– Kontakt gjev kunnskap

– Skulen er framleis avhengig av eldsjelene for å få til gode internasjonale prosjekt. Det meiner Marianne Aasen (Ap) og Dagrun Eriksen (KrF), leiar og nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– I Noreg er ein ikkje alltid klar over at læring handlar om å dela kunnskap, meiner Aasen.

– Me må hugsa at det føregår mykje smart i andre land. Det er lett å tenka: Kva har internasjonalisering med meg å gjera?

– Men har du som elev kontakt på e-post med ein frå Skottland på din eigen alder, eller får reisa til Tyskland som lærling og bygga hus, blir internasjonalisering plutseleg veldig konkret, seier Aasen, og viser til diverse EU-prosjekt som allereie finn stad.

Kvalitetsheving?

Eriksen peikar på at internasjonalisering i skulen skal føra til kvalitetsheving. Og skal læraren klara å vidareføra sine erfaringar til skulen, må rektor vera involvert i prosjektet.

– Eg har møtt lærarar som har deltatt i internasjonale prosjekt, og dei er heilt klare på at det gjev inspirasjon. Dei ser at dei blir ein del av eit større kunnskapsprosjekt, ved at dei kan læra av andre som gjer ting på ein heilt annan måte.

Komitéleiaren trur det er viktig å gje læraren fleksibilitet nok til å dra internasjonalisering inn i skulekvardagen.

– Dersom det blir for mykje sentralstyring, vert fleksibiliteten pressa. Krav om at undervisninga skal vera slik og slik gjev læraren ein stor ryggsekk å bæra. Det må vera plass til at læraren kan få tid til å tilpassa opplæringa, påpeiker Aasen.

Dagrun Eriksen, som også er KrFs utdanningspolitiske talskvinne, var med å utarbeida stortingsmelding nr 14, «Internasjonalisering av utdanning», som vart vedteken i februar 2009.

– Meldinga var utruleg spennande å jobba med fordi perspektivet også tok med grunnskulen, ikkje berre høgare utdanning. Dei som er elevar i dag skal jo etterkvart jobba i eit globalisert samfunn.

– Då er det eit poeng å læra andre språk og retta seg mot verda utanfor så tidleg som mulig. Men enno er ikkje internasjonal tenking integrert godt nok i skulekvardagen, legg Eriksen til og peiker på at den enkelte skulen er avhengige av eldsjelene for å få til gode internasjonale prosjekt.

Å ha kontakt med andre land gjer nordmenn meir audmjuke, trur Aasen.

– Det er mi erfaring. Å ha kontakt med andre kan definitivt førebyggja framandfrykt og rasisme. Ein får ei positiv sjølvkjensle, som ikkje handlar om nasjonalisme.

– Det er viktig at elevar får oppleva dette, understrekar Ap-politikaren, og viser til Israel/Palestina-konflikten som eit trist eksempel på korleis det går når fiendekulturen vert overført frå vaksne til born.

Praktisk sterke elevar

– Kva ser de som dei største utfordringane i norsk skule dei neste fire åra?

– Leiing og kompetanse, kjem det resolutt frå Aasen.

– I dag er det så mange ledd og bufferar mellom eleven og utdanningsministeren. Du har læraren, rektor, oppvekstleiar i kommunen, rådmannen, direktorat og storting.

Dagrun Eriksen viser til arbeidet med lærarutdanninga som har føregått dei siste åra som eit svar på utfordringa om å få betre og fleire lærarar i norsk skule.

– Læraren har ei nøkkelrolle, og det er heilt klart viktig å få både fleire og betre lærarar. Ei anna utfordring er fråfall i skulen. Kven er dei elevane som fell frå, og kva er årsaka?

– Me ser meir og meir at dei elevane som er lynande intelligente i hendene har utruleg få meistringsarenaer i grunnskulen. Til dømes er valfaga vekke, som tidlegare kunne vera praktiske pusterom, seier Eriksen, og legg til at ho nektar å kalla nokre elevar teorisvake.

– Eg kallar dei heller praktisk sterke. Det er jo ingen som kallar teoristerke elevar praktisk svake?

Marianne Aasen frå Ap (t.h.) leiar KUF-komiteen, og skal saman med blant andre Dagrun Eriksen (KrF) forma utdannings-Noreg dei neste åra.

Danna og utdanna

Norske skular deltek i ei rekkje internasjonale målingar, blant anna i OECD-undersøkinga som årleg resulterer i rapporten «Education at a Glance».

I 2009 slo rapporten fast at det er færre norske femtenåringar med høg kompetanse i både naturfag, lesing og matematikk, enn i dei andre nordiske landa.

KrF si utdanningspolitiske talskvinne er ikkje heilt sikker på om OECD-målingane yt norske lærarar og elevar rettferd. Ho etterlyser ein meir global måte å tenkja læring på, og hos UNESCO meiner Eriksen å sjå konturane av noko spennande.

– UNESCO opererer med fire læringssøyler: to know, to do, to live together og to be. Dette harmonerer bra med det som er uttalt i formålsparagrafen for opplæringslova. Her seier me nettopp at me skal både danna og utdanna, påpeiker Eriksen.

Ho ser gjerne at norsk skulevesen ikkje berre fokuserer på måleresultata frå OECD, men også på læringserfaringar frå Europa.

– Det finst sjølvsagt mange ulike læringssyn ute i Europa, og eg trur kunnskap om europeiske skuletrendar kan vera like nyttig som konkrete måleresultat. Me kan gjerne henta meir inspirasjon frå andre land.

Powered by Labrador CMS