Heile 27 av dei 30 som deltok i kodetimane ved Leikanger skule, svarte at dei gjerne ville lære meir om koding, aller helst på skulen. (Foto: Wimsy Møller, Samfoto, NTB scanpix)

Bør kidsa kode på skulen?

– Kunnskap om korleis digital teknologi fungerer er sentralt i eit samfunn som vårt, seier forskar. 

På PC-skjermar over heile klasserommet ventar ein liten, gul katt. Han ventar fordi elevane må skrive kode, altså programmere han, for at han skal kunne gjere noko som helst.

Framfor skjermane på Leikanger barneskule jobbar konsentrerte tiåringar i par. I kodetimane det siste året har dei lært at datamaskina er stokk dum – det er dei som må fortelje ho kva ho skal gjere. Skriv dei koden rett, kan katten gjere nesten kva som helst – hoppe, vinke eller lage lyd.

Ivrige hender flyttar og kombinerer små, farga boksar med bitar av datakodar. Og snart skal katten gjere akkurat det dei har tenkt.

IT-bygda Leikanger

Den gule katten på elevane sine PC-skjermar kjem frå Scratch, eit visuelt programmeringsspråk du kan bruke til å lage små program, som spel eller forteljingar med animasjonar. Det er Media Lab ved det amerikanske teknologiuniversitetet Massachusetts Institute of Technology (MIT), som står bak programmeringsspråket. Scratch ligg fritt tilgjengeleg på nettet, også i norsk versjon. Skaparane er klare på at koding er av stor verdi for ungar fordi det fremjar kreativitet, systematisk tenking og samarbeid – «essential skills for life in the 21st century».

At koding er viktig og lærerikt var også oppfatninga blant ei gruppe av IT-ekspertar i bygda Leikanger i Sogn som i 2014 etablerte ein kodeklubb retta mot barn frå 4. til 8. klasse.

Leikanger har 2300 innbyggjarar og heile 800 offentlege arbeidsplassar, mange av dei innan IT. Ein av dei store arbeidsplassane er Difi, Direktoratet for forvaltning og IKT, der mange av instruktørane i klubben er tilsette. Instruktørane frå kodeklubben tok etter kvart kontakt med den lokale barneskulen for å føreslå eit samarbeid. Resultatet blei ein serie kodetimar for utvalde klassar på mellomtrinnet – til saman fire dobbelttimar det siste året.

Seine til å ta i bruk ny teknologi

Med fleire pc-ar, nettbrett og smarttelefonar i kvart hus er det nærliggjande å tru at den digitale kompetansen i Noreg er langt over snittet elles i verda. Men då Digit-utvalet la fram rapporten «Hindre for digital verdiskaping» i 2013, uttrykte dei tvert om ei uro over den digitale kompetansen i Noreg: Vi er seine til å ta i bruk ny teknologi og med mangelfulle innsikt i IT-verda, går vi altfor ofte i digitale feller.

Hilde G. Corneliussen, forsker ved Vestlandsforskning. (Foto: Vestlandsforskning)

– Vi omgir oss med datamaskiner og samfunnet vårt er i stor grad avhengig av digital teknologi. Difor er det viktig at vi ikkje berre veit korleis vi skal bruke datamaskinene, men òg korleis dei fungerer, seier Hilde G. Corneliussen og Lin Prøitz ved Vestlandsforsking, som saman med Leikanger barneskule har gjennomført ein forstudie om korleis koding fungerer i skulen.

Eige skulefag i Storbritannia

Koding er ein evne på frammarsj. Det finst etter kvart kodeklubbar over heile verda. Malala Yousafzai og Barack Obama er blant kjendisane som frontar ein nettkampanje i regi av organisasjonen Code.org. Det dei vil fram til er at alle kan og bør lære seg å kode, om så berre litt.

For å få fleire med held organisasjonen ei årleg kodeveke der målet er å få programmerarar og andre IT-kunnige til å besøke skular for å gje elevane ei kjapp og inspirerande innføring i programmering. På norsk heiter veka Kodetimen. Arrangøren Lær Kidsa Koding opplyser at 25 000 norske elvar deltok i fjor. På verdsbasis skal heile 110 millionar elevar ha delteke i Hour of Code.

2014 var òg året då koding blei eit eige skulefag i Storbritannia. I den norske skulen, derimot er koding førebels ikkje ein del av læreplanen. Digit-utvalet kritiserte Kunnskapsløftet for å ha hoppa bukk over koding i skulen. Det som derimot er ein god nyhende for kodeentusiastane på Leikanger, er at regjeringa vil prøve ut koding som valfag neste skuleår på opptil 20 ungdomsskular. Andre planar om eit kodefag er ikkje lagt fram.

«Men jenter kan lære det»

At koding er givande for elevane på mellomtrinnet, går tydeleg fram av studien frå Leikanger barneskule. Då dei 30 elevane vart spurde kva som var morosamt med koding, svarte den eine berre: «Alt».

Ein annan elev sette pris på å lære korleis eit spel blir til. Fleire la vekt på det frie og skapande ved kodinga, med svar som: «Ein kan lage det ein sjølv vil» og «Det er mitt eige spel». Dei aller fleste svarte at koding var morosamt, og heile 24 av dei 30 tykte dessutan det var viktig å lære seg koding.

På spørsmål om kvifor, svarte ei jente at «Jenter pleier ikkje å like teknologi, men jenter kan lære det». Akkurat denne grunngjevinga er interessant, tykkjer Corneliussen:

– Den rådande oppfatninga er jo at IT er mest interessant for gutar. Men måten denne eleven svarar på, viser at erfaringa med koding på skulen har endra synet hennar, seier Corneliussen.

Kvinnelege pionerar

Vi kjenner alle stereotypen, ein oppslukt nerd på guterommet med dårleg lufting og gardinene trekte for. IT-jobbar og faget informatikk er av tilfeldige grunnar blitt eit mannsdomene i vår del av verda, og det er få som veit at faget har tidlege, kvinnelege pionerar – som britiske Ada Lovelace eller admiral Grace Murray Hopper i den amerikanske marinen.

Medan Ada Lovelace blir rekna som verdas første dataprogrammerar for sitt bidrag til utviklinga av Charles Babbages The Analytical Engine, ein mekanisk datamaskin på 1840-talet, fekk Hopper ei nøkkelrolle i etterkrigsåra med å utvikle programmeringsverktøy og programmeringsspråk som skulle gjere det enklare å programmere datamaskiner.

– Datahistorikarar har slått fast at arbeid knytt til programmering var tilgjengeleg for kvinner i 1950- og 60-åra, seier Corneliussen.

Men informatikkutdanningane har framleis ujamn kjønnsbalanse. Corneliussen og Prøitz har tidlegare arbeidd med IT i eit kjønnsperspektiv og mellom anna sett på rekruttering til IT-fag. Når forskarane vender blikket mot skulen, er det fordi skulen er ein arena der alle er med.

– Fleire røyster hevdar at programmering representerer viktig kunnskap for dagens samfunn, og er det slik, må ein aktivt gå inn for å inkludere jentene, seier Corneliussen.

Har lærarane kompetansen dei treng?

Grunnleggjande koding handlar mest om å følgje ei oppskrift. Ein av Leikanger-elevane svarte at ho likte å kode fordi det minner om å bake. Men der ein bakar kan slumse litt med måla og likevel få ei god kake, må den som kodar vere pinleg nøyaktig.

– Bagatellmessige skrivefeil som kan vere vanskelege for eit utrent auge å sjå, vil føre til at programmet ikkje fungerer eller gje heilt feil resultat, forklarar Corneliussen. Er det då realistisk å tenke seg at norske lærarar kan bli gode nok i koding til å undervise utan hjelp frå IT-ekspertar?

Leikanger barneskule ser kompetanse som den største utfordringa ved å skulle undervise i koding. Men lærarane er positive og entusiastiske. Enkelte av dei har på eige initiativ valt å delta på kodeklubben på kveldstid for å bli dyktigare.

På ein konferanse for skulefolk i fylket, viser ein av desse lærarane, Torunn Gro Blomdal, korleis ho etter kvart har fått den gule katten til å sparke fotballar mot eit mål. Målvakta ho har designa, er ei rosa sjøstjerne som hoppar opp og ned i det tempoet ho har valt. 

– Framtidas skule inneheld koding

Trass i eit klart behov for kodeevner blant lærarar, er Leikanger barneskule positiv etter å ha evaluert årets forsøk med kodetimar på mellomtrinnet. Skulen meiner koding har stor nytteverdi både når det gjeld lesing og forståing av dataspråket. Dei trekkjer dessutan fram korleis kodinga har gitt elevane innsikt i IT-relaterte yrke og ikkje minst at det finst fleire lokale arbeidsplassar med IT-jobbar i bygda.

Foreldra forskarane har intervjua, har ivra for at ungane skal få eit gløtt inn bak dei digitale flatene elevane brukar så myke tid på. Også elevane er ganske eintydige. Heile 27 av dei 30 som deltok i kodetimane, svarte at dei gjerne ville lære meir om koding, aller helst på skulen.

– For dei involverte i studien er ikkje spørsmålet kor vidt koding har ein plass i skulen, men snarare korleis det kan gjennomførast, kor skulen kan få hjelp og kva som vil stå i framtidige læreplanar, seier Corneliussen.

– Det som kompliserer spørsmålet om koding i skulen, er at koding i grunnen berre er namnet på ein djupare digital kompetanse. Kunnskap om korleis digital teknologi fungerer er sentralt i eit samfunn som vårt. Det vi difor konkluderte med etter forstudien var at framtidas skule kjem til å innehalde koding i tillegg til mykje anna knytt til digital kompetanse. Ein skule utan dette som ambisjon for framtidas generasjonar verkar utenkeleg, seier forskaren ved Vestlandsforsking.

Referanse:

Hvordan møter skolen økt frivillig engasjement for å lære barn koding? Erfaringer med koding for barn i og utenfor skolen, Hilde G. Corneliussen og Lin Prøitz
http://www.vestforsk.no/filearchive/vf-rapport-6-2015-koding-i-skolen.pd...

Powered by Labrador CMS