Annonse

Skuleprogram med langtidseffekt

Ny forsking viser at skuleutviklingsprogrammet Respekt verkar godt også etter at skulane er ferdige med programperioden. Reduksjonen i problemåtferd som skulane oppnår ved å bruke programmet, held seg over tid.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Respekt-programmet har dermed klart å bli så godt implementert at skulane sjølve klarer å oppretthalde dei gode resultata når dei skal vidareføre arbeidet på eiga hand.

Dette er gode nyheiter for Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger, som har utvikla programmet.

Tilegner seg strategiar

- Vi har funne at elevar ved skular som deltek i Respekt-programmet opplever mindre disiplinproblem, konsentrasjonsproblem og mobbing ikkje berre medan dei deltek i programmet, men også etterpå, seier førsteamanuensis Sigrun K. Ertesvåg ved senteret.

Saman med kollega Grete Sørensen Vaaland har ho skrive artikkelen “Prevention and Reduction of Behavioural Problems in School: An evaluation of the Respect program” som no er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Educational Psychology.

Så langt Senter for åtferdsforsking kjenner til er dette den einaste studien i Noreg der ein evaluerer effekten av skulebaserte program over lengre tid.

- Dette tyder på at skular tilegner seg strategiar gjennom programmet som gjer dei i stand til å førebygge og redusere problemåtferd i eit lengre tidsperspektiv, seier Ertestvåg.

Han har mellom anna studert skular i Oslo som starta opp med det treårige programmet i 2002.

Effekt på ungdomstrinnet

Dei to forskarane har også funne at skular som brukar programmet oppnår reduksjon i problemåtferd også på ungdomstrinnet.

Tidlegare studiar, også norske, har vist at det er vanskelegare å oppnå resultat på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet.

- Sjølv om resultata varierer i denne studien også, ser vi at programmet gir effekt også for dei eldste elevane.

- Vi har funne at programmet har ein særleg god effekt på disiplinvanskar og konsentrasjonsvanskar, fortel Ertesvåg, som gir skryt til skulane for deira innsats i arbeidet.

Mindre disiplinvanskar

- Internasjonale studiar fortel dessutan at norske elevar har større disiplinvanskar enn elevar i land vi likar å samanlikne oss med. Med studien vår viser vi at det finst effektive tiltak mot disiplinvanskar om dei berre blir tatt i bruk, seier ho.

- I media har fleire etterlyst læraren som autoritet i undervisningssamanheng. Vi kan ikkje gå ut i frå at den einskilde lærar utan vidare veit korleis han skal oppnå dette.

- Gjennom Respekt-programmet får lærarar kunnskap som gjer dei i stand til å framstå som tydelege vaksne som set grenser for elevane, men samstundes støttar den einskilde eleven, seier Ertesvåg og held fram:

- Lærarar som framstår med autoritet vil kunne redusere førekomsten av problemåtferd som disiplinvanskar og konsentrasjonsvanskar og dei vil kunne skape gode læringsmiljø. Noko som er ein føresetnad for fagleg læring.

Powered by Labrador CMS