Annonse

Norsk presse skriv meir om religion

På 2000-talet har religion i større grad vorte eit tema i norsk presse, men dei ulike religionane blir omtalte innanfor ulike rammer.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox)

Redaksjonane er meir kunnskapsrike om islam - eit ikkje uventa resultat av at Noreg er vorte meir synleg fleirkulturelt.

Kristendomen får breaist og mest kompleks dekking, må tole mest kritikk og latterleggjering, men får også framstå som verdig og viktig.

Jødedommen blir ofte kopla mot Holocaust, staten Israel og den palestinske konflikten, medan nyreligiøsitet ikkje blir teke heilt på alvor.

- Religion er vorte aktualisert på nye måtar, jamsides med skapinga av nye identitetar, seier ein av forfattarane, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø, Siv Ellen Kraft.

Pressa - sekulær vaktbikkje?

Saman med religionsvitar Cora Alexa Døving har ho nyleg gjeve ut boka Religion i pressen.

Siv Ellen Kraft. (Foto: UiT)

- Me fann for eit par år sidan ut at me tenkte veldig ulikt om korleis religion vart dekt og framstilt i media. Eg hadde inntrykk av at det var mykje tull og tøys og kuriosa, medan Alexa meinte det ofte var alvorlege og prinsipielle saker som var tekne opp, fortel Kraft.

Slikt blir det forsking av.

- Me har konsentrert oss om nyheitsmedia og sett på dekkinga av religion generelt og dei spesifikke religionane spesielt. Dei tradisjonelle nyheitsmedia er framleis viktige for debatten i det offentlege rommet og er informasjonskanalar for å sjå korleis haldningar til religion blir utvikla, seier Kraft.

- Nyheitsmedia er sekulære arenaer som tek på seg ei sekulær vaktbikkje-rolle, samstundes varierer det kor grensene mellom det religiøse og det sekulære blir sett, og det får konsekvenser for korleis ulike religionar blir omtalte.

Forskjell på Snåsamannen og Märtha Louise

Tilnærminga til stoffet har vore tosidig. Forskarane har sitt religionsfaglege utgangspunkt, men dei har sett etter kva pressa sjølv legg til grunn og definerer som religion.

Cora Alexa Døving. (Foto: Universitetsforlaget)

- Snåsamannen, til dømes, blir i påfallande liten grad omtalt i religiøse settingar, sjølv om han både driv med telefonhealing og meiner krafta si kjem frå Gud.

- Han får ei positiv innramming som ein koseleg gamal bestefar-type, medan prinsesse Märtha Loiuise og hennar engleskole, derimot, blir delvis latterleggjort og omtalt som kuriøs, som mange andre nyreligiøse uttrykk seier Kraft.

“Islam i Tromsø”

Døving har skrive kapitla om jødedom og islam og fekk under arbeidet ei gåvepakke frå Tromsø: Avisa Nordlys sin artikkelserie “Islam i Tromsø” hausten 2011. Den skapte stor debatt i lesarbrevspaltene.

- Det ho vart mest overraska over, var kor lite artikkelserien handla om det tittelen målbar: “Islam i Tromsø”, fortel Kraft.

- Det handla om wahabisme, Sverige og Saudi-Arabia, og det vart lagt ei global ramme på det som etter tittelen å døme skulle vera ei lokal sak. Det var den store skumle islamske verda mot vesle godtruande Tromsø - ei noko merkeleg attgjeving av dei reelle maktforholda. Tilhøvet mellom minoritet og majoritet vart snudd på hovudet.

Forskarane meiner saka er eit illustrerande døme på grensesonene mellom legitim religionskritikk og islamofobi.

- Sjølvsagt er det både relevant og interessant å følgje pengestraumar og finne ut korleis til dømes ein moske i Tromsø blir finansiert, men det vart i denne artikkelserien, også redaksjonelt, gjort på måtar som fremja og spelte på frykt.

- I tillegg valde ein tilsynelatande å setja på trykk alt som kom inn av lesarinnlegg. Den typen rasistiske og islamofobe uttrykk som her kom på trykk er i riksavisene begrensa til kommentarfelt i nettutgåvene.

- Historia om den eine muslimen som hadde vore borti ekstreme rørsler, men som såg kor skummelt det var og ikkje valde den vegen - altså ei potensiell gladhistorie - vart gjort om til ei skummel sak om nesten-terror, seier Kraft.

- Denne saka føydde seg inn i eit mønster som ofte saker om islam blir ein del av - dei er knytta til konfliktar og potensielle problem. Buddhisme, derimot, blir ofte pakka inn i ei fredsramme og sjelden relatert til for eksempel diskriminering av kvinner og homofile.

I nasjonale rammer

Det som overraska Kraft mest i arbeidet med boka var kor viktig den nasjonale ramma var i religionsdekkinga.

- Det er i og for seg ikkje overraskande at minoritetsreligionane blir debatterte i forhold til ”kva som høyrer til her”.

- Derimot er det overraskande at det så gjennomgåande er ramma også i saker knytta til majoritetskulturen, og at ”kristne  verdiar” får så vidt mykje plass – gjerne kopla til det nasjonale me, avsluttar Kraft.

Powered by Labrador CMS