Mishandla etter brotet

For mange kvinner som vert utsette for vald frå partneren er det ikkje nok å bryte ut av forholdet. Dei opplever å bli oppsøkte og mishandla også etter brotet. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det å forlate ein valdeleg partnar er farleg for kvinnene. Likevel er det beste å bryte ut, seier Kjersti Alsaker.

Ho er stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen.

Alsaker har forska på livssituasjonen for kvinner som har opplevd å bli fysisk, seksuelt og psykisk mishandla av partnaren.

Funna i ei spørjeundersøkjing med 87 kvinner som har hatt opphald på krisesenter, teiknar eit dystert bilete av livssituasjonen deira.

Ikkje berre opplever svært mange av kvinnene fleire former for vald, valden er også noko som skjer ofte.

Statistisk sett er den farlegaste perioden for ei kvinne som bryt ut av eit valdeleg parforhold tida frå dei byrjar å orientere seg aktivt ut av forholdet, sjølve brotfasen dei første tre månadene, fram til eitt år etter brotet.

Det er då dei mest alvorlege valdsepisodane skjer og flest blir drepne av sin tidlegare partnar. 

Uviss kvardag

Kriteriene for å delta i undersøkjinga var at kvinnene forstod norsk og at dei hadde budd på krisesenter i minst ei veke. 87 kvinner deltok i den første undersøkjinga i 2003, medan 22 kvinner deltok i ein oppfølgingsstudie eit år etter.

I studien kjem det fram at 95 prosent av kvinnene har opplevd at det som er ein hyggeleg og trygg situasjon brått vendar om til valdsbruk. Dette er eit godt eksempel på korleis det er å leve i slike forhold ifølge Alsaker.

– Det viser kor uforutsigbar situasjonen er for desse kvinnene. Dei kan ikkje slappe av i sin eigen heim og er anspente til og med når dei søv, seier ho.

Mange av kvinnene har fysiske smerter som ikkje alltid kan knyttast direkte til slag og spark, mellom anna plager i nakke og rygg.

– Kvinnene opplever stadig psykisk mishandling som også kan sette seg i kroppen, seier ho.

Brot gjev betring

Kvinner som har vore utsette for overgrep frå partneren har behov for betre oppfølging frå helsevesenet ifølge Kjersti Alsaker.

Undersøkjinga viser likevel at det er gode sjansar for betring av helsetilstanden dersom kvinnene vel å bryte ut av forholdet. Også på det sosiale planet får livet deira eit oppsving.

I oppfølgingsstudien som vart utført eit år etter opphald ved krisesenter hadde kvinnene ei betre mental helse, og dei kjende seg meir vitale og opplagte.

Kvinner som hadde opplevd dei mest alvorlege fysiske valdshandlingane, hadde signifikant mindre betring i mental helse eitt år seinare. Det viser at deira behov for hjelp er størst.

– Dei opplever ei endring til det betre når det gjeld fysisk helse, då valden naturleg nok avtar etter brotet, men endringa når det gjeld det mentale var mindre for dei som hadde opplevd mest avlorleg fysisk vald i løpet av eit år, seier Alsaker.

På randen til sjølvmord

Kvinnene i studien har blitt målt utfrå to internasjonalt nytta spørjeskjema som måler livskvalitet, og både fysiske og psykologiske faktorar vert dekka av spørsmåla.

Studien viser at kvinner ved krisesenter har svært redusert livskvalitet i høve til andre kvinner på same alder.

– Livskvaliteten til desse kvinnene er alarmerande låg. Den mentale scoren er så låg at den tilseier at risikoen for sjølvmord er til stades, seier Alsaker.

Det mest oppsiktsvekkande er likevel tala som viser at kvinner som har vore utsette for vald frå partnaren har dårlegare livskvalitet enn andre som har vore utsette for alvorleg helserisiko.

Sjølv soldatar som har tenestegjort i krigssoner kjem betre ut enn kvinnene i undersøkjinga. Alsaker meiner at forklaringa mest sannsynleg ligg i opplevinga av tap av ein grunnleggande tryggleik og tillit til sine næraste.

– Ein soldat har uansett sine kjære og kvardagen heime. For desse kvinnene er valden noko som pregar kvardagen og dei opplever å tape tillit til den personen dei har valt å ha mest tillit til. Det har med kjensla av eigen verdi å gjere, seier ho.

Tøff prosess

Mishandlinga får ikkje berre fysiske og psykiske følger for kvinnene. Dei opplever ofte også å verte isolerte frå familie og vener, og fleire sluttar også å jobbe.

– Mange av kvinnene vert oppfatta som skulkarar i arbeidslivet, medan årsaka til fråveret ofte er at mannen nektar dei å gå på arbeid eller at dei ikkje tør grunna stygge blåmerke, seier Alsaker.

Ho meiner at det å vere i jobb er svært viktig for kvinner som lever med mishandling. Arbeidsstaden er ein plass der dei kan oppleve eigenverdi, og det å vere i jobb kan også vere ein faktor som gjer det lettare å bryte ut av forholdet, ifølge Alsaker.

Ho understrekar likevel at det å forlate partneren er ein vanskeleg prosess for svært mange.

– Det er snakk om å gjere det slutt med den som er din utvalde. Ein er forbunde heile livet gjennom barn og barnebarn, seier ho.

Treng støtte

For enkelte er prosessen så vanskeleg at dei vel å bli i forholdet. I slike tilfelle er det viktig å hjelpe kvinnene med tiltak som kan vere avgjerande dersom det igjen skulle oppstå trugande situasjonar.

– Dette kan vere tiltak som å utarbeide ein fluktplan, skaffe seg eige bankkort eller valdsalarm. For mange kan det også vere ein god idé å føre logg over valden og dermed bli meir bevisste i høve til overgrepa. Mange har ein tendens til å bagatellisere, seier Alsaker.

Ho understrekar at kvinnene treng mykje støtte, uavhengig av om dei blir i forholdet eller ikkje, og peikar på behovet for hjelp gjennom helsevesenet. No er arbeidet med å sikre eit helsefagleg tilbod i gong.

Frå 2007 kom også denne typen overgrep inn under legevaktmedisinen og kompetanse vert no bygd opp med overgrepsmottak ved legevakter i alle fylka i landet.

Alsaker håper at dette kan vere med på å gje betre oppfølging av kvinnene.

– Krisesentra er eit godt tilbod, men det er ikkje tilstrekkeleg, seier ho.

Powered by Labrador CMS