Vellukka forsøk med arbeidslivsfag

Både elevar og lærarar er svært positive til forsøket med arbeidslivsfag i ungdomsskolen. Forskarar tilrår at det blir ei fast ordning.

Elevane er godt motiverte for arbeidslivsfaget. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
Elevane er godt motiverte for arbeidslivsfaget. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Om arbeidslivsfaget

Sidan hausten 2009 har arbeidslivsfaget vore gjennomført som eit forsøksfag i ungdomsskolen.

Forsøket gjer det mogleg for elevane å velje eit praktisk orientert fag som eit alternativ til framandspråk (tysk, fransk, spansk, m.v.) og fordjupning i norsk, engelsk eller samisk.

Faget blei innført som eitt av fleire tiltak for å gjere ungdomstrinnet meir variert. Ein av intensjonane med forsøket er å styrkje elevanes faglege motivasjon.

Om evelueringa

Nova fikk i 2010 i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å vurdere røynslene frå forsøket gjennom ei forskingsbasert evaluering.

Bakgrunnen var eit ønskje frå myndigheitene om å få eit kunnskapsgrunnlag for eventuelle avgjerder om å gjere faget til eit permanent tilbod til alle ungdomsskuleelevar.

Forskarane har følgt forsøket sidan 2010 og fram til våren 2013. I denne perioden er det publisert to rapportar om forsøket, i tillegg til sluttrapporten.

Les meir om prosjektet hos Nova

Faget har blitt ein suksess blant både lærarar og elevar.

70 prosent av elevane som har arbeidslivsfag som valfag, fortel at det er det beste faget dei har på skolen. Berre åtte prosent seier at dei ikkje trivst.

– Vi får drive med andre ting enn å bare sitte ved en pult å stirre på tavla. Det er mye lettere å lære da man gjør praktiske ting som vi gjør i arbeidslivsfag, fortel ein elev i evalueringa som Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (Nova) har gjennomført.

Dei elevane som har valt faget, er ofte elevar som er lite motiverte for skolearbeid, og dei fleste er gutar. Dei fortel at dei opplever faget som eit pusterom i skolekvardagen, og at dei utviklar andre ferdigheiter her enn i dei andre faga.

Evalueringa viser tydeleg at elevane er godt motiverte for faget.

– At arbeidslivsfaget klarar å tilby elevane gode meistringsopplevingar dei elles ikkje ville hatt i skolen, er viktig å legge merke til, meiner prosjektleiar Anders Bakken.

Hovudkonklusjonen til forskarane som har følgt forsøket, er at det bør bli ei fast ordning i heile landet.

Formålet med å innføre eit forsøk med arbeidslivsfag var å tilby elevane i ungdomstrinnet eit alternativ til framandspråk. Det skulle vere praktisk orientert, men også ha fokus på grunnleggjande ferdigheiter.

Faget skulle telje på linje med språkfaga, og elevane skulle få karakter i faget. Heile 133 skolar over heile landet har tatt del i forsøket.

Lokale partnarar gjev nøgde elevar

Faget har blitt organisert ut i frå dei lokale ressursane som har vore tilgjengelege.

– Skolane har hatt stor fridom i korleis dei har valt å organisere faget, og dei fleste er nøgde med resultatet, fortel Bakken.

Mange har sett til yrkesutdanningane i vidaregåande, og har innslag av mellom anna faga bygg- og anlegg, restaurant- og mat og helse- og oppvekst.

Nokre tilbyr opplæring utanfor skolen og samarbeider med arbeidslivet lokalt, men dette har ikkje vore eit krav. Mesteparten av undervisninga har gått føre seg på skolane.

– Det kjem likevel klart fram i evalueringa at dei som brukar lokalt arbeidsliv som partnar, og har delar av undervisninga utanfor skolen, har dei mest nøgde elevane, poengterar Bakken.

Meir motiverte for andre skolefag?

Anders Bakken. (Foto: Nova)
Anders Bakken. (Foto: Nova)

Forskarane har óg undersøkt om dei som har arbeidslivsfaget, óg har fått styrkt motivasjon for andre fag i skolen som til dømes matematikk.

Dei har spurt både elevane og lærarane. Medan lærarane meiner elevane har blitt meir motiverte for anna skolearbeid, er det få av elevane sjølve som er einige i dette.

I tillegg har forskarane sett om karakterane til dei som har hatt faget, skil seg frå karakterane til tilsvarande elevgrupper på andre skolar som ikkje har hatt faget. Her ser dei ingen skilnadar mellom gruppene.

– Vi kan difor ikkje seie at deltaking i arbeidslivsfaget verkar motiverande for skolearbeidet generelt. Det ville likevel vore interessant å følgje elevane over i vidaregåande, og sjå om deltakinga har ein effekt på talet som droppar ut dei komande åra, seier Bakken.

Referanse:

Bakken, Dæhlen & Smette (2013): Forsøk med arbeidslivsfag på ungdomstrinnet. Sluttrapport fra en følgeevaluering, NOVA-rapport 11/13.

Powered by Labrador CMS