Over ein million norske arbeidstakarar har opplevd helseplagar det siste året på grunn av vedvarande stress på jobben, viser ei undersøking Markeds- og Mediainstituttet (MMI) har utført for Arbeidstilsynet. Det er 2 470 000 yrkesaktive i Noreg.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Under halvparten (42 prosent) har teke problema opp med leiinga, men to av tre som har presentert problema for sjefen meiner dette har vore til hjelp.
- Tala viser at belastninga frå stress i arbeidslivet omfattar mange. Samtidig ser vi at det nyttar å ta opp problema, seier Ivar Leveraas, direktør for Arbeidstilsynet.
Undersøkinga er gjennomført i samband med Europeisk arbeidsmiljøveke (veke 42), som i år hadde fokus på arbeidsrelatert stress.
67 prosent tek opp problemet
730 yrkesaktive personar blei spurde om dei i løpet av det siste året har opplevd så vedvarande stress på jobben at det har ført til helseplagar. 40 prosent svarte ja, 59 prosent nei, og ein prosent veit ikkje.
I følgje undersøkinga tilsvarer 40 prosent over ein million personar i arbeid, med ein feilmargin på 3,7 prosent.
67 prosent fortalde at dei hadde teke problema opp med nokon. Av desse snakka 42 prosent med sjefen, ti prosent med verneombodet, 26 prosent med kollegaer, og åtte prosent med tillitsvald (her var det mogeleg å svare ja på fleire alternativ). Dei som tok problemet opp med sjefen gav uttrykk for at det hadde vore meir til hjelp enn dei som snakka med andre.
arbeidsrelatert stress
Arbeidsrelatert stress blir definert som noko som blir opplevd når krava frå arbeidsmiljøet blir større enn dei tilsette er i stand til å takle (eller kontrollere).
Dette er definisjonen i ein oppsummeringsrapport om forsking på arbeidsrelatert stress for Det europeiske arbeidsmiljøorganet.
Den skal fokusere merksemda mot dei arbeidsrelaterte årsakene, og kontrolltiltaka som er nødvendige.
Kilde: European Agency for Safety and Health at Work: Research on Work-related Stress
Dårleg organisering og tilrettelegging
- Vi veit at dei eigentlege årsakene til at arbeidsmiljøet skaper stress ofte ligg i dårleg organisering eller tilrettelegging av arbeidet, mangelfull kommunikasjon, belastande overtidsordningar, prestasjonsbasert lønn, mobbing, vald eller truslar om vald, seier Leveraas.
Han meiner det er veldig viktig at verksemdene tek tak i problema, og arbeider systematisk gjennom sitt helse-, miljø- og tryggleiksarbeid.
- Først og fremst for å unngå problema, men også for å løyse problema som har oppstått. Denne undersøkinga viser at det er mogeleg, seier Leveraas.
Ei rekke stressrelaterte plager
To av tre tilfelle av lange fråvær frå jobben, og nesten like mange av dei nye uføretrygda, er knytta til psykiske lidingar eller muskel/skjelettplager. Årsakene til plagene og det fråværet dette fører til, er ofte psykiske og sosiale belastningar i arbeidet.
- Tidspress, dårlege samarbeidsforhold eller manglande verdsetting. Frykt for å ikkje mestre jobben eller for å miste den kan gi både psykiske plager og depresjonar, angst, søvnløyse, smerter i nakke, skulder og rygg. Undersøkingar viser at gode arbeidsforhold ikkje berre førebyggjer plager, men gir betre helse og velvære, seier Leveraas.
28 prosent i EU
I følgje den tredje europeiske arbeidsmiljøundersøkinga som blei gjennomført i 2000 av Det europeiske institutt for betring av leve- og arbeidsvilkår, blir arbeidsrelatert stress eit helseproblem for 28 prosent av arbeidstakarane i EU.
Arbeidsrealtert stress utgjer innanfor EU meir enn ein fjerdedel av sjukefråveret som skriv seg frå arbeidsrelaterte helseproblem. I følgje tal frå 1999 går ein ut frå at arbeidsrelatert stress kostar medlemslanda minst 20 milliardar euro i året.
Annonse
I statusrapporten Research on workrelated stress blir den eksisterande forskingslitteraturen oppsummert med ti kategoriar psykososiale farer. Her er ti jobbkarakteristikkar som kan bli opplevd som stressande, og/eller som på andre måtar har potensial for å føre til skade:
Organisasjonskultur og funksjon: Dårleg kommunikasjon, dårlege støttenivå for problemløysing og personleg utvikling, mangel på definisjon av organisasjonens mål.
Rollen i organisasjonen: Fleirtydige roller og rollekonflikter, ansvar for andre.
Karriereutvikling: Karrieren stagnerer, mangel på tryggleik, forfremjing, dårleg lønn, arbeid med lav sosial verdi.
Fridom til å ta avgjerdsler/kontroll: Lav deltaking i avgjerdsler, mangel på kontroll over arbeidet.
Mellommenneskelege forhold på jobben: Sosial eller fysisk isolasjon, dårleg forhold til leiinga, mellommenneskelege konfliktar, mangel på sosial støtte.
Forholdet mellom heim og jobb: Motstridande krav frå heim og jobb, lite støtte heime, doble karriereproblem.
Arbeidsmiljø og arbeidsutstyr: Problem i forhold til påliteligheit, tilgjengelegheit, vedlikehald og reparasjon av både utstyr og fasilitetar.
Oppgåvedesign: Mangel på variasjon, fragmentert eller meiningslaust arbeid, ubrukte ferdigheiter, mangel på tryggleik.
Arbeidsmengde/arbeidstempo: For mykje eller for lite arbeid, mangel på kontroll over tempoet, stort tidspress.
Arbeidstider: Skiftarbeid, lite fleksible arbeidstider, uvisse arbeidstider, lange eller usosiale arbeidstider.
Store endringar
Forskarane meiner også at dagens store endringar i organisasjonen av arbeidslivet intensiverer problemet med stress. Opplevinga av endring kan i seg sjølv vere årsak til stress - særleg der arbeidstakarane manglar kontroll, involvering og tryggleik.
Dette er nokre av måtane arbeidslivet endrar seg på:
Fleire og fleire eldre arbeidarar.
Auka bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, telearbeid.
Nedbemanning, tenesteutsetting, underkontraktar og globalisering med assosierte endringar i tilsettingsmønster.
Krav om fleksibilitet blir stilt dei tilsette, både når det gjeld tal, funksjon eller eigenskapar.
Ein aukande del av befolkninga arbeider i servicesektoren.
Sjølvregulert arbeid og teamarbeid.
Noreg samanlikna med EU
Samanlikna med EU er den norske arbeidsstyrken karakterisert av ein større andel tilsette (91 prosent av arbeidarane er tilsette, og ni prosent driv eiga bedrift, samanlikna med 84 prosent og 16 prosent i EU).
I Noreg er menn og kvinner like aktive i arbeidslivet, medan ratioen i EU er 58/42. Ein mindre del av dei norske arbeidarane er tilsette i industrien (25 prosent tilsette i produksjon mot EUs 21 prosent), og ein større del er tilsett i helse og utdanning (28 prosent mot EUs 17 prosent). Noreg har fleire arbeidarar i vikarbyrå (7 prosent), og færre med faste kontrakter.
Norske arbeidarar meiner ikkje jobben utgjer ein helsefare i like stor grad som arbeidstakarane i EU. Dei melder om mindre utmatting, ryggsmerter, og er generelt sett meir nøgde med sine arbeidsforhold.
Meir stress
Nordmenn gjer mindre fysisk arbeid enn gjennomsnittet i EU, og vi har kortare arbeidstider.
Annonse
Men: Norske arbeidarar rapporterer om meir stress og muskelsmerter. Vi arbeider meir intensivt, og rapporterer om mindre tid til å gjere jobbben.
Ein større del av den norske arbeidsstyrken har uregelmessig og ubekvem arbeidstid. Vi har også fleire deltidsarbeidarar.
Arbeidsgjevar skal kartlegge og setje i gong tiltak
Arbeidsmiljølova (§ 14) stiller krav om at arbeidsgivarar skal kartleggje arbeidsmiljøet og setje i verk tiltak når det blir avdekt problem i strid mot krava i lova. Lova krav også at arbeidet skal leggast til rette fysisk og organisatorisk slik at det verken går ut over den fysiske eller den psykiske helsa til arbeidstakarane (§ 7, § 12).
Arbeidstilsynet har i samarbeid med næringslivet utarbeidd ei spørjeundersøking som arbeidsgivarar kan bruke til å undersøke arbeidsmiljøet i eiga bedrift, og som kan fungere som ein måte å ta tak i problema på. Spørjeundersøkinga finn du i brosjyra Stress på jobben - gjer noko med det.
- Ta steinen ut av skoen
- Det er tre former for førebygging, sa den svenske stresseksperten, professor Lennart Levi på ein konferanse i Arbeidstilsynet i samband med starten av Europeisk arbeidsmiljøveke 2002.
- Ein kan gjere noko med årsakene til stress, ein kan konsentrere seg om å redusere reaksjonen på stress eller ein kan behandle helseeffekten av stress ved å behandle dei som har blitt sjuke. Du kan prøve all verdens terapi, men du kan også fjerna problemet ved å ta steinen ut av skoen, sa Levi.