Altarskåpa på Trondenes fortel

Trondenes kirke utanfor Harstad har ei av Nordens flottaste samlingar av altarskåp frå mellomalderen. Men korleis vart desse kunstskattane brukte i den katolske messa?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei framstilling av Veronikas sveitteduk på predellaen på det nordre altaret i Trondenes kirke. (Foto: Rognald H. Bergesen)

- Altarskåpa var heilt sentrale element i tidesongen til dei katolske prestane. Dei utførde ein omfattande liturgi og song messe åtte gonger dagleg ved dei åtte altara som opphavleg stod i kyrkja, fortel kunstvitar Rognald Heiseldal Bergesen.

Ved høgaltaret hadde prestane forsamlingsmesse for seg sjølve, men ved sidealtara kunne dei ha privatmesser, og der kunne òg lekfolk vera med, viss messa til dømes vart halden for sjela til ein avdød familiemedlem.

- Elles deltok lekfolk på messe kvar sundag og ved helgenfestar – og dei var det mange av. Nattverdsmesse for alle var det berre ein gong i året, seier Bergesen.

Funksjonsanalyse av inventaret

I si ferske doktoravhandling “Sangere i det himmelske Jerusalem. Funksjonsanalyser av middelalderinventaret i Trondenes kirke” har han ikkje berre teke for seg altarskåpa og korleis motiva på desse vart brukte i messa, men også det andre mellomalderinventaret i kyrkja og sett dette i sin katolske samanheng.

Tre av altarskåpa står framleis i kyrkja i dag, og eitt er på Oldsaksamlinga i Oslo, men kjeldene fortel også om anna funksjonelt inventar.

- Der var også 12 korstolar og eit lektorium – det vil seia eit galleri som skilde koret og skipet i kyrkja og primært vart brukt til tekstlesing. Dette vitnar om at kyrkja var tilrettelagt for det store presteskapet som måtte til for å halde den omfattande liturgien gåande, seier Bergesen.

- Kyrkja på Trondenes var såleis det me kallar ei kollegiatkyrkje – altså ei kyrkje der eit fleirtalig presteskap budde og virka saman i eit kollegium.

I tørrfiskens tid

I tillegg til å halde messe i hovudkyrkja reiste prestane rundt og gjorde teneste i alle dei underliggjande kapella – annekskyrkjene – til Trondenes.

På slutten av katolsk tid omfatta det store prestegjeldet Trondenes heile 14 kyrkjer i Sør-Troms, og det var eit såkalla ‘kannikgjeld’ – det vil seia eit prestegjeld som kannikane i domkapitlet i Nidaros, altså prestane i den store kyrkjeadministrasjonen under erkebispen, hadde slått inn under seg og sat med inntektene frå.

Trondenes kirke utanfor Harstad. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

Trondenes kannikgjeld var av Noregs rikaste prestegjeld i slutten av seinmellomalderen – og såleis svært ettertrakta.

- Trondenes låg midt i det området der ein på 1400- og 1500-talet kunne hauste store rikdomar frå tørrfisk og tørrfiskeksporten ut på dei internasjonale marknadene.

- Inntektene og overskotet vart brukt og fordelt ulikt, men på Trondenes syner i alle fall desse rikdomane att i kyrkjekunsten og kyrkjeinventaret, seier Bergesen.

- Dei tre noverande altarskåpa er daterte til tidsrommet 1460–1500 og kjem frå nordtyske verkstader. Dei var alle bestillingsverk frå den nordlege kyrkjeprovinsen.

Altarskåpa brukte i messa – og som pilegrimsmål?

Koret i Trondenes kirke med sine tre altarskåp slik dei står i dag. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

- Noko av det viktigaste som gjekk føre seg ved altara for dei som deltok på messa, var å sjå nattverdsbrødet bli løfta. Det var den handlinga som utløyste transsubstansiasjonen – altså endringa som skjer når brødet blir til Jesu lekam.

- Dette står sentralt i katolisismen, og det nordre altaret er til dømes vigd til Kristi lekam – og St Olav og St Andreas, fortel Bergesen.

Både Olav og Andreas og alle dei andre helgenane på altara vart feira behørig med eigne festar i kyrkja – kanskje ved prosesjonar frå altar til altar eller ut og omkring kyrkja. Men også i den daglege liturgien vart motiva på altarskåpa flittig brukte.

- Skåpa kunne stå anten oppslått eller lukka – eller med fasteduk over, og det var ulike motiv på innsida og utsida. Det nordre altaret er kalla Mariaskåpet, for oppslått er Maria flankert av St Mikael og St Kristoffer, seier Bergesen.

Høgaltarskåpet har Den heilage slekta som hovudmotiv, medan på det søre altaret står Birgitta-skåpet, med Anna-sjølv-tredje (Anna, (mor til) Maria og Jesus) i midten og St Birgitta og St Katarina (dotter til Birgitta) av Vadstena på sidene. På utsida av fløydørene er også Den heilage slekta framstilt.

- Dessutan er det tre avlatsbilete som kan tyde på at kyrkja var eit slags lokalt pilegrimsmål der folk kunne søkje for å få tilgjeving og avlat: Veronikas sveitteduk, Smertensmannen og Maria i stråleglans, også kalla Den apokalyptiske madonna.

- I staden for å reise til Roma kunne ein gjera ei form for spirituell pilegrimsreise framom Veronikas sveitteduk.

Overraskande motiv

Kunstvitar Rognald H. Bergesen (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

Altarskåpa har eit mangfald av ulike motiv, og sjølv om kvart skåp har ein indre logikk, er det ikkje alt som passar med alt. Det er også ein del overraskande biletbruk, i følgje Bergesen.

- Den heilage slekta er på to av altara – eit svært sjeldan motiv i Skandinavia. Det syner den kvinnelege delen av slekta til Jesus attende til kong David. Men eg trur det er vald til Trondenes grunna den maritime tilknytinga og tørrfiskhandelen.

- Den heilage slekta vart gjerne sett på som byborgarskapet  – som jo styrde store delar av denne handelen – sitt sjølvbilete.

- Også motivet med Akakius og dei 10 000 martyrane på innsida av fløydørene av Birgitta-skåpet er uvanleg – i Noreg finn me det elles berre i Ringsaker.

- Eg meiner det kan knytast til krossfararideologien rundt den heilage Birgitta, og kanskje kan Trondenes si plassering i grenseområdet av den kristne verda – mot heidenske samar og russarar, vera årsaka til dette, seier Bergesen.

Men det er også mange motiv ein kan vente å finne langs kysten; St Anna og den heilage slekta er vernehelgenar for sjøfolk, og St Nicholas, som heile kyrkja er vigd til, er vernehelgen for sjøkapteinar.

- I koret finn ein også veggmåleri av båtar – ein slags graffiti – noko som tydeleg syner sambandet med fisket og sjøfart.

Noregs finaste?

Trondeneskyrkja er utan tvil ei perle. Er ho rett og slett Noregs finaste kyrkje?

- Slik kyrkja står i dag er ho i alle fall den mellomalderkyrkja i Norden med det mest rikhaldige inventaret, avsluttar Bergesen.

Referansar:

Bergesen, Rognald Heiseldal (2011): Sangere i det himmelske Jerusalem : funksjonsanalyser av middelalderinventaret i Trondenes kirke, doktoravhandling, Universitetet i Tromsø.

Powered by Labrador CMS