OECD vil teste studentar
OECD vil innføre omfattande undersøkingar av læringsutbyttet ved institusjonar for høgare utdanning. No skal studentane vise kva dei faktisk har fått med seg.
I 2000 vart den første OECD-initierte PISA-studien utført. Her vart 15-årige grunnskuleelevar testa i kunnskapar i basisfaga lesing, naturfag og matematikk.
Dei norske elevane kom dårleg ut, og sidan har det berre gått nedover. I 2006 scora norske elevar under OECD-gjennomsnittet i alle basisfaga.
No vil OECD utvide omfanget av kunnskapsundersøkingane til å også omfatte universitet og høgskular.
I ei pilotundersøking allereie i vår, skal studentar ved universitet og høgskular i mellom anna Nederland, USA, Australia, Korea og Mexico bli testa, men også Noreg har blitt spurt om å delta i undersøkingane.
Testar undervisingskvalitet
- Prosjektet skal gjere det mogleg å samanlikne kvaliteten på undervisinga studentane vert tilbydd ved dei ulike lærestadene, fortel Ole-Jacob Skodvin, avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet.
- Til forskjell frå PISA er det her lærestadene og ikkje land som skal undersøkjast. Ein vil samanlikne institusjonar, og eventuelt fakultet og institutt, seier han.
Dermed kan kvaliteten på undervisninga ved Universitetet i Bergen bli målt og ranka i høve til andre institusjonar for høgare utdanning, både nasjonalt og internasjonalt.
I første omgang har Kunnskapsdepartementet plukka ut NTNU, Universitet for miljø- og biovitskap, Universitetet i Agder og Høgskulen i Telemark til å delta i undersøkingane.
Dette utvalet er gjort på bakgrunn av eit krav frå OECD, om at institusjonane som skal evaluerast må ha ein fagportefølje som omfattar ingeniørutvikling og -utdanning.
Det er også avgjort at biologi og økonomi skal evaluerast, men det er framleis ikkje avgjort kva for eit av desse to fagfelta som skal vere med allereie i pilotundersøkinga, fortel Skodvin.
Han seier vidare at det er lagt opp til ein generalprøve i 2009. Deretter skal den første hovudundersøkinga gjennomførast i 2010-11.
Vil gjerne bli målt
Berit Rokne Hanestad, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen, ser med stor interesse på metodar for å måle kva studentane eigentleg lærer, og reknar med at denne diskusjonen vil verte meir og meir vanleg.
- Vi vil følgje nøye med på utviklinga i denne saka. Dette er som kjent i ein startfase, og vi har til no ikkje motteke nokon førespurnad frå vårt fagdepartement.
- Men vi er svært interesserte i metodar for å kunne måle læringsutbyttet i høgare utdanning.
- Vi reknar med at temaet vil bli meir og meir vanleg etter at alle europeiske lærestadar har innført kravet om at det i alle studieprogram skal bli informert om forventa læringsutbytte, seier ho.
Hanestad understrekar at UiB som forskingsinstitusjon ønskjer å sette søkjelyset på korleis forsking bidreg til betre læringsutbytte i undervisninga, og peikar på at UiB skal arrangere ein nasjonal konferanse om forsking i utdanning 3. april.
- Når det gjeld kvalitet i utdanninga elles, har UiB førebels delteke i eit kvalitetsforbetringsprosjekt i form av benchmarking av våre internasjonale studieprogram med fire andre lærestadar, universiteta i Århus, Turku, Göteborg og Kiel. For tida vert også våre PhD-program samanlikna, seier ho.