Ikkje eit lyn frå klår himmel

Kvar dag blir 55 norske kvinner utsette for vald frå ein mann dei kjenner godt. Nesten kvar månad blir ei norsk kvinne drepen av partnaren sin. Må det vera slik?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Det tragiske Slettaelva-drapet, kor den 40-årige aleinemora og tromsøstudenten Kristin Kjelstrup vart drepen av sin tidlegare sambuar, aktualiserte eit av dei store norske samfunnsproblema: Vald i nære relasjonar og partnerdrap.

Sidan år 2000 er 80 norske kvinner drepne av partnaren sin, og ei av fire kvinner opplyser at dei har vore utsett for vald frå partnaren sin etter at dei fylte 18 år.

Dei siste åra har media i større grad fokusert på vald i nære relasjonar og partnerdrap. Mellom anna har mange partnerdrap-saker sett dagsorden i nasjonale media. Dette er ei endring frå før då partnerdrap-saker var tabuemne som i liten grad vart omtalte.

Ingunn Skre, som er fyrsteamanuensis i psykologi ved Universitetet i Tromsø, er likevel kritisk til media sitt fokus når dei omtalar partnerdrap.

– Alt for ofte framstiller media det som om drapa kjem som lyn frå klår himmel, også når det har vore mange forvarsel i form av truslar, bøn om hjelp eller valdsepisodar. I nokre saker har ein til og med visst at familien var i djup krise, og likevel vel media å fokusera på at drapet kjem svært overraskande, seier Ingunn Skre.

Feil forsikingsfokus

Det auka fokuset på vald i nære relasjonar og partnardrap dei siste åra har også ført med seg ei sterkare satsing på førebyggjande tiltak. Dei tre siste regjeringane har lansert kvar sin plan mot vald i nære relasjonar.

I løpet av året skal dessutan justisdepartementet setja i gong eit forskingsprosjekt på partnardrap i Noreg. Ifølge departementet skal prosjektet både fokusera på kva for kvinner som er i risikosona for å bli utsett for partnardrap, og på kva for menn som kan drepa.

Skre er ei av fleire som er svært kritiske til at ein i forskingsprosjektet skal fokusera på kva for kvinner som er i risikosona.

– Dette er å snu saka på hovudet, fordi dette fokuset får det til å høyrast ut som om kvinnene er problemet. Forskingsfokuset må vera på kva for menn som kan koma til å drepa sine partnarar, fordi det er dei som faktisk utfører drapet. Å sjå etter fellestrekk hos kvinnene er å framstilla det som om dei ber ein del av ansvaret.

Fotmerking er nødvendig

Ingunn Skre (Foto: UiT)

Kva veit me i dag om dei mennene som gjer partnerdrap?

– Mange av desse drapa kjem som eit resultat av at overgriparen er inne i ein krisesituasjon kor ein opplever tap av posisjon eller vørdnad. Samtidig veit me at ein del menn har ein meir aggressiv depresjon enn kvinner. Samlivsbrot, økonomisk krise og alvorleg sjukdom er eksempel på livskriser som kan føra til at menn kjem inn i ein depresjon kor dei ser drap av partnaren som einaste utveg, seier Skre.

– Kva for tiltak trur du på for å redusera omfanget av vald i nære relasjonar og partnerdrap?

– På eit meir overordna plan må me ha nulltoleranse for vald. Ein må læra barn og vaksne at det ikkje er akseptabelt å bruka vald. Dessutan må helsepersonell og politi alltid ha i bakhovudet at menn i krise kan bli desperate, og at dei derfor må våga å direkte konfrontera menn i krise om potensiell valdsbruk.

– Eg støttar også regjeringa sitt tiltak med elektronisk fotmerking av tidlegare overgrepsmenn. Erfaring viser at dagens besøksforbudsordning med valdsalarm fører til at politiet får beskjed for seint, seier Ingunn Skre.

Nytt nordnorsk senter

Medan partnardrap er den ekstreme forma for vald i nære relasjonar, er gjentekne valdsepisodar mot partnar i heimen den meir kvardagslege forma. Eit av dei tiltaka mot vald i familien som det har blitt fokusert på gjennom dei tre siste regjeringane sine handlingsplananar mot vald mot kvinner, er behandlingstilbod for valdsutøvande menn.

Ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge vart Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) starta opp som eit resultat av mellom anna dette i 2006. Ved sida av å arbeida med flyktninghelse og sjølvmords-førebygging, har senteret eit fagteam som arbeider med vald, familievald og seksuelle overgrep.

Jens Salamonsen, som er teamkoordinator for fagteamet som arbeider med familievald, understrekar at senteret har fleire fokus knytt til arbeid mot vald i nære relasjonar.

– Me er eit ressurssenter og tilbyr eit klinisk behandlingstilbod for menn som utøvar vald i nære relasjonar. Som ressurssenter tilbyr me undervisning ved høgskular og universitet i Nord-Noreg, og rettleiing av helsepersonell og sosialarbeidarar i heile landsdelen. Dessutan tilbyr me også eit individuelt behandlingstilbod for valdsutsette kvinner.

Sinnemestring

(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Det kliniske behandlingstilbodet for valdsutøvande menn som RVTS gir, er eit frivillig gruppebehandlingstilbod for sinnemeistring. Senteret tilbyr grupper på inntil åtte intensive behandlingsopplegg med eit møte kvar veke i 15 veker. Tradisjonelt har det vore lagt lite vekt på behandling av menn som er valdsutøvarar, og det er berre dei siste åra at det har vakse fram eit organisert klinisk tilbod for valdsutøvande menn.

– Valdsutøvarar har ofte ikkje blitt sett på som verdig trengande. Dessutan har det eksistert ein myte om at det ikkje nytta å behandla menn som utøvar vald, seier Salamonsen.

Forsking på sinnemeistringsgrupper i Trondheim har derimot vist at det er mykje å vinna på å behandla menn som utøvar vald. Over 90% av kvinnene som var partnarar til menn som deltok i sinnemeistringsgrupper, svarte i ei undersøking at behandlinga hadde hjelpt partnaren deira.

– Generelt sett vil eg seie at sinnemeistringsbehandlinga hjelper for mange, men ikkje for alle. For enkelte er det eit svært godt tilbod som fører til at dei gjennomgår store endringar i haldningar og åtferd i forhold til valdsbruk, medan andre berre lærer seg instrumentelt korleis dei skal greia å unngå å slå, seier Salamonsen.

Ynskjer breiare tilbod

RVTS arbeider no med å starta eit tilsvarande sinnemeistringsopplegg for valdsutøvande kvinner, og dei vil dessutan leggja stor vekt på å opparbeida kompetanse på vald i nære relasjonar i sosial- og helsetenester i distrikta i Nord-Noreg.

Salamonsen meiner likevel at senteret sitt tilbod ikkje er så godt som dei skulle ynskja seg.

– Me skulle gjerne ha gitt eit meir heilskapleg tilbod enn me gjev i dag. I dag har me rett og slett ikkje ressursar til å gje barn og partnarar av valdsutøvarar eit tilbod. Me ynskjer spesielt å gje eit tilbod til barn av valdsutøvarar.

– I nokre tilfelle får barna behandling hos andre institusjonar, men i alt for mange tilfelle får dei ikkje tilfredsstillande behandling, seier teamkoordinator Jens Salamonsen.

Powered by Labrador CMS