Stort utbyte for skolar som satsar internasjonalt

Grunnskolar opplever stort utbyte av internasjonale samarbeid, ifølge ei ny undersøking. Manglande ressursar står ofte i vegen for skolane som ikkje er aktive. 

Publisert

Resultata kjem fram i ei undersøking utført av SIU, kor leiinga på 300 norske grunnskolar frå 1.-10 klasse har svart.

44 prosent av dei som svarte, opplyser at dei har deltatt i internasjonalt arbeid gjennom ulike program.

Motiva for å arbeide med internasjonalisering, er mellom anna å styrke elevane si internasjonale forståing, styrke språkfaga, og utvikle skolen.

– Skolane som engasjerer seg, gjer uttrykk for å ha svært gode erfaringar med internasjonalisering. Dei seier at dei tykkjer arbeidet er svært givande, både når det gjeld deira eigen og elevane si personlege utvikling, språk og interkulturelle forståing, seier seniorrådgjevar ved Avdeling for utredning og analyse på SIU, Stig Pedersen.

Det er difor grunn til å tru at fleire norske skolar vil ha stort utbyte av å inkludere temaet i undervisninga, meiner Pedersen.

Vel heller andre aktiviteter

Samtidig seier 49 prosent av skolane i undersøkinga at dei ikkje er aktive i internasjonale samarbeidsprogram.

– Nokre av skolane stiller spørsmål til kvifor dei skal satse på internasjonalisering, og oppgir særleg at dei ikkje kan prioritere arbeidet utan dediserte ressursar.

– Andre skolar gir uttrykk for at internasjonalisering er eit viktig tema, men opplyser at dei ikkje har tid og økonomi til dette arbeidet, seier Pedersen.

Av skolane som ikkje har deltatt i internasjonale samarbeidsprogram, oppgir over sytti prosent som årsak at dei prioriterer andre aktivitetar.

– Internasjonalisering må vere forankra i strategiar og knytt til pedagogisk verksemd, slik at skolane kan satse på det, seier seniorrådgjevar Stig Pedersen. Foto: SIU
– Internasjonalisering må vere forankra i strategiar og knytt til pedagogisk verksemd, slik at skolane kan satse på det, seier seniorrådgjevar Stig Pedersen. Foto: SIU

På spørsmål om hindringar i arbeidet med internasjonalisering oppgir flest skolar mangel på tid, økonomiske ressursar og omfattande søknadsprosedyrer som årsakar.

– Dette bekrefter biletet av at presset på skolane er stort. Internasjonalisering konkurrerer om ein plass i undervisninga med mange andre viktige tema og satsingsområde.

For SIU er det viktig at internasjonalisering ikkje blir eit tillegg til den pedagogiske verksemda til skolen, men ein ressurs for betre kvalitet.

– Det at søknadsprosessane for å delta i skoleprosjekt er krevjande, har nok òg stor betydning for grunnskolane. På vidaregående skole er det i større grad sett av eigne stillingsprosentar for å jobbe med internasjonale prosjekt, seier Pedersen.

Treng forankring hos skoleeigarar

Funna bekreftar inntrykket frå ei anna SIU-undersøking frå 2010, retta mot skule eigarar; nemleg at internasjonalt arbeid i grunnskolen ikkje alltid er forankra hos skoleeigarar og -leiing.

– Fylka har i større grad enn kommunane forankra internasjonalisering i strategiane sine.

På grunnskolane ser det òg ut som at det i større grad er engasjerte enkeltlærarar, dei såkalla ildsjelene, som får delegert arbeidet frå leiinga, seier Pedersen.

– SIU ser ut ifrå undersøkinga at skolane som engasjerer seg har stort utbyte. Det er difor viktig å nå fram til skoleeigarar med bodskapet om at internasjonalisering må vere forankra i strategiar og knytt til pedagogisk verksemd, slik at skolane kan satse på det.