(Illustrasjonsfoto: Paul Sigve Amundsen, SIU)

Nytt fra akademia: Store midlar til internasjonalt utdanningssamarbeid

Tre nye program for samarbeid i høgre utdanning støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) lyser ut midlar i tre program for samarbeid i høgre utdanning med Nord-Amerika, Nordområda og Russland, og midlar til prosjektetableringsstøtte innan Erasmus+. Ei fjerde utlysing i Eurasiaprogrammet er like rundt hjørnet.

Eurasia-, Nord-Amerika-, Nordområde- og Russlandprogramma støttar utdanningssamarbeid som er fagleg forankra ved institusjonane. Ein kan mellom anna få støtte til å utveksle studentar og forskarar, utvikle felles kurs og studieprogram og halde seminar, workshops og liknande.

Alle programma støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet, til dømes gjennom praksismobilitet. I Nord-Amerikaprogrammet er det eit krav at prosjekta har ein partner frå offentleg eller privat verksemd.

Prosjektetableringsstøtta innan Erasmus+ skal bidra til å auke den norsk deltakinga i dei sentraliserte tiltaka Kunnskapsalliansar, Sektoralliansar og Kapasitetsbygging. Institusjonar, organisasjonar og bedrifter som ønskjer å utvikle prosjekt innanfor desse tiltaka er velkomne til å søke.

Les meir om utlysingane hos SIU

 

Powered by Labrador CMS