Lærer respekt i klasserommet

Lærarstudentar ved Universitetet i Stavanger er aktive deltakarar forskingsprogrammet Respekt. Målet er å hjelpe lærarane til å vere tydelege og sette grenser, og samtidig vise omsorg for elevane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Store delar av kursinga i programmet tek derfor føre seg klasseleiing.

- Dette er noko vi veit vi får bruk for. Eg har ikkje erfaring som lærar og synest derfor at overgangen frå skulebenk til klasserom er stor, seier Karen Johannessen, som tek praktisk pedagogisk utdanning på heiltid dette skuleåret.

Eg håper at erfaringa frå dette prosjektet vil gjere at eg kan føle meg tryggare i rollen som lærar, seier ho.

Kursing

Forskingsprosjektet undersøkjer kva utbyte studentane har av å få same kursing som lærarar i skuleutviklingsprogrammet Respekt.

Programmet er utvikla av Senter for åtferdsforsking (SAF) ved Universitetet i Stavanger (UiS), og har som mål å sette tydelege standardar i ein skule der alle respekterer kvarandre.

No skal dette prøvast ut på sju skular i Sandnes og Stavanger. Saman med godt og vel 3 000 elevar og 300 lærarar, skal dei 50 studentane frå allmennlærarutdanninga og den praktisk pedagogiske utdanninga ved UiS, ta aktivt del i utprøvinga.

Gler seg

Kristian Malde, student på fjerde året ved allmennlærarutdanninga, har tru på at deltaking i prosjektet vil gjere han til ein god lærar.

- Eg håper å lære korleis eg kan vere ein tydeleg klasseleiar. Ein lærar som set grenser og som stiller krav, vil få respekt frå elevane, samstundes som det er viktig at læraren respekterer elevane tilbake. Å vere god på klasseleiing gjer at uroa i klassen forsvinn, og færre elevar lagar problem, seier han.

Også problemåtferd, mobbing, konsentrasjon og disiplin er tema som blir tekne opp i programmet. I forskingsprosjektet vil ein finne svar på kva for effekt programmet har på elevane på dei sju skulane, på lærarane deira og på studentane i praksis.

- Vi skal forske på kva skulane, lærarane og studentane får til. Ved å samanlikne ulike studentar og lærarar før, under og etter programperioden, håper vi også å sjå interessante skilnader, fortel professor og prosjektleiar Erling Roland ved SAF.

Roland gler seg til å få studentane med i forskinga.

- Vi har aldri forska direkte på studentar før. Eg har stor tru på prosjektet og håper det vil vere til nytte både for studentane, skulane og lærarutdanninga. Teori og praksis går hand i hand her. Det er ein god kombinasjon, forklarer han.

God læring

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom SAF, Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk (IAS) ved UiS. Universitetslektor Gro Næsheim-Bjørkvik ved IAS, som sjølv skal forske i prosjektet, trur studentane vil ha stort utbyte av å vere med.

- Gjennom kursrekka får studentane praktisk kunnskap om korleis dei kan handtere både kvardagssituasjonar og spesielle konfliktar. Kollektive strategiar er ei stor utfordring for ein skule, og det må være spanande for studentane å sjå korleis lærarane på skulen får dette til, seier Næsheim-Bjørkvik og held fram:

- Samstundes får studentane sjå korleis dei sjølv klarer å løyse oppgåvene. Dei får betre innsikt i skulekvardagen og dei problema dei kan møte som lærar i skulen, seier ho.

Også Narve Dolve, universitetslektor ved PPU, trur studentane vil lære mykje av å vere med.

- Deltaking i eit slikt prosjekt vil kunne gjere at studentar blir inspirerte til å studere pedagogikk. Dei vil kunne oppleve at pedagogisk kunnskap er avgjerande for å lukkast som lærar. Gode lærarar er dessutan den viktigaste enkeltfaktoren for å utvikle ein skule som tek vare på elevar som er forskjellige, seier Dolve.

Han er glad for at både han sjølv og studentane hans får sjansen til å vere med i prosjektet.

Brei forsking

I tillegg til at både programmet og prosjektet satsar breitt, er det også mange som forskar i prosjektet. Forskinga rommar alt frå studentoppgåver og masteroppgåver til doktorgrader og anna vitskapleg produksjon.

- Eg er privilegert som får vere med. Eg har ei heil forskargruppe som kan rettleie meg i mi eiga oppgåveskriving. Det gir mange moglegheiter, samstundes som det forpliktar, seier masterstudent Per Jarle Marsli, og held fram:

- Det er kjekt å bli inkludert i ei forskargruppe. Ein får eit godt kontaktnett. Dessutan er det spanande å sjå korleis dei andre forskarane arbeider med eit emne som eg sjølv er så engasjert i, seier han.

Bodil Anne Kalgraff er også masterstudent i prosjektet. Ho gler seg til å forske på programmet og dei menneskelege og praktiske sidene i skulekvardagen.

- Fagbøkene kjem aldri til å slå oss eller sette oss ut av spel. Det er menneska som er verktyget vårt. Fordi eigne erfaringar er ein så viktig del av prosjektet, har eg stor tru på det, seier ho.

Praktisk nytte

Nettopp denne praktiske erfaringa er ei viktig årsak til at lærarstudentane melde si interesse.

- Ein får eit betre innblikk i det å vere lærar. Ved å bli kursa i klasseleiing, får vi mange gode tips til kva vi kan gjere dersom elevane ikkje respekterer oss som lærarar. Med gode oppskrifter i sekken vil vi tore å gjere oss eigne erfaringar når vi er ute i praksis, seier Janette Holmen, student på fjerde året på allmennlærarutdanninga.

Karen Johannessen frå PPU er einig.

- Eg vil gjere mine eigne erfaringar, då lærer eg mest. Eg håper erfaringa mi med prosjektet vil gjere meg til ein betre lærar, og at deltaking i prosjektet vil gjere meg meir attraktiv som lærar når eg skal søkje jobb, seier ho og konkluderer:

- Dessutan er det aldri nokon ulempe å lære meir. For meg er det grunn nok i seg sjølv.

Fakta om Respekt-programmet

- Skuleutviklingsprogrammet Respekt skal få human respekt inn i skulen. Oppskrifta er tydelege lærarar som viser omsorg.

- I skuleutviklingsprogrammet heiter det at elevane skal vise respekt i ord dei seier, blikk dei sender, for bygningar, materiell og avtalar. Elevar skal vise kvarandre respekt, og elev og lærar skal respektere kvarandre.

- Respekt-programmet er utvikla av Senter for åtferdsforsking ved UiS. Programmet, som tidlegare heite Connect, har vore prøvd ut på 30 skular i Oslo med svært gode resultat. Programmet har ein brei profil, der mobbing, konsentrasjon og disiplin står i fokus.

- For skuleåret 2006-2007 er Kannik, Gautesete, Tasta og Tastaveden skule frå Stavanger med i programmet. Frå Sandnes er Skeiane, Sandved og Porsholen med. Til saman deltek over 3 000 elevar og 300 lærarar.

- I tillegg til forsking på programmet si effekt på skulane, er lærarstudentar frå UiS med i prosjektet. 50 studentar frå allmennlærarutdanninga og Praktisk pedagogisk utdanning får same opplæring som lærarane på skulane som er med i programmet.

- Forskinga rommar alt frå studentoppgåver og masteroppgåver til doktorgrader og anna vitskapleg produksjon. Målet med forskingsprosjektet er ein betre skule for alle, både lærarar, elevar og nyutdanna lærarar.

Powered by Labrador CMS