2009 er EUs år for kreativitet og innovasjon. – Når finanskrisa er over, vil dei som har investert i kreativitet og nyskapning ligga foran, trur Ján Figel’, EUs kommissær for utdanning, kultur og ungdom.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Slovakiske Ján Figel’ har vore medlem i Europakommisjonen sidan 2004, og har blant anna EUs program for livslang læring som ein del av sine oppgåver.
Ta sjansar
– Har EU meir fokus på utdanning no enn før den økonomiske krisa slo til for alvor?
– EU har lenge meint at kunnskap er ein avgjerande faktor for å vera konkurransedyktig. Verdien ved overføring av kunnskap frå forskings- og utdanningssektoren til næringslivet er uvurderleg, seier kommissæren.
– 2009 er EUs år for kreativitet og innovasjon. Kva nytte kan dette ha for utdanningssektoren?
– Dette året kan hjelpa oss å fokusera på korleis kreativ læring kan få større plass i skulen. Å vera kreativ handlar gjerne om å læra korleis ein tileignar seg kunnskap. Det kan innebera å ta initiativ, å tenka analytisk, og å ta sjansar.
– For dagens generasjonar er det til dømes heilt utenkeleg at land innan EU skal gå til krig mot kvarandre, og dette botnar i forsoningsprosessen som fann stad i Europa etter andre verdskrig. EU er eit eksempel på at innovasjon ikkje berre høyrer saman med økonomisk utvikling, slik mange tenker.
Best i fotball
Nytenking la også grunnlaget for Bolognaprosessen. I 1999 signerte utdanningsministrar frå 29 europeiske land Bologna-deklarasjonen, med ei målsetjing om å etablera eit felleseuropeisk høgare utdanningsområde innan 2010.
Innføring av ein felles gradstruktur, to nivå i utdanninga (bachelor- og mastergrader) og innføring av eit felles studiepoengsystem (ECTS) er sentrale element.
Sjølv om Bologna-prosessen ikkje var eit initiativ frå EU, er Figel’ tydeleg på at EU engasjerer seg sterkt i Bologna.
– Er det frustrerande å vera kommissær for politiske område som er styrt nasjonalt, og som ikkje har ein felles europeisk politikk?
– Når det gjeld utdanning, synst eg nærleiksprinsippet fungerer godt (det at avgjerder vert tekne så nær dei det gjeld som mulig). Likevel er der behov for meir samarbeid innan utdanningssektoren for å dra nytte av kvarandre.
– I dag kan EU-borgarar dra om lag kvar dei vil, men kunnskap kjem seg ikkje så lett over grensene. Difor har me behov for system som kan samanlikna til dømes norske og slovakiske akademiske titlar, seier kommissæren.
– Europa har ei utruleg rik historie når det gjeld utdanning og akademisk virke, men likevel er dei mest kjende universiteta i verda stort sett amerikanske, som Harvard, Princeton og Berkeley.
– Eg meiner Bologna-prosessen moderniserer Europas tradisjonsrike universitet. Førebels er Europa best i verda i fotball, men ikkje innan høgare utdanning, smiler kommissæren.
– Bologna-prosessen har no 46 deltakarland. Korleis ser du på at mange seier denne prosessen skapar ein ”Festung Europa” innan høgare utdanning?
– Europa byggjer ikkje vegger mot verda utanfor, kjem det bastant frå den slovakiske utdanningskommissæren, som viser til Bologna Policy forum oppretta under Bologna-konferansen i april 2009.
Annonse
– Dette er etablert for å sjå korleis ein også kan samarbeida globalt innan høgare utdanning. Mange kontinent viser stor interesse for den europeiske modellen, blant anna Latin Amerika, som no ser på korleis dei kan få i gang liknande reformer.
Auka studentmobilitet
Eva Egron-Polak, generalsekretær i International Association of Universities (IAU), er einig med Figel’ i at Bologna-prosessen vil føra til ei kvalitetsheving i utdanningssektoren.
– Eg trur også Bolognaprosessen på lang sikt vil føra til auka studentmobilitet. I verdssamanheng representerer Europa no verdiar som utdanning for alle, eit offentleg gode som mange stader ikkje er tilgjengeleg.
– Bologna-prosessen vert følgd nøye av den internasjonale utdanningsverda og påverkar også endringar utanfor Europa, seier Egron-Polak.
IAU har 609 institusjonar frå heile verda som medlem, og følgjer nøye utviklinga av eit felles utdanningsområde i Europa.
– Her er også ein risiko for at andre regionar sakkar akterut. Men EU signaliserer kraftig at dei ønskjer samarbeid både mellom institusjonar i Europa og med institusjonar frå andre verdsdelar, seier Egron-Polak.
Har ekspertise
Kommissær Figel’ stadfestar at EU er avhengig av andre organisasjonar for å skaffa seg nok data om utdanningssektoren i Europa.
– Me samarbeider stadig meir med organisasjonar som OECD, Unesco og Europarådet. EU er avhengig av datainnsamling og statistikk for å vita meir om utdanning i Europa, og desse organisasjonane har den typen ekspertise som trengst for å samla både europeisk og global informasjon.
– EU finansierer blant anna delar av PISA, ei OECD-undersøking som tek føre seg kunnskapsnivået til femtenåringar, fortel kommissæren.
– PISA gjev oss viktig kunnskap, ikkje minst fordi politiske avgjerder i EU stadig oftare vert tekne på bakgrunn av fakta, påpeiker Figel’.
Annonse
No ser han ser fram til resultata frå PIAAC – ei undersøking for vaksne tilsvarande PISA, med oppstart i 2010.