16 000 tonneren «Berge Bergesen» blir sjøsatt fra Rosenberg mekaniske verksted i Stavanger i 1951. (Foto: NTB Scanpix)

Avviser krise for norsk skipsfart

Auka konkurranse frå utanlandsk arbeidskraft og store endringar til tross: Den norske maritime næringa har klart seg betre enn ein kunne forvente etter 2. verdskrig.

Maritim arbeidskraft

På midten av 1960-talet hadde 20 prosent av gutar i alderen 15–19 år hatt arbeid til sjøs. På midten av 1970-talet var dette talet redusert til 12 prosent.

Rundt ein tredjedel av alle menn på 1970-talet hadde vore til sjøs for ein kortare eller lengre periode.

I 2011 var det 19 000 personar som arbeidde i sjøfarten. Det er ein liten oppgang frå 2003 då talet var 17 000.

Det meiner professor Stig Tenold ved Norges Handelshøyskole, som har sett på korleis den maritime arbeidskrafta i Noreg er blitt påverka av den auka globaliseringa etter 2. verdskrig.

– For mange vil det umiddelbare svaret på dette spørsmålet vere at filippinske sjøfolk har erstatta norske sjøfolk. Bildet er likevel meir nyansert enn som så. Vi har lukkast med ei omstilling som mange andre land aldri har klart, seier Tenold.

Den maritime næringa har gjennomgått store endringar i løpet av dei siste 70 åra, men Tenold meiner konsekvensane for den norske arbeidsstyrken i næringa likevel har vore mindre enn ein kunne frykte.

– For det første spelte olje- og gassnæringa ei avgjerande rolle. Dei tok opp mange av sjøfolka som blei ledige, og dette var arbeidskraft som var etterspurt. Dei hadde ein sterk maritim kompetanse som næringa var heilt avhengige av, seier Tenold.

Ingen permanent karriereveg

Frå midten av 1960-talet og fram til slutten av 1980-talet blei talet på norske sjømenn redusert frå over 50 000 til under 20 000.

Likevel meiner Tenold at dette er ein nedgang som har vore relativt uproblematisk.

Passasjerskipet «Stavangerfjord» fra Den Norske Amerikalinje i åpen sjø på vei mellom Norge og USA i 1956. (Foto: Henrik Laurvik, NTB Scanpix)

– For ein stor del av dei som segla i handelsflåten var dette ingen permanent karriereveg. Dette var personar som for ein kortare periode ville ut for å sjå verda. Men det er klart at det også her er utfordringar no. Skipsfarten var redninga for mange skuletrøytte ungdommar.

– Det er mykje vanskelegare for ungdommar å satse på denne karrierevegen i dag, seier professoren.

Mindre dramatisk

Inntoget av utanlandske sjøfolk på norske skip har også vore mindre dramatisk enn ein kunne frykte, hevdar Tenold.

Stig Tenold. (Foto: NHH)

– På 1950- og 1960-talet var dei fleste utlendingane som arbeidde i Noreg sysselsette på norske skip. Utanlandske sjøfolk, først frå Danmark og så frå Spania, var viktige fordi dei fungerte som svingkapasitet.

– Utlendingane vart henta inn som arbeidskraft når det var nødvendig, men samstundes var det dei som måtte gå først når det blei snakk om effektivisering, seier Tenold.

Tenold viser til 1950- og 1960-talet då andelen utanlandske sjøfolk auka markant.

– Problemet i denne perioden var at tilgangen på norske sjøfolk var svært avgrensa. Tilstrøyminga av utanlandsk arbeidskraft var heilt naudsynt for at den norske flåten kunne vekse vidare. Drivkrafta var ikkje å spare pengar – dei fekk like mykje i løn som dei norske sjøfolka, seier Tenold.

– På 1980-tallet, med utflagging til framandflagg og etableringa av Norsk Internasjonalt Skipsregister, fekk ein høve til å tilsette utlendingar på lokale vilkår, og først då vart den norske sjømann utkonkurrert på pris. Då var offshore-næringa god å ha, seier Tenold.

Kompetanse forsvinn

At ting har gått betre enn ein kunne frykte, betyr likevel ikkje at Tenold ikkje ser store utfordringar for næringa.

– Den kanskje største utfordringa er at vi er i ferd med miste noko av den maritime kompetansen. Sjøfolka som gjer landkrabbar av seg har mykje nyttig kunnskap om skip og hamnar.

– For eit høgkostland som Norge har høg kompetanse vore ein heilt avgjerande konkurransefordel, seier Tenold.

Referanse:

Tenold: Globalisation and Maritime Labour in Norway after World War II (pdf), discussion paper, Norges Handelshøyskole 2014.

Powered by Labrador CMS