Farlege fiendebilete

Legitimeringa av kritikk mot politisk islam har ført til at muslimar er blitt fritt vilt,meiner minoritetsforskar Randi Gressgård.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Det er viktigare enn nokon gong å fokusere på konstruksjonen av «oss» og «dei andre» som føregår i innvandrings- og integrasjonsdebatten, seier Randi Gressgård, som er tilknytt forskingsmiljøet IMER ved Universitetet i Bergen.

- Dette polariserer debatten ved å skape fiendebilete. Dersom vi tek utgangspunkt i den såkalla krigen mot terror, er det snakk om liv eller død for mange millionar menneske,

- Muslimar har langt på veg blitt fritt vilt i denne krigen mot terror, og det er oppsiktsvekkjande kor langt ein kan gå. Dette gjeld ikkje berre brot på menneskerettar i krig, men også ytringar og handlingar på kvardagsplanet i vestlege land, Noreg inkludert.

Trakassert i kvardagen

Muslimar blir utsett for verbale åtak frå majoriteten. Fysiske åtak, altså hatkriminalitet eller rasistisk vald, er enno unntak, men skjer likevel.

Det er ikkje så mykje ut frå hudfarge som ut frå kulturelle og religiøse markørar, slik som religiøse hovudplagg, at ein blir skjelt ut og trakassert i kvardagen. Difor er det rimeleg å snakke om kulturrasisme.

- Det er helt klart ein skeivskap i kva som er legitimt å ytre i den offentlege debatten. Terskelen for å kritisere muslimsk religion er låg, mens den er langt høgare når det gjeld til dømes jødisk religion.

Muslimske minoritetar i Europa er utsett for større tilpassingspress, diskriminering og rasistiske åtak enn andre religiøse og etniske minoritetar, seier Gressgård.

Hardare debattklima

Ho meiner debattklimaet har hardna til i Europa generelt, med Danmark i tet. Norsk offentleg debatt er litt mindre krass, men dersom vi ser på debattane på Internett, finn vi mange ekstremistar.

- I nettdebattane kan folk ytre seg anonymt, noko som ikkje legg ein dempar på debatten. Dei mange såkalla blåbloggane dreier seg nesten utelukkande om muslimhets. Dei er gjerne skrivne av folk som ikkje slepp til i avisene fordi deira argument er usaklege.

- Nokon meier at det er bra for demokratiet at desse har fått ein kanal å uttrykkje seg i, men det er ikkje udelt positivt. Anonymitet skapar ikkje ein konstruktiv debatt. Det er vanskeleg å argumentere imot dei som argumenterer på basis av usaklege karakteristikkar av grupper, seier Gressgård.

Ho meiner at også andre deler av den offentlege samtalen er prega av kulturrasisme. Minoritetar, særleg muslimar, blir konstant karakterisert ved sin kultur, som om dei var fullstendig i kulturens vald.

Kultur blir forklaring på alt som er negativt, og det er ikkje vanskeleg å finne negative ting ved «dei andre» når ein legg sine eigne verdiar og sin eigen levemåte til grunn som standard for bedømming.

Kultur er ein svært forenkla forklaringsmodell, og Gressgård er overraska over at slike enkle forklaringar har så stor gjennomslagskraft på alle nivå av samfunnet, også i deler av samfunnsforskinga.

Folk og elite

I Europa ser Gressgård klare parallellar mellom innvandrings- og integrasjonsdebatten og EU-debatten. Sjølv om det framleis er sentrale skilnader på venstre og høgre i politikken, er det ei anna skiljelinje som bryt med høgre-venstre-aksen. Den går mellom det nasjonale «folket» og den overnasjonale «eliten».

"Randi Gressgård er minoritetsforskar. (Foto: Kjetil Alsvik)"

- Talspersonar for «folket» er imot EU og innvandring, og vi finn dei både på høgre og venstre side i politikken. Venstresidas dagsavis, Klassekampen, er til dømes for innvandring, men mot arbeidsinnvandring ut frå eit argument om å ta omsyn til «folket».

- Den liberale eliten på den andre sida blir assosiert med multikulturalisme som er blitt ein merkjelapp på dei som forsvarar mangfald. Dei blir sett i same bås som storkapitalen, for mangfald og økonomisk liberalisering er assosiert med kvarandre.

- Når det i Arbeiderpartiet har skjedd ei klar høgredreiing i innvandringspolitikken, er det truleg fordi dei fryktar at Fremskrittspartiet skal få monopol på å snakke om og til «folket». Altså er det kanskje litt misvisande å kalle det ei høgredreiing, då det like mykje er folk-elite-aksen som gjer seg gjeldande.

Gressgård meiner til dømes at det er påfallande at statsråd Bjarne Håkon Hansen lar seg inspirere av korleis dei handterer innvandring og integrering i Danmark.

Kulturrelativisme

«Eliten» blir ofte stempla som kulturrelativistar, som altså blir oppfatta negativt av talspersonane for «folket». Og i retur skuldar «eliten» sine motstandarar for å vere nasjonalistiske, trongsynte og harry.

Men når det gjeld dei såkalla kulturrelativistane, blir det færre og færre av dei, og i den radikale varianten er det praktisk talt ingen att.

Liberale akademikarar tek gjerne til orde for å respektere kulturelle særtrekk, men berre i den grad dei kulturelle praksisane ikkje går ut over grunnleggjande liberale rettar. Desse er konstitusjonelt forankra i Noreg, og dei internasjonale menneskerettane er nedfelt i norsk lov.

Det er så å seie ingen som meiner at individets rettar bør vike av omsyn til kultur eller religion. Heller ikkje blant minoritetane som lever i demokratiske land, er det lett å finne folk som forsvarar undertrykking og mord i kulturens eller religionens namn.

- Vel så viktig som å fokusere på korleis menneskerettane blir sett til side i minoritetskulturar, er det å sjå på korleis majoritetskulturen, altså dei som meiner å forsvare individuell fridom og demokrati, bryt med desse prinsippa. Den permanente unntakstilstanden er vår tids store liberal-demokratiske utfordring, hevdar minoritetsforskaren.

- Spørsmålet om kor grensa for kulturell toleranse skal gå, dreier seg mest om praksisar som ligg innafor lova og som dermed ikkje set individets rettar på prøve.

- Det gjeld til dømes praksisar som går på tvers av normer og verdiar som majoriteten set høgt, slik som likestilling mellom kjønna. Ein del konvensjonelle normer og verdiar er også nedfelt i sivile lover og regelverk i Noreg, lover og forskrifter som ikkje rører ved grunnleggjande liberale rettar.

- I slike tilfelle kan ein diskutere om dei legg unødige hindringar i vegen for praktiseringa av kulturelle og religiøse tradisjonar. Det gjeld blant anna strenge omsyn til helse, miljø og tryggleik som har lagt ein del hindringar i vegen for religiøse minoritetar når det gjeld tilgang til rituelt slakta mat, og høvet til å bære religiøse hovudplagg på arbeidsplassen.

Gressgård meiner at det ikkje er slik at grensa alltid går ved lova. Det finnest legitime etiske standardar som ein kan argumentere på basis av.

- For min del tykkjer eg det har vore altfor lite kulturrelativisme i den norske debatten og politikken, og då tenker eg på kulturrelativisme som metode, der ein i utgangspunktet prøver å forstå minoritetane på deira eigne premissar før ein feller moralske eller juridiske dommar.

- Men forsvararar av multikulturalisme eller kulturrelativisme må passe på at dei ikkje går i same fella som kulturrasistane ved å tilskrive «dei andre» ein statisk kultur.

Symbolsk krigføring

Krigen mot terror er blitt eit bakteppe for mobilisering mot muslimsk kultur og religion. I dag veit vi at krig i stor grad handlar om propaganda. Den symbolske dimensjonen av krigføring har blitt mykje viktigare.

Gjennom å presentere seg sjølve som fridomskjemparar og framstille motparten som totalitære undertrykkjarar, prøver ein å vinne propagandakrigen.

Dette er svært lett å gjennomskode, men samstundes er det raffinert, fordi ein spelar på symbolske strukturar som er djupt forankra i den vestlege kulturkrinsen. Dei verkar effektivt sjølv om dei kjem i form av openbar propaganda og løgn.

Folks førestilling om «ingen røyk utan eld» spelar nok ei vesentleg rolle, men desse mekanismane er samansatt. For minoritetsforskarar er det viktig å forstå symbolstrukturane og dei sosiale prosessane og dynamikkane som skapar og gjenskapar konstruksjonen av «oss» og «dei andre».

Ikkje minst er det sentralt å sjå korleis den normative eller moralske dimensjonen av desse førestillingane spelar inn. Men like viktig er det å fokusere på mekanismar for sosial og økonomisk ulikskap. Det er som sagt ein fare for at kulturforklaringar skal overskugge andre dimensjonar, og den faren gjeld òg for forskarar.

Gressgård er ikkje udelt pessimist når det gjeld framtida. Ho trur ikkje det er sikkert at polariseringa mellom ulike befolkningsgrupper og religiøse grupper kjem til å akselerere.

- Det er sjølvsagt vanskeleg å seie noko om framtida, for det er mange uventa ting som kan kome til å bli avgjerande.

- Det kan tenkast at det skjer ting på det politiske planet som gjer at det kan utvikle seg i ei anna retning, eller brytast opp i fleire retningar, langs andre eller fleire aksar enn dei vi ser i dag. Førestillinga om krig mellom sivilisasjonar er kanskje ikkje så levedyktig som det ser ut no.

- Det kjem stadig avsløringar om korleis fiendebildet er fabrikkert og planlagd i lang tid før ein militær intervensjon. Og avsløringar om brot på menneskerettar kan kanskje spele ei rolle.

- Det kan føre til at fleire får eit meir nyansert syn på konfliktane, og at eigne leiarar blir stilt til ansvar. Eit opinionsskifte eller i det minste ei forskyving i opinionen, slik som i klimaspørsmålet, må nok til for at storpolitikken skal påverkast, avsluttar Gressgård.

Powered by Labrador CMS