reiseliv og lokale tilbod.

Det vil og gje ei betre forståing av kvarandre sine utviklingsoppgåver og behov.

Forskarane trekk fram kommunar som brukar kompetente og kritiske hytteeigarar som rådgivarar og samtalepartnarar i lokalsamfunnsutviklinga si som eit godt døme på korleis dette kan løysast i praksis.

Lyngdal: Fridtidsbuande som ressurs

Møteplassen mellom lokalbefolkninga og dei besøkande er også svært viktig når ein skal styrke plassen som eit attraktivt reisemål.

Lyngdal, som var ein av kommunane i forskarane studerte, hadde mellom anna ein velkomen heim-kampanje til alle sine hytteigarar som skulle til hytta i påska eit år.

Hyttemarknaden betyr meir og meir for mange kommunar og denne målgruppa har ofte dei same behova som lokalbefolkninga.

Mange tenester får stadig tettare koplingar til reiselivet, som til dømes snekkarar, røyrleggarar, butikkar og frisørar. Hytteigarane er mange stader svært viktige kunder for desse, og difor blir denne integreringa mellom fritidsbuande og lokalbefolkninga viktigare og viktigare fleire stader i landet.

Balestrand: Klassisk reiselivskommune

Balestrand er ein av kommunane som forskarane har sett nærare på. Den blir oppfatta som ein typisk reiselivskommune med Hotell Kviknes som ein motor for reiselivsutviklinga.

Men pilene peiker nedover både for arbeidsplassvekst i reiselivet og folketalsutvikling.

Det er nesten ikkje bygd nye hus i kommunen dei siste ti åra. Ordførar Harald Offerdal ser heilt klart at kommunen ikkje klarar å halda tritt med den ønskja utviklinga, og spør seg:

Korleis skal kommunen klara å nytta det potensiale som dei har for å styrka reiselivet ? Skal lokalbefolkninga bli sterkare involvert i Balestrand som reisemål? Er det ting som er viktige både for lokalbefolkninga og dei besøkande?

Eit døme her er skogbrukssjefen i Balestrand. Han har vore ein motor for tilrettelegging av stiar og løyper i skog og fjell, og på den måten blitt ein sentral aktør i reiselivet.

Referanse:

Kobro m.fl: Duett eller duell? Reiseliv og lokalsamfunnsutvikling (pdf), Telemarksforsking, rapport nr. 319.

Powered by Labrador CMS