Skogen – den nye olja?

Idear om kva som er mogleg. Ein god balansegang mellom private og offentlege verksemder. Ein aktør som tek saka. Ifølgje professor Jan Frick er dette oppskrifta for korleis skogen kan gje nytt liv til Bygde-Noreg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

KISoLL (2006–2009)

KISoLL er eit Regions of Knowledge-prosjekt i det europeiske 6. programmet for forsking med avsluttande rapportar i 2009. Målet for prosjektet var å styrkje grunnlaget for fleire kunnskapsbaserte næringar og arbeidsplassar på lokalt nivå.

Universitetet i Stavanger har samarbeidd med Rogaland Kurs og Kompetansesenter (RKK), kommunane i Dalanerådet, Ryfylke IKS i Rogaland og Sirdal kommune i Vest-Agder i tillegg til bedrifter, organisasjonar og
universitet i dei andre partnarregionane i Niedersachsen i Tyskland, Tartu i Estland og Burgenland i Austerrike.

Bioenergi i Ryfylket er eit av dei lokale prosjekta i KISoLL. Målet her har vore å auke merksemda om fornybar energi som miljø- og næringstiltak. Rapportane viser at denne merksemda har auka, samt at grunnlaget for samarbeid mellom kommunale og private aktørar har vorte betra gjennom betra prosessar og auka innsats frå sentrale aktørar.

I eit veldig skoglandskap i Austerrike ligg Güssing. For femten år sidan var dette ein av dei fattigaste regionane i landet med stor mangel på arbeid blant dei 4000 som budde der.

Så fekk nokon det for seg at dei kunne satse på det dei hadde aller mest av: skog. I 2001 etablerte Güssing ein kraftstasjon basert på biomasse, og sidan då har dei klart å skape over femti nye føretak og 4000 arbeidsplassar.

Regionen får inn over tjue millionar kroner årleg, og frå 2006 var regionen i stor grad sjølvforsynt med drivstoff, varme og elektrisitet.

Ein idé om kva som er mogleg

– Det er sløseri å prøve å utvikle ting som andre har utvikla før. Det er smartare å hente kunnskap og forsking frå andre land og så utvikle det vidare sjølv, meiner professor Jan Frick ved Institutt for økonomi og leiing ved Universitetet i Stavanger.

Han har dei seinare åra vore prosjektleiar for det norske bidraget i EU-prosjektet KISoLL (2006–2009) kor målet har vore å skape fleire kunnskapsbaserte næringar og arbeidsplassar på lokalt nivå.

Rogaland har samarbeida med partnarregionane i Niedersachsen i Tyskland, Tartu i Estland og Burgenland i Austerrike. Forskarane har følgt ulike prosjekt i regionane for å sjå nærmare på kva som må til for å få ny teknologi og nyetableringar ut til grisgrendte strøk.

– Eg var ikkje klar over kor like dei tynt befolka regionane i Europa er, og dermed også kor stor teknologioverføringsverdien er. Eg er ikkje i tvil om at ved å setje i gang nokre prosjekt etter modell frå Güssing vil vi kunne skape nye arbeidsplassar og innovasjon også for kommunane i Rogaland, seier Frick.

Professoren har forska på dei prosessane som skal til for at nye idear og teknologi resulterer i nyetableringar av næringsverksemder.

Og rapportane som er laga, viser korleis dei fire partnarregionane i Europa har bygt opp felles kompetanse gjennom prosjektet.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Det er tre faktorar som skal til for å lukkast når det gjeld nyskaping i distrikta. Det eine er å sjå på kva idear som er moglege. Derfor reiste vi ut i Europa for å finne nokre.

– Den andre faktoren er å få i gang ein prosess med ein god balanse mellom det private og det offentlege. Ein må etablere gode koplingar mellom forskarar, bedrifter og regionale styresmakter, den såkalla trippelheliksmodellen, for å skape nye næringar ute i distrikta. Det var også ein av suksessfaktorane i Güssing.

– Ein tredje og veldig viktig faktor er at ein har ein aktør som kan koordinere og dra prosessen. Nokon må ta saka, seier Frick.

Aktør og igangsetjar

Ein aktør som tok saka, heiter Odd Harald Olsen. Han er leiar for Ryfylke IKS, eit interkommunalt selskap som jobbar med samarbeidsprosjekt på vegne av seks kommunar i Ryfylket.

Olsen var ein av dei viktigaste aktørane i prosjektet Bioenergi i Ryfylket, som var eit av KISoLL sine delprosjekt. Olsen har sjølv vore i Güssing ei rekkje gonger. Og han har presentert bioenergiløysingar for alle kommunane i Ryfylket.

– Vi brukte KISoLL-prosjektet til å setje i gang ein kartleggingsprosess i regionen vår. Vi sette fokus på at skog også kan vere ein viktig ressurs for distriktet vårt. Ikkje slik at vi ikkje visste noko om dette frå før, men vi vart meir bevisste på skogen som ein viktig ressurs i framtidig energiproduksjon, fortel Olsen.

Næringsaktør og bioenergigründer

Ryfylke Bioenergi AS kan produsere flis tilsvarande ei energimengd på 50 gigawattimar, eller 50 millionar kilowattimar. Dei står klare til å utvide anlegget til produksjon av 100 gigawattimar, dersom rammevilkåra for produksjon blir betre.

Dei sel biovarme til Fister Smolt og skal frå 1. januar 2010 også levere biovarme basert på flis til SPA-Hotell Velvære og kommunale bygg.

– Eg har merka ei auka merksemd det siste året når det gjeld bioenergi, seier Robijne Verstegen.

Ho er dagleg leiar for Ryfylke Bioenergi AS og tidlegare styreleiar for Bio Dalane AS i Eigersund.

– Noko av haldningsendringane har nok kome med den auka merksemda regionen har fått gjennom prosjektet Bioenergi i Ryfylket. Likevel ligg vi langt etter nabolanda Finland, Sverige og Danmark når det gjeld å ta i bruk bioenergi. Det er framleis slik at 70 prosent av norske husstandar blir varma opp med straum, seier ho.

– Biovarmeanlegg er basert på kjend teknologi, og dei er lette å drifte. Men best av alt: Vi kan redusere utsleppa med 100 prosent ved å gå over til biovarme.

– Men når vi ikkje kan tilby noko som er merkbart billegare enn straum, er vi i mange prosjekt ikkje konkurransedyktige. Vi har kapasitet til langt fleire kundar enn det vi har i dag, forklarer Verstegen.

Ho meiner marknaden er der, men etterlyser betre rammevilkår.

– Som privat aktør må ein etablere eit godt samarbeid med kommunal forvalting for å få til ønska framdrift. Heldigvis er kommunane i aukande grad opptekne av miljø og energi, fortel Verstegen.

Øvrigheit og skogsjef

Ein annan sentral aktør i Bioenergi i Ryfylket er Fylkesmannen, nærare bestemt fylkesskogsjefen Lars Slåttå.

Han er ein av dei som Odd Harald Olsen og Robijne Verstegen må samarbeide godt med om det skal bli nyskaping innan bioenergi i Rogaland.

– KISoLL-prosjektet har gjeve fornya interesse for og auka merksemd om satsing på fornybar energi frå skog, tømmer og flis blant næringsverksemder og politikarar i Rogaland.

Responsen har ikkje vore lik i alle kommunane, fortel fylkesskogsjefen.

Han meiner kommunane kunne vore meir modige enn dei til no har vore når det gjeld å ta i bruk bioenergi.

– Det er ingen som ikkje meiner at fornybar energi og bioenergi vil bli viktige i framtida. Denne krafta vil gjere seg meir og meir gjeldande, sjølv om det tek tid, seier han.

Krattskog

Professor Jan Frick ved Universitetet i Stavanger. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

No håper prosjektleiar Jan Frick at dei ulike aktørane held fram med samarbeidet.

Forskaren sjølv har for lengst sett i gang med nye prosjekt. Men ideen om kva som er mogleg i Rogaland og resten av Noreg når det gjeld bioenergi, ber han framleis på:

– No veks krattskogen fort. Det er eit aukande problem på bygdene at landskapet gror igjen. Sauene og geitene som beitte der før, finst ikkje lenger. I denne skogen ligg det eit enormt potensial for biovarme i framtida, seier professoren.

Powered by Labrador CMS